JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

KommentarSidene 2-3

Splitting i sentrum

Det nye partiet Sentrum, med Geir Lippestad som initiativtakar, samlar underskrifter for å kunna stilla til val neste år.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
5762
20201120
5762
20201120

KOMMENTAR

Sjølv har Lippestad representert Arbeidarpartiet, men dei fleste av dei som melder seg til teneste for det nye partiet, har bakgrunn i Kristeleg Folkeparti. Mange ser på partiet som ei hamn for dei som vart heimlause då Kjell Ingolf Ropstad vann striden om retninga til KrF, og dei valde å bli støtteparti for Høgre og ikkje minst Frp.

Den politiske gevinsten av dette valet har vore liten, om ein ser bort frå at KrF har fått ansvar for nokre departement. Men verken abortpolitikken, miljøpolitikken eller flyktningpolitikken har endra seg nemneverdig. Og sjølv om Frp ikkje lenger kan sitja i Justisdepartementet og formulera uttalar som balanserer hårfint på grensa til rasisme, så er dei framleis det viktigaste støttepartiet til regjeringa.

Det er vel særleg denne frustrasjonen som har gjort at ein del tillitsvalde i KrF har valt Sentrum – mellom dei tidlegare nestleiar Dagrun Eriksen.

To ulike fløyer

Fram til oppgjeret mellom Hareide og Ropstad greidde KrF å halda saman to nokså ulike fløyer. Linja frå før 1968 var heilt utvitydig borgarleg. Det gamle KrF såg på seg sjølv som eit bolverk mot harde politiske ideologiar. Etter at nazismen var nedkjempa militært, var det kommunismen ein tok avstand frå, og av den grunn heldt ein også trygg distanse til sosialdemokratane.

Men utover på 1970-talet vart kristensosialismen ei utfordring på venstre fløy. Han utfordra KrFs trygge borgarlege profil ved å peika på skeiv fordeling av goda i verda, og det kom ein generasjon med skarpe sosialetiske analysar. Dei tona ned dei tradisjonelle hjartesakene, knytte til formålsparagrafar og familieverdiar, og gjorde sosial rettferd til eit meir sentralt tema. Utviklingshjelpa vart ei kjernesak for partiet. Unge kristne stod i denne tida i valet mellom KrF og SV, som etter kvart fekk eit større og større innslag av «teologisk konservative og politisk radikale», som slagordet var.

Den politiske breidda i KrF var både ein rikdom og ei utfordring. For venstrefløya var det ikkje utan vidare enkelt å garantera borgarleg styre. Og for høgrefløya var det ei utfordring at dei tradisjonelle hjartesakene, som abort og familiepolitikk, fekk for lite merksemd. Likevel var partiet avhengig av begge fløyene.

Det som skjer no, er at partiet – som har gått til høgre – likevel opplever lekkasje til det vesle partiet Dei kristne. Dei kjem neppe til å få representantar på Stortinget, sjølv om dei stiller lister. Men dei kjem til å få ein del stemmer. Hos dei blir gamle hjartesaker skjerpa: støtte til Israel, støtte til Trump fordi han støttar Israel, inspirasjon frå amerikansk politikk og rotfeste i nykarismatiske kyrkjelydar.

Med Sentrum vil KrF oppleva ein lekkasje til venstre, og den blir truleg større. Dei kan kanskje få inn ein representant, men dei får ikkje inn ei gruppe. Men dei tek stemmene primært frå KrF, og kanskje frå somme som er rotlause i eit identitetssøkjande AP.

Sekterisme

Interessant nok skreiv Ronald Fangen, ein av KrFs viktigaste ideologar like etter krigen (han døydde i mai 1946), eit essay der han argumenterte mot sekterisme. Essayet Sekt eller helhet var noko av det siste han skreiv. Han opplevde trettitalet som ein frustrerande periode i kultur og politikk, fordi det oppstod små sekter som samla seg om nokre læresetningar, somme frå Marx, andre frå Freud, atter andre frå fascistisk hald. Dei slutta å snakka saman.

Det var eit samanbrot for politikken, og det gjorde dei totalitære ideologiane mogelege, etter Fangens analyse. Når han ville støtta KrF, var det ikkje for å laga endå ei sekt. Han ville tvert om føra inn i politikken eit verdigrunnlag som alle kunne støtta seg til. Han såg føre seg at eit kristent verdigrunnlag kunne skapa grunnlag for ein samtale der dei politiske løysingane frå høgre eller venstre kunne vurderast opp mot noko større og meir varig, om lag som vi i dag ser på menneskerettane (som forresten er viktige i partiet Sentrum). I Fangens tid hadde vi ikkje noko multikulturelt samfunn, og mange hadde ein grunnleggjande respekt for kyrkjelege «grunnverdiar», som han kalla det: nestekjærleik, diakonalt og sosialt ansvar, respekt for menneskelivet og sivilisert framferd i debatten. Med krigen som bakgrunn måtte ein finna eit vern mot barbariet.

Eigne «danningar»

Det interessante i Fangens analyse er at ein ikkje kan oppnå dette ved oppsplitting i sekter. Hadde han opplevd det amerikanske valet i år, ville han fortvila. Heile kjensla av at alle – trass i alle politiske meiningsskilnader – er deltakarar i eit og same demokratiske prosjekt, er mildt sagt svekt. I forlenginga av dette kjem mistenkeleggjering, eigne «sanningar» og manglande respektiv for objektiv sanning – nett det som skremte han på trettitalet.

Nye parti kan stundom vera nødvendige, fordi nokre saker er blitt heimlause, eller fordi ei fløy i eit parti har fått overmakta. Men skal ein unngå den sekterismen Fangen var så redd for, må ein samla kreftene. Tre parti med kristenpolitisk grunnlag er ikkje tre gonger så bra som eitt, det er øydeleggjande. I staden for å vera ei stemme som samtalar med heile det politiske miljøet, blir ein redusert til ein intern krangel.

Den einaste sjansen den kristenpolitiske retninga har, er at KrF blir slik at sentrumstilhengarane kan kjenna seg heime der. Eg forstår at dei melder seg ut, slik stoda er no. Men blir det ikkje ei ny samling, vil nok soga til KrF vera ved vegs ende. Og Sentrum er for lite til å overta.

Jan Inge Sørbø

Jan Inge Sørbø er professor ved Høgskulen i Volda og fast skribent i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Tre parti med kristenpolitisk grunnlag er ikkje tre gonger så bra som eitt, det er øydeleggjande.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Høgpatogen fugleinfluensa spreier seg stadig og har no råka mjølkekyr i USA.

Foto: Rodrigo Abd / AP / NTB

DyrFeature

Influensa-alarm

I mars i år blei det slått full smittealarm i USA. Fugleinfluensa er no funne i meir enn 40 mjølkekubesetningar frå ti ulike delstatar.

Arve Nilsen

Foto: Terje Pedersen / NTB

Ordskifte
Gunhild AlvikNyborg

FHI svikter sitt samfunnsoppdrag

«Det er svært viktig at FHI er tydelig overfor publikum på at de ikke jobber med årsaken til long covid.»

Teikning: May Linn Clement

Ordskifte
Halvor Tjønn

Å forveksla aggressor med forsvarar

«Etter at Putin kom til makta hausten 1999, har Russland ført ei heil rad med krigar.»

Den nyfødde kalven.

Den nyfødde kalven.

Foto: Hilde Lussand Selheim

Samfunn
Svein Gjerdåker

Ei ny Ameline er fødd

Vårsøg – også kalla Tripso sidan ho var så skvetten som ung, spissa øyro for ingenting og trippa med beina inn og ut av fjøset – fekk ein ny kalv natt til 13. mai.

I framgrunnen står skulpturen «Le Combattant» (1961) av Sonja Ferlov Mancoba, bronse.

KunstMeldingar

Tungvektar med oppsikts­vekkande manglar

Kunstsilo trona mot blå himmel i Kristiansand på opningsdagen, laurdag 11. mai 2024. Vegen frå idé til ferdig museum har vore lang og prega av konfliktar. Det står att å sjå kva Kunstsilo kan bety for fastbuande og tilreisande. Tangen-samlinga er kanskje verdas største samling av nordisk kunst frå 1900-talet, men er ho representativ for perioden, og er det så nøye?

Mona Louise Dysvik Mørk

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis