Kommentar

Sjå det i augo

Eg les Helga Flatlands romantrilogi om norsk krigføring i Afghanistan. Innimellom ser eg på meldingane frå konflikten kring Korea. Det slår meg at fleire av aktørane burde lesa Flatlands romanar.

Publisert

Helga Flatland skreiv tre bind om tre gutar som verva seg til dei norske styrkane i Afghanistan, og som vart drepne då dei køyrde på ei landmine: Bli hvis du kan. Reis hvis du må (2010), Alle vil hjem. Ingen vil tilbake (2012) og Det finnes ingen helhet (2013). Ho gir gode skildringar av kven desse tre gutane er, og kven som er omkring dei. Ho gir også sterke skildringar av kva som skjer med dei etterlatne: foreldre, søsken, kjærastar, naboar. Det tek tid å koma over tapet av eit familiemedlem, om det i det heile teke går. Flatland skriv nærare 700 sider om temaet. Og ho gjer det svært godt.

Det kan altså skrivast tusen sider om kva det vil seia å missa ein person i krigen. Smerta over tapet breier seg i ringar frå dei næraste og utover i nabolag, kollegafellesskap, slekt og kjenningar. Flatland viser også den enorme distansen mellom gravferdstalane til statsminister og forsvarsminister og realitetane dei snakkar om. Dei tre ungdommane blir gjort til nasjonale heltar. Dei ofra livet sitt for fedrelandet, blir det sagt.

Oppdikta

Men dei tre hadde svært lite av idealisert motivasjon. Dei reiste dels fordi dei ville bort frå bygda og eit kjedeleg kvardagsliv, og dels fordi dei ville bli rike og koma heim att som heltar. Ansvaret for at dei miste livet ligg hos forsvar og politikarar, som lokkar ungdommar med mangelfull kunnskap om krig og konflikt inn i farlege oppdrag, og deretter held heroiske takketalar når dei er borte.

Flatlands personar er oppdikta. Men krigen er verkeleg nok, og den norske deltakinga er ikkje over. Den nye utanriksministeren vår sende nyleg fleire norske soldatar til landet, og retorikken var den same: Dette var viktig for Noreg og godt for Afghanistan. Det er store ord og feitt flesk: Når til og med ein tidlegare norsk forsvarsminister (Bjørn Tore Godal) har konkludert med at innsatsen i Afghanistan på dei fleste punkt har vore mislukka, skal det god mage til å stå i Stortinget og hevda det tvert motsette. Men så skjedde. Sanningskriteriet er det same som alltid i norsk forsvarspolitikk: at det Nato og USA seier, er rett og sant. Endå alle, dei norske politikarane inkludert, veit at slik er det slett ikkje.

Farleg spenning

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement