Kommentar

Retten til å vera krenkt

Lita tue kan velta stort lass, og lita sak kan vekkja stor debatt. Det kan ein trygt seia om krenkingsdebatten, som vart utløyst av noko nært ei ikkje-sak: at finansministeren var utkledd som indianar.

Publisert

To viktige prinsipp står mot kvarandre i denne diskusjonen. Det eine handlar om at det er prinsipp, enten som lover eller etiske normer, som skal regulera samværet mellom menneske. For lova og etikken er vi alle like. Den faktiske ulikskapen mellom menneska er ikkje noko argument mot likskap for lova, men eit sterkt argument for. Den rike mannen og Lazarus skal ha det same vernet av lova. Nettopp fordi dei er så ulike i rikdom og makt, skal lova vera lik for dei.

At det blir synda mykje mot dette, viser berre kor viktig prinsippet er. Når det gjeld å såra grupper eller individ, vil dei prinsipielle visa til lova. Du kan ikkje klaga på at du er såra eller krenkt, dersom motparten din ikkje har brote lova. Og lova er lik for alle. Kan du driva satire over rikmannen frå Bærum og fruene på Frogner, må samar og innvandrarar også tola det.

Makt og avmakt

Det andre prinsippet handlar om makt og avmakt. Det kan formulerast slik: Det står ikkje til den mektige å definera kva den avmektige skal tola. Dei som utrydda eller jaga ei heil folkegruppe, har mista retten til å bestemma kor mykje denne gruppa skal tola. I 1950 ville det vera djupt uanstendig om tyske styresmakter gav seg til å definera kor mykje ein skulle ha lov til å driva ap med dei europeiske jødane, som dei hadde gjort alt for å utrydda. Berre den avmektige kan fortelja kor vondt det gjer og kor mykje ein kan tola. Det er ikkje vanskeleg å finna døme på at ein har brote med dette prinsippet. Og dei som primært tek utgangspunkt i det første prinsippet, at det skal vera like rettar for alle, er ofte på makttoppen. Det er høgt utdanna juristar, som svært ofte kjem frå dei mest ressurssterke samfunnslaga, som har det som oppgåve å definera rettane til folk. Og er dei flinke, gjer dei dette meisterleg. Men dei kan ha dette eine blindpunktet: Dei ser ikkje eiga makt, og dei ser dermed heller ikkje andre si avmakt. Det er vanskeleg for oss alle. Så dersom professor dr. juris Sofus Staffenfeldt definerer kor mykje dei bustadlause i Oslo eller dei mest ressurssvake innvandrarane skal tola før dei blir krenkte, må han rekna med eit taust eller uttalt raseri som svar.

Dersom ein legg det siste prinsippet til grunn: at makta skal vera varsam med å diktera kva avmakta har lov til, vil det føra til stor vekt på at ein ikkje skal krenka nokon. Blir denne vektlegginga for tung, vil prinsippet om likskap for lova tre attende. Ein skal behandla alle likt, men dei krenkte må likevel gå først. Dei som er offer, skal behandlast betre enn andre. Men å reindyrka denne tanken vil i første omgang gå utover likskapstanken, og i neste omgang gå utover offera.

Offertstatus

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement