Kommentar

Pustepause i fusjonsraseriet

Siste nytt frå regionreforma: Forhandlingane om konstruksjonen Viken blir lagde på is.

Kommunal- og moderniseringsminister Monica Mæland og fylkesrådsleiar i Troms, Willy Ørnebakk (Ap) fekk ikkje finnmarkingane inn i folden. Det nye Stor-Troms og Viken er berre to av mange døme på forviklingar i tidsalderen til fusjonsraseriet.
Kommunal- og moderniseringsminister Monica Mæland og fylkesrådsleiar i Troms, Willy Ørnebakk (Ap) fekk ikkje finnmarkingane inn i folden. Det nye Stor-Troms og Viken er berre to av mange døme på forviklingar i tidsalderen til fusjonsraseriet.
Publisert

Østfold, Akershus og Buskerud blir kanskje ikkje éin region med utstrekning frå Hallingskarvet til Svinesund. Frå før står reforma i stampe i Finnmark og Troms, som vi veit.

Det kan kanskje gje oss litt tid til å reflektera. Kor store einingar er eigentleg tenlege? Kva skal løysast lokalt, nasjonalt og internasjonalt? Og ikkje minst: Kva slags faktorar skal vera med når ein diskuterer storleik?

I regionreforma er det tydeleg at folketal og økonomi er viktige indikatorar. Men geografisk storleik er definert ut; sjølve rommet er borte. Dei 1000 kilometrane frå Vardø til Nordland er definerte bort av regionmakarane. Det same er kulturen. Det som måtte finnast av kulturelle skilnader mellom det austlege Finnmark og det urbane Troms, blir borte i desse reknestykka. Men det er nettopp frå det forsvunne rommet motreaksjonane kjem.

Dei to dagsaktuelle sakene – det nye Stor-Troms og Viken – er berre to av mange døme på forviklingar i tidsalderen til fusjonsraseriet. Det er framleis forviklingar i kommunesektoren. Og konsekvensane av dei store fusjonane i høgre utdanning har vi berre sett starten på.

Skulesentralisering

Medan vi tenkjer, i den vesle pustepausen som luftslottet Viken har skaffa oss, vil eg minna om eit intervju den då nypensjonerte Kjell Bondevik gav på syttitalet. Han var kjend som ein tvers gjennom ærleg og heiderleg politikar, og då han fekk spørsmål om kva som var hans største feilgrep, svara han ærleg også på det. Det var då eg var med på sentraliseringa av skulane på sekstitalet, sa han. Det var den største feilen.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement