JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

KommentarSidene 2-3

Nei til ja-politikk en

Norske politikarar er kunstig positive. Det bygger luftslott og øydelegg sjansar til å styre utviklinga.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
5030
20180209
5030
20180209

2018 er eit velsigna, politisk kvileår. Ikkje eit einaste val, ikkje ein einaste valkamp. I staden er det tid for å ta dei lange diskusjonane, bruke dei tunge, meiningsfulle orda, stille dei vanskelege spørsmåla og gje svar. Eller?

Det synest ikkje som om politikarane våre nyttar høvet. I staden vert det snakka – og skrive – i titlar. Og nokre titlar er lysande av positivitet, framtidstru og framsnakking.

For skal vi tru styrande norske politikarar, er det verste ein kan gjere å snakke negativt om samfunnet ein er sett til å forvalte. «Den største trusselen mot levende distrikt er Senterpartiets nedrakking på alt som skjer i Distrikts-Norge», skriv samferdsleminister Ketil Solvik-Olsen i Dagbladet 23. januar, før han går i gang med å ramse opp alt som går bra: «Fra næring etter næring hører vi om positiv utvikling.» Solvik-Olsen fekk raskt stønad frå regjeringskamerat Jon Georg Dale på Facebook: «Vi treng optimisme i distrikta, ikkje Vedum sitt tungsinn.»

Rosemåling?

Til avisa Firda før jul skreiv stortingsrepresentant frå Sogn og Fjordane Frida Melvær (H) eit innlegg med tittelen «Fantastiske Sogn og Fjordane». Nett som Solberg-Olsen nytta ho spalteplass til å ramse opp i enkeltsetningar alle næringane som er i vekst i fylket: «Skipsdesign, fiskeri og havbruk, IT, reiseliv-, teknolog-, energi- og landbruk. Alle er dei komne langt i å utvikle seg i eit framtidsperspektiv», før ho rundar av med at ho sjølvsagt ikkje berre vil rosemåle: «Vi skal sjølvsagt også sjå og ta tak i utfordringar. Men lat oss bruke 2018 til å byggje eit enda sterkare omdøme for fjordfylket. Eg lovar å bidra i så måte.»

Kva sit veljarar att med etter slike avisinnlegg? Har vi lært noko? Kva tyder det at fiskeri og havbruk utviklar seg i framtidsperspektiv? Dei siste vekene har oppdrettslaks rømt frå fire anlegg i Hordaland og Sogn og Fjordane. Er det ein del av perspektivet? Eller er det eg som «rakkar ned på distrikta» og «bygger ned omdømmet» til fylket mitt når eg peikar på at det kanskje kan vere eitt, blant mange, teikn på at uviklinga i havbruksnæringa har gått bitte litt for langt?

Sjølvsagt er det lov å skryte. Mykje går bra, både i Sogn og Fjordane, i distriksnoreg elles og til og med i urbane strøk. Men er ikkje kjenneteiknet på om noko verkeleg står solid på eigne bein, nettopp i kva grad det toler kritikk? Er ikkje eit godt omdømme bygt på eit samtaleklima der det er lov – ja, der ein beint ut vert oppfordra til – å ta opp og stille spørsmål ved utfordringar og problem – utan å verte møtt med å vere dommedagsutviklar?

Halleluja-kor

Stortingspolitikarar er langt frå aleine om å synge i hallelujakoret. Dei siste åra har det vore bygt ei forventning om at ein god kommune er ein «JA-kommune». Dei siste månadane har kommunepolitikarar brukt argumentet for mellom anna å tillate, eller ynskje å tillate, husbygging i område regulert til landbruk, natur og fritid (LNF-område), travbane på dyrka mark, fleire kommersielle helikopterturar til Trolltunga, reklame i offentleg rom som bryt med kommunale forskrifter, og å gje dispensasjon frå eigne sentrumsplanar. Årsaka vert formulert om lag slik kommunepolitikar Kjetil Sørbotten i Fauske gjorde då han i fjor – i strid med innstilling frå sakshandsamaren – var med på å frådele eit LNF-område til fiskeoppdrettstomt: «Vi er en ja-kommune og skal være næringsvennlig.»

Kva seier denne ja-tendensen om ryggrada til norsk politikarstand? Å ha eit mål om å alltid seie ja, er ikkje det same som å legge til rette for utvikling. Derimot er det gode steg på vegen mot å seie frå seg høvet til å styre utviklinga. Det er om lag det motsette av ein ansvarleg politikar.

Heia ho som seier nei

Difor ynskjer eg meg fleire politikarar som høgt, stolt og tydeleg vågar å seie meir nei. Nei til nye arbeidsplassar dersom dei øydelegg for eksisterande næring (som jordbruk og fiske), friluftsområde eller miljø. Nei til nye bilbaserte Coop Extra og Europris-kassar som bryt med alle tankar og førestillingar om estetikk og eit hyggeleg nærmiljø. Nei til sjansen til å klippe snora på eit flunkande nytt kulturhus om det inneber at den lokale speidargruppa mistar midlar. Nei til gratis lysande tre i Sofienbergparken, nei til utvida salstider for alkohol i butikk, nei til høgare fartsgrenser – ja, kort sagt: Nei til mange av dei tiltaka vi veljarar aller helst vil ha, men som ikkje nødvendigvis er gode for oss.

Eg ynskjer meg politikarar som ikkje berre seier nei fordi dei må som fylgje av nedskjeringar eller for å bli samde i budsjettingingar, men fordi det er riktig. Dei må gjerne skrive flammande avisinnlegg om neiinga si.

Slik bygger vi samfunn og omdømme som står trygt. For suksesshistorier som ikkje toler kritikk, er ikkje særleg anna enn hjernevask.

Siri Helle er journalist
og fast skribent i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Er ikkje kjenneteiknet

på om noko verkeleg

står solid på eigne

bein, nettopp i kva

grad det toler kritikk?

Emneknaggar

Fleire artiklar

Foto: Julie Pike

LitteraturFeature

– Eg kan ikkje sovne inn i mitt eige liv

Ein abort gjekk frå å vere nemnd i forbifarten til å gje den nyaste romanen tittel.

IdaFrisch

Eugenio Derbez spelar hovudrolla som den nye læraren Sergio på ein mexikansk skule.

Foto: AS Fidalgo

FilmMeldingar

Simpatico

Radical er ein søt, håpefull film og ei rørande hyllest til kunnskap og pedagogikk.

Brit Aksnes

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis