Kommentar

Når det individuelle ansvaret blir borte

Det må vere råd å finne ei straffeform som råkar syndarane, ikkje oss andre.

Publisert

Noko meir meiningslaust ved den norske rettstilstanden enn føretaksstraff skal ein leite lenge etter i vår offentlege forvaltning. Om eit sjukehus, eit politidistrikt eller ein kommune blir straffa med millionbot, kven går det utover? Oss brukarane, sjølvsagt. Det er altså vi som skal straffast for at folk ikkje gjer jobben sin.

At dette har meir enn hundre år lange tradisjonar, også i andre land, gjer ikkje logikken lettare å forstå. Ikkje kan det vere noko argument for å behalde ordninga, heller. Rett nok seier straffelova at slike bøter skal ha preventiv verknad. Men det må då gå an å lære dei som skal lære av dette utan at det går utover oss andre?

Ansvarspulverisering

Rota til denne meiningsløysa ligg vel her: Dei som i si tid fekk føretaksstraff inn i lovverket, var sjølvsagt personar med viktige posisjonar og stort ansvar. Og korleis kan ein kvitte seg med det ansvaret ein blir godt betalt for, men helst ikkje vil ta når noko går gale?

Jo, ved å skyve det over på føretaket.

Generelt føreset straffeansvar ei handling som representerer brot mot ein strafferegel, anten ved at ein person gjer eller lèt vere å gjere noko. Men dersom det ikkje er råd å finne den eller dei personane som har gjort den uaktsame eller forsettlege handlinga, kjem føretaksstraffa i staden. Problemet er at denne straffa synest å ha teke heilt over, også der ansvaret kan plasserast hos ein eller fleire personar. Resultatet blir forvaltningssjukdommen ansvarspulverisering.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement