Kommentar
Lovleg tynn hybelspagetti
Kva tid skal ungdom som veks opp på bygda, få lov å vere som andre ungdommar – òg på TV?
Denne hausten ser eg meg sjølv i oppdikta utgåve på NRKs nett-TV. Ikkje bokstavleg tala, heldigvis, men likevel: Sjeldan har fiksjon kome så nær.
Serien heiter Lovleg og handlar om 15 år gamle Gunnhild frå Høyanger i Sogn og Fjordane. Gunnhild skal byrje på vidaregåande. For å få til det treng ho ikkje flytte på hybel. Nei, ho vil flytte på hybel, og vel seg Firda vidaregåande skule på Sandane. Ho vil vekk frå heime, vekk frå alt det alle andre veit om henne, vekk for å få fridom til å gå med nett dei kleda ho vil, og få vener ho kan snakke med om universet.
Så langt, så godt. Men: «Bygde-Skam» har serien vorte kalla, fordi han i form og innhald skal likne suksessen Skam – og fordi han vert spelt inn på bygda. «Lovleg skal gi innblikk i livet til distriktsungdommen», skriv Vårt Land. «I den en uge gamle Lovleg er vi så langt væk frå noget, der oser af storby, som vi overhovedet kan komme», skriv danske Politiken, og lokalavisene boltrar seg i kor flott og spesielt og viktig det er med alt vi får vist fram av vårt flotte, rurale, trygge Sogn og Fjordane.
Innfallsvinkelen gjer meg straks skeptisk – for det er sjølvsagt ikkje slik at det finst berre eitt «bygda» i Noreg. Bygde-Noreg er like mangfaldig som By-Noreg. Kva bilete kan då ein serie skape?
Store, skumle Sandane
Det er vorte tjue år sidan Gunnhild var meg. I 1998 byrja eg på musikklinja på Firda. Eg fekk mi fyrste eigne adresse, våga endeleg å sy fargerike slengtrekantar inn i buksebeina og nekta å sove meir enn fire timar kvar natt, sidan soving jo openbert var bortkasta tid.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.