JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

KommentarSidene 2-3

Lat stortinget gråte over mjølketapet

Norsk mjølkeproduksjon skal kuttast med 100 millionar liter. Bønder og byråkratar kan ikkje aleine få ansvaret for korleis det skal gå til.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
5766
20190920
5766
20190920

KOMMENTAR

Mykje kan synast rart i norsk landbrukspolitikk. Nett no, til dømes, samstundes som det stadig står i så å seie alle partiprogram at sjølvforsyningsgrada i Noreg må opp, sit bondeorganisasjonane og Landbruks- og matdepartementet og tingar om korleis dei skal redusere kumjølkproduksjonen med 100 millionar liter dei neste par åra.

Nett det er likevel ikkje så rart som det fyrst kan høyrast ut. Tvert om er det mest av alt eit døme på kor langt kvardagen somme tider er frå festtalane: Årsaka til mjølkekuttet er at Tine må slutte å produsere subsidiert Jarlsberg-ost for eksport.

Dei fleste er samde i at subsidierte landbruksprodukt ikkje har noko på verdsmarknaden å gjere. Altså må mjølkemengda som har gått med til Jarlsberg-eksporten, omprioriterast: Og når det alt i dag vert produsert meir mjølk enn vi klarar å nytte i Noreg, lyt ein redusere produksjonen.

Det som derimot er litt rart, er at situasjonen ikkje får større merksemd. Sjølv i Nationen og Bondebladet er det bøndene sjølve som finn det naudsynt å diskutere situasjonen og korleis ein best kan løyse han.

Hei, alle stortingspolitikarar som gjennom våren og i valkampen har snakka fint om norsk mat av norske ressursar, halde talar og vore i debattar om eit meir klima- og dyrevenleg norsk jordbruk! Var det ekte engasjement bak dei fine orda? I så fall er det på tide å finne det fram no, for dette er kvardagen, dette er den viktigaste utfordringa norsk landbruk no står overfor: Korleis skal norske mjølkebønder klare å kutte 10 prosent av produksjonen utan å stå ribba igjen?

Konsekvensar for fleire

I 2018 vart det levert 1.520.400.000 liter kumjølk inn til Tine. Ei avkorting på 100 millionar liter vert altså i overkant av 6 prosent, men saman med andre kutt er reduksjonen venta å ende kring 10 prosent. Meir er det ikkje, men det er meir enn nok.

Sjølv om langt frå alle bønder driv med mjølkekyr, er det liten tvil om at kumjølka er berande i konstruksjonen som er norsk landbruk. Framleis har vi over 8000 mjølkebønder her til lands. Men så heng det meste saman i ein biologisk matproduksjon: Éin ting er at Tine truleg lyt kutte 400 tilsette. Skal ein kvitte seg med 100 millionar liter mjølk, fører det til færre kyr, som et mindre norsk korn, tilsvarande 55.000 dekar, for å vere nøyaktig, og dermed vert kornbøndene råka. Og kjøtproduksjonen går ned: Truleg vert produksjonen av storfekjøt redusert med over 4000 tonn.

Rykande usamde bønder

I det minste syner tingingane kvifor vi treng to bondeorganisasjonar i Noreg: Dei er rykande usamde om korleis mjølkekuttet skal gjennomførast. Der Norsk Bonde- og Småbrukarlag vil skjerme dei fyrste 100.000 literane hjå kvar bonde og bruke forholdstal for å kvitte seg med resten, slik at kuttet i produksjonsmengd vert prosentvis størst hjå dei største produsentane, vil Norges Bondelag i større grad ta kuttet med kvoteoppkjøp. Småbrukarlaget meiner ei slik oppkjøpsordning kan vere spikaren i kista for dei mange småprodusentane som er grunnfjellet i mjølkeproduksjon som distriktsnæring. Bondelaget meiner på si side at skjerming og forholdstal vil gå ut over økonomien til alle mjølkeprodusentar. Dei færraste mjølkeprodusentar har økonomi til driftskutt innanfor gjeldande rammer.

Truleg har begge litt rett. Men kvifor skal bøndene sjølve sitte med ansvaret for å finne løysinga på knipa? Tenk om norsk oppdrettsnæring vart pålagd å redusere produksjonen med 8–10 prosent! Tenk om Equinor fekk melding om det same, eller norsk industri, for den del, som i år ligg an til ein vekst på mellom 6 og 8 prosent! Ville vi ikkje då hatt politikarar på bana? Er ikkje Noregs viktigaste distriktsnæring verdig den same politiske merksemda?

Når svaret er nei, har det ei heilt særnorsk årsak.

Kunnskapsmangel

Det mest særnorske ved norsk landbrukspolitikk er ikkje storleiken på dei offentlege overføringane. Dei fleste land, inkludert EU og USA, brukar statlege pengar på eigen matproduksjon. Men ingen andre land overlèt detaljstyringa av desse pengane til landbruket sjølv og statlege byråkratar. Det gjer vi berre i Noreg. Resultatet kallar vi jordbruksavtalen, og han dukkar opp kvart år midt i våronna.

No er det haust og ikkje vår. Men utan jordbruksavtalen, utan avtaleinstituttet som slår fast at jordbrukspolitikken i Noreg nærast er ei sak mellom bønder og byråkratar, hadde vi ikkje overlate framtida for norsk mjølkeproduksjon til bakrommet. Avtaleinstituttet har gjeve oss politikarar som ikkje treng å kunne noko om landbrukspolitikk, som trur at det er så komplisert at berre byråkratar kan forstå det.

Slik kan vi ikkje ha det. Sjølvsagt skal bøndene verte høyrde. Men vi har ikkje norsk jordbrukspolitikk for bøndene si skuld. Vi har han for sjølvforsyning, mat på bordet, forvaltning av norsk jord og lys i husa. Sjølv om «Norsk mat i et evighetsperspektiv» har vore slagordet til Norsk Bonde- og Småbrukarlag, kan vi ikkje gje dei heile ansvaret for alt dette.

Det manglar ikkje på moglege tiltak: Trass i det vi vanlegvis får høyre, er det handlingsrom i tollvernet, til dømes, som kan nyttast til å regulere importen som norsk mjølk i stadig større grad taper for. Det er òg høve til å bygge ein jordbrukspolitikk som tek utgangspunkt i areal, jordbruk er trass alt bruk av jord, og nedprioritere volumtankegangen. Land som Sveits og Austerrike kan vise veg.

Det einaste vi treng, er politisk vilje – og kunnskap. Det siste kan syne seg å verte det største problemet.

Siri Helle

Siri Helle er journalist og fast skribent i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Ingen andre land overlèt detaljstyringa til ­landbruket sjølv og statlege byråkratar.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Foto: Julie Pike

LitteraturFeature

– Eg kan ikkje sovne inn i mitt eige liv

Ein abort gjekk frå å vere nemnd i forbifarten til å gje den nyaste romanen tittel.

IdaFrisch

Eugenio Derbez spelar hovudrolla som den nye læraren Sergio på ein mexikansk skule.

Foto: AS Fidalgo

FilmMeldingar

Simpatico

Radical er ein søt, håpefull film og ei rørande hyllest til kunnskap og pedagogikk.

Brit Aksnes

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis