JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

KommentarSidene 2-3

Lat oss jorde klimateknologien

Sjølv ikkje klimavenleg teknologi slepp unna å vere del av eit krinslaup om han vil vere ein del av løysinga.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
5522
20201030
5522
20201030

KOMMENTAR

Spør du meg, kan Noregs vestlegaste by droppe fyrverkeriet under nyttårsfeiringa i år. Ikkje av omsyn til smittevernet, for ein gongs skuld, men fordi det ikkje vert noko spesielt ved blinkande, eksploderande lys på himmelen. Ikkje i år, og ikkje komande år heller, kan det sjå ut til.

Nattehimmelen nord for Florø har nemleg fått selskap av 47 nye vindturbinar. Og når det vert mørkt, byrjar dei å blinke. I kvitt og raudt lyser dei opp fjelltoppen ein augneblink – før dei vert vekke. Lyser opp – og vert vekke. På – og av. Heilt til morgonlyset kjem og tek over. Tru meg: Det ser heilt sprøtt ut. Mykje sprøare enn eg kunne sett føre meg.

Ikkje at eg burde ha sett det føre meg. Kor mange av oss var klar over at 10 prosent av straumproduksjonen vår skulle kome frå vindturbinar om få år? Korleis enda Noreg som ein vindkraftnasjon?

Frampeik

Det var i alle fall ikkje av omsyn til naturen, om aldri så mange miljøorganisasjonar har støtta utviklinga av teknologi og høg utbyggingstakt. Nei, vi pøste på med grøne sertifikat og gunstige støtteordningar for å verte om ikkje fyrst – Tyskland var store på vind lenge før oss – så i det minste tidleg ute i dette nye energikappløpet.

Korleis det kjem til å gå, kan vi få eit lite frampeik på om vi ser på til dømes Tyskland, verdas største vindkraftnasjon: Ikkje på tjue år har det vorte sett opp så få vindturbinar i Tyskland som i 2019. Kvifor? Fordi folk ikkje vil ha dei. Over 600 protestgrupper gjer det dei kan for å hindre stadig meir konkurstruga vindkraftselskap i å sette opp 130 meter høge turbinar i nærleiken av der folk bur.

Karbonrekneskapen

Her heime er vi på god veg i same retning. Tristare enn naboklager er det likevel at vi har forta oss slik nedover vegen at vi synest å ha gløymt å stille det største og viktigaste spørsmålet av alle: Bidreg vindparkane positivt til karbonrekneskapen? I ein kronikk i Klassekampen 3. oktober stiller fleire forskarar spørsmål om kvifor vi ikkje krev at utbyggarar presenterer karbonbalansen i prosjekta sine. Kva skjer til dømes når ein legg ein svær vindpark midt i ei myr – betre kjend som metanlager? Bønder får ikkje røre myrene sine fordi vi er livredde for at metanet der nede slepp ut i atmosfæren vår. Kvifor får turbinselskapa lov? Og når dei nyttar dette løyvet, er dei då ein del av løysinga eller ein del av problemet?

Spørsmålet er meint å synleggjere hovudproblemet denne teksten ynskjer å sette søkjelys på: At vi har – og brukar – miljøvenleg teknologi, inneber ikkje i seg sjølv at vi vert meir miljøvenlege. Ikkje om vi ikkje brukar han fornuftig. Eit anna døme på det same rullar på vegane våre og skal òg vere med på å gjere Noreg til verdsmeister: elbilane.

Kan ikkje vedta eit grunnstoff

Venstre kan gjerne vedta at det om fire–fem år berre skal seljast elektriske, og ingen fossildrivne, nye bilar her i landet. Men så lenge verken Sveinung Rotevatn eller Guro Melby styrer utvinninga av litium, kopar, nikkel og kobolt i verda, kan det viktigaste resultatet fort verte kraftig prisvekst på fossilbruktbilmarknaden. For utan desse fossile minerala vert det ikkje litiumbatteri – og utan litiumbatteri vert det ikkje elbilar å få kjøpt, om politikarar no vil det aldri så mykje.

Vi klarar ikkje å erstatte heile den fossile bilparken vår med elbilar på nokre få år om vi vil det aldri så mykje. Og om vi då ikkje gjer andre endringar i samfunnet – slike som gjer at vi ikkje må køyre så mykje bil, til dømes – vert det heile berre tomme ord og dieselbilar – og, sjølvsagt, like mange vegar over like mange myrer og jorde og dekk med piggar på om vinteren.

Vi treng teknologi for å løyse klimaproblem. Men vi må innsjå, heller før enn seinare, at denne teknologien òg er ein del av ressursrekneskapen vår, dei fysiske ressursane som planeten vår er sett saman av, og som vert forvalta i eit krinslaup. Om teknologien ikkje er ein del av dette økologisk krinslaupet, vert han fort ein del av problemet i staden for ein del av løysinga.

Betre – ikkje meir

Kva om Venstre i staden for å slå fast at alle bilar skal vere elektriske – og med det seie at det er greitt å ha bil, berre han er elektrisk – hadde sagt at vi må byrje med å sjå kor mange bilbatteri vi kan produsere med dei ressursane vi har tilgjengeleg, og så får vi sjå kva samfunn vi kan bygge kring dei bilane?

Kva om å utvikle klimavenleg teknologi ikkje måtte innebere at noko vart masseprodusert billegare? Kva om det i staden byrja å tyde at noko vart betre – altså av betre kvalitet – slik at vi slapp å byte det ut så ofte? Eg er ikkje økonom, eller klimaforskar, men eg tek meg ofte i å tenke at eg gjerne skulle visst kor mykje vi kunne berge av så vel økonomisk system som klima og kanskje til og med ein god del arbeidsplassar ved å gå frå eit kvantitativt til eit kvalitativt forbruksmønster. Bruke like mykje pengar på færre ting baserte på færre ressursar som nokon kunne fått betre betalt for å lage, rett og slett. Teorien har sikkert sine feil. Men er det éin ting eg ikkje er redd for, er det at vi ikkje klarar å utvikle teknologi som støttar han. Vi kan lage akkurat den teknologiske utviklinga vi vil. Utfordringa ligg i korleis vi bruker teknologien.

Siri Helle

Siri Helle er forfattar og journalist og fast skribent i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Vi treng teknologi for å løyse klimaproblem, men vi må innsjå at denne teknologien òg er ein del av ressursrekneskapen vår.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Titusenvis av menneske har samla seg framfor parlamentet i Tbilisi dei siste vekene, i protest mot det dei kallar «den russiske lova».

Foto: Ida Lødemel Tvedt

ReportasjeFeature

Krossveg i den georgiske draumen

TBILISI: Demonstrasjonane i Georgia kjem til å eskalere fram mot 17. mai.
Mange meiner at det er no landet tek vegvalet mellom Russland og Vesten.  

Ida Lødemel Tvedt

Sviskadar frå maneter kan vere smertefulle og gje store skadar på oppdrettsfisk.  I 2023 døydde fleire millionar laks etter angrep av perlesnormaneter (Apolemia uvaria).

Foto: Mattilsynet

DyrFeature

Den sure svien

I fjor vart angrep av maneter brått rekna med som ei av dei fem viktigaste årsakene til laksedauden, korleis kan noko slikt skje?

Arve Nilsen

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis