JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

KommentarSidene 2-3

Kyrkja i Russland til heilag krig

Den russisk-ortodokse kyrkja har utforma eit program for å omdanna Russland til ein religiøs diktaturstat. Middelet som kyrkja vil ta i bruk for å nå målet, er krig.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen

Teikning: May Linn Clement

Teikning: May Linn Clement

5817
20240405
5817
20240405

Samandrag

Oppsummeringa er laga av AI-vertkøyet ChatGTP

Vis mer
Vis mindre

Mens me i Vesten var opptekne med påskefri, heldt den russisk-ortodokse kyrkja eit møte i Moskva. Frå møtet blei det sendt ut eit dokument med den noko innfløkte overskrifta: «Kunngjering frå den 25. verdsomspennande russiske folkeforsamlinga: Notida og framtida til den russiske verda.»

La det vera sagt med ein gong: Gjennom dei siste åra har verda fått høyra mykje frå den ortodokse kyrkja i Russland. Den øvste leiaren for kyrkja, patriark Kirill, har vore ein trufast forsvarar av krigen mot Ukraina.

Avvik forbode

Kunngjeringa frå den såkalla 25. russiske folkeforsamlinga står likevel fram som noko særskilt: Her strekar den russiske kyrkja opp eit heilt program for ei fullstendig omforming av Russland. I det russiske samfunnet skal det berre vera plass til personar som stør opp under det kyrkja kallar «Det heilage Russland». Alle avvik frå denne norma vil vera forbodne.

Men fyrst må ein vinna krigen mot Ukraina. Heilt i byrjinga av dokumentet, under overskrifta «Den spesielle militæroperasjonen», kan ein lesa at det handlar om «eit nytt steg i den nasjonale frigjeringskampen til det russiske folket mot det kriminelle Kiev-regimet og det kollektive Vesten. [Dette er ein kamp] som har gått føre seg i det sørvestlege Rus sidan 2014.» Gjennom denne militæroperasjonen har det russiske folket forsvara livet, fridomen, staten og sivilisasjonen sin, står det å lesa.

«Krigen mot Ukraina er ein lekk i kampen mot eit Vesten som har gjeve seg over til Satan.»

Nedkjempa Satan

Den russiske krigføringa står i ein klart religiøs samanheng, meiner den russiske kyrkja og fyrer av denne salven:

«Frå eit åndeleg og moralsk synspunkt er spesialoperasjonen ein heilag krig der Russland og det russiske folket forsvarar det einskaplege åndelege rommet til Det heilage Rus.» Gjennom denne heilage krigen skal Russland forsvara verda mot åtaket frå globalismen og samstundes hindra at Vesten, som har falle for satanismen, sigrar. Når den såkalla militære spesialoperasjonen er fullført, skal heile territoriet til det moderne Ukraina gå inn i sona der «Russland har eksklusiv innverknad». På territoriet til Ukraina skal det ikkje finnast noko regime som er fiendtleg til Russland. Eit politisk regime i Ukraina som er kontrollert utanfrå, det vil seia frå Vesten, «skal vera fullstendig utelukka», blir det slege fast.

Omsett, om mogleg, til noko meir moderne språk tyder dette: Krigen mot Ukraina er ein lekk i kampen mot eit Vesten som har gjeve seg over til Satan. Krigen er heilag, med andre ord blir han støtta av Gud i himmelen. Det ein eigentleg forsvarar når ein kjempar mot Vesten i Ukraina, er den heilage staten Rus som i året 988 gjekk over til kristendomen. Alltid sidan den gong har Rus, og seinare Russland, vore sjølve bolverket for den einaste rette tolkinga av den kristne læra. Krigen i Ukraina er ein kamp for å sikra at den vestlege satanismen ikkje kryp innover på dette heilage området.

Atterreisa einskapen

Den russiske staten har altså velsigning frå kyrkja for å kriga i Ukraina, men for tida er det uråd å slå fast kvar grensene til denne staten tek til, og kvar dei sluttar, kan ein lesa noko lenger ut i dokumentet:

«Russland har skapt, støttar og forsvarar Den russiske verda. Grensene til Den russiske verda som eit åndeleg og kulturelt sivilisatorisk fenomen er monaleg vidare enn statsgrensene til den noverande russiske føderasjonen og større enn det historiske Russland. [...] Den russiske verda inkluderer alle som held russisk tradisjon, den heilage russiske sivilisasjonen og den store russiske kulturen som den høgaste verdien og meininga i livet. [...] Atterreising av einskapen til det russiske folket er nøkkelen til at Russland og Den russiske verda skal overleva og bløma i det 21. hundreåret.»

Med andre ord: Grensene for den russiske staten er eigentleg samanfallande med heile det rommet der folk kjenner seg som russarar. Oppgåva for den russiske staten er å atterreisa einskapen, altså å leggja heile dette området inn i Russland. I samband med dette tek dokumentet opp ein yndlingstanke frå president Vladimir Putin. Det austslaviske folket er ikkje samansett av tre ulike nasjonar: Russland, Ukraina og Belarus. Nei, det er samansett av eitt treeinig folk, nemleg storrussarar, veslerussarar og kviterussarar. Denne heilage treeininga er det verkelege russiske folket som no igjen kjempar for å bli eitt.

Mål: 600 millionar

Midt oppe i dette er det likevel noko å ottast for, nemleg den triste demografiske stoda med jamt fallande folketal. Det som må gjerast, er å utrydda homoseksualitet, forby abort og gjeninnføra den gamle russiske «reinlivnaden», meiner kyrkja. Når desse tiltaka er gjennomførte, skal ein byggja ein nasjon der kvar familie har minst tre eller fire barn, og der gode arbeidsplassar blir haldne av til russiske menn med mange barn. Då skal folketalet innan byrjinga på det neste hundreåret koma opp i 600 millionar, korkje meir eller mindre.

Når ein les dokumentet frå den russiske kyrkja, sit ein igjen med det klare inntrykket at dei vil skru tida attende til då det russiske imperiet var regjert av ein rettruande monark i nært samarbeid med det ortodokse presteskapet. For Vladimir Putin passar dette veldig bra. Kyrkja er sjølve ideologileverandøren til regimet hans, og ingen har støtta han like heilhjarta som patriark Kirill. Sett utanfrå kan det heile sjå ut som ein komedie, hadde det ikkje vore for éin ting: Nett no er det soldatane til Kirill og Putin som har framgang på slagmarka. Visjonen deira kan bli meir røyndom enn me likar å tenkja på.

Halvor Tjønn er forfattar, journalist og fast skribent i Dag og Tid.

Fleire artiklar

St. Vincent er artistnamnet til Annie Clark.

St. Vincent er artistnamnet til Annie Clark.

Foto: Alex Da Corte

MusikkMeldingar

Ditt første andedrag er eit skrik

På plata All Born Screaming vender St. Vincent tilbake til, og reindyrkar, det som for mange har definert det kunstnarlege uttrykket hennar.

Øyvind Vågnes
St. Vincent er artistnamnet til Annie Clark.

St. Vincent er artistnamnet til Annie Clark.

Foto: Alex Da Corte

MusikkMeldingar

Ditt første andedrag er eit skrik

På plata All Born Screaming vender St. Vincent tilbake til, og reindyrkar, det som for mange har definert det kunstnarlege uttrykket hennar.

Øyvind Vågnes
Det oppstår misvisande biletet av at covid-19 forårsakar Alzheimer, meiner Preben Aavitsland ve FHI.

Det oppstår misvisande biletet av at covid-19 forårsakar Alzheimer, meiner Preben Aavitsland ve FHI.

Foto: Erik Johansen / NTB

Ordskifte
PrebenAavitsland

Meir om seinfølgjer

Den årlege rapporten FHI har publisert, syner at dødeligheita blant personar under 40 år har vore nokså stabil sidan 2015.

Gukesh kan verta den klart yngste verdsmeisteren i historia. Carlsen var nesten fem år eldre då han vann kandidatturneringa og vart verdsmeister i 2013.

Gukesh kan verta den klart yngste verdsmeisteren i historia. Carlsen var nesten fem år eldre då han vann kandidatturneringa og vart verdsmeister i 2013.

Foto: Maria Jemeljanova / Fide

SjakkKunnskap
Atle Grønn

«Sjølv har eg heller aldri sett ein så mogen 17-åring, korkje på eller utanfor sjakkbrettet.»

Line Eldring har leidd utvalet som tilrår at Noreg både bør vidareføre og utvide samarbeidet med EU på nye område framover. Ho la nyleg fram utgreiinga «Norge og EØS: Utviklinger og erfaringer» for utanriksminister Espen Barth Eide.

Line Eldring har leidd utvalet som tilrår at Noreg både bør vidareføre og utvide samarbeidet med EU på nye område framover. Ho la nyleg fram utgreiinga «Norge og EØS: Utviklinger og erfaringer» for utanriksminister Espen Barth Eide.

Foto: Terje Pedersen / NTB

PolitikkSamfunn
Eva Aalberg Undheim

Veksande fjernstyre

Tilknytinga vår til EU veks og veks, både gjennom EØS-avtalen og utanfor, ifølgje ei ny utgreiing. Og det er få som kjenner heilskapen.

Forfattar Karin Haugane arbeider også som omsetjar.

Forfattar Karin Haugane arbeider også som omsetjar.

Foto: Catharina Caprino

BokMeldingar

Draum og traume

Karin Haugane skriv dikt med ein særeigen mytisk og forheksande dåm over seg.

Sindre Ekrheim
Forfattar Karin Haugane arbeider også som omsetjar.

Forfattar Karin Haugane arbeider også som omsetjar.

Foto: Catharina Caprino

BokMeldingar

Draum og traume

Karin Haugane skriv dikt med ein særeigen mytisk og forheksande dåm over seg.

Sindre Ekrheim

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis