JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

KommentarSidene 2-3

Kva ville snikkaren gjort?

Ein generasjon tapte handverkarar toler vi. Ikkje to.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Vi er i ferd med å miste ein generasjon handverkarar, skriv Siri Helle. Biletet viser ein snikkar som monterer beslag på ei vindaugsramme under restaureringa av Høyesteretts hus i 2011.

Foto: Heiko Junge / NTB scanpix

5879
20180928
5879
20180928

Nokre gonger er dei keisamaste tabellane – dei som eigentleg berre syner det ein veit frå før – dei skumlaste. Slik som i NHOs Kompetansebarometer, som vart lagt fram førre veke. Undersøkinga har kartlagt kva kompetanse medlemsverksemdene i NHO manglar framover. Svara rapporten gjev, er ikkje nye – men det tyder ikkje at dei ikkje er verde å uroe seg over.

For sjeldan har to tabellar synt så store utfordringar så tydeleg: Den eine syner at 53 prosent av verksemdene som har svara på undersøkinga, har trong for handverkarkompetanse innan fem år. 46 prosent treng ingeniørar eller andre tekniske fagfolk. 5 prosent treng humanistisk og estetisk fagkompetanse.

Den andre syner at 62 prosent av verksemdene vil trenge kompetanse frå «fullført videregående opplæring, yrkesfaglige programmer». 53 prosent treng kompetanse frå fagskuleutdanning. 7 prosent treng kompetanse på doktorgradsnivå.

Dette veit vi. Vi veit vi er i ferd med å miste ein generasjon handverkarar, at denne generasjonen er komen så langt inn i stillingar som chief commercial officers og prosjektdirektør og senior purchaser og ikkje minst production manager (alle titlar tekne frå Aftenpostens stillingssøk denne veka) at vi nok kan gløyme å rekruttere dei som tømrarar, murarar eller elektrikarar. Det er alvorleg og sørgjeleg og uheldig. Men katastrofen kjem fyrst i neste runde:

For dei fleste er i arbeidslivet i to generasjonar. Altså har vi framleis handverkarar å lære av. Men mister vi ein generasjon til, byrjar situasjonen å verte kritisk. For då mister vi kompetansen.

Frå skog til hus

Kva inneber dette? Lat oss sjå på ein sentralt plassert del av norsk byggebransje: den som bruker trevirke.

Å bygge meir, sterkare og ikkje minst større i tre har lenge vore eit politisk mål. Det er til og med vedteke at tre skal vere ein sentral del av det nye regjeringskvartalet.

Det gjev meining – tre og skog har vi nok av i Noreg. Vi kan berre gløyme å gjere om honnørorda «grønt skifte» frå ord til handling om vi ikkje har trevirket med. Men har vi kunnskapen som skal til for å gjere trevirke om til bygningar?

«I gjennomføringsfasen er det entreprenørene og utførende håndverkere som er hovedaktørene. Hovedinntrykket fra intervjuene vi har gjennomført i denne undersøkelsen tyder på at det er blant disse to fagområdene at kompetansehullet er størst», skreiv rådgjevingsbyrået Rambøll i ein analyse av bruken av tre i offentlege bygg i 2012.

Her manglar vi altså kompetanse allereie – og mykje tyder på at vi mister meir enn vi skaper. I bygg- og anleggsnæringa går produktiviteten ned, medan talet på klager, feil og manglar som må utbetrast kort tid etter at bygg er ferdigstilte, aukar.

Prispress er ein nærliggande syndebukk, men ikkje alt vert så billeg som vi trur, til slutt. Ta ein så kvardagsleg ting som vindaugskarmar. Tidlegare vart det ikkje produsert vindaugskarmar av anna enn alen av skikkeleg saktevaksen furu. Karmane kunne stå i hundre år med riktig vedlikehald. Slikt trevirke er ikkje å få tak i på kommersielle sagbruk lenger – så feit furu tettar til saga, så emna vert lagde til side. No er ein heldig om vindaugskarmane held i tjue år.

Gebyr nyttar ikkje

Bygg- og anleggsnæringa er ei næring i vekst, både i kroner og øre og i arbeidsplassar. Å tru at vi klarer denne veksten med berre norske arbeidstakarar, er om lag like naivt som å tru at vi klarer det utan. Vi treng begge delar: Og både norske og utanlandske anleggsarbeidarar treng dei same trygge arbeidsforholda.

Førre veke stengde Arbeidstilsynet 19 av 24 byggeplassar dei kontrollerte i hytteområde i Telemark, på grunn av manglande tryggingstiltak og sikring – særleg i høgda. Og situasjonen verkar alt anna enn under kontroll: «Selv ikkje gebyrer på femti og hundre tusen kroner skremmer dem fra å fortsette på samme måte. Det overrasker meg», seier tilsynsleiar Bjørn Tore Hansen til NRK.

Same spørsmål

Arbeidslivskriminalitet, sosial dumping, usikre arbeidsforhold og usikre arbeidsstadar. Biletet viser ikkje ein bransje det er særleg freistande å gå inn i. Men det er ein bransje vi ikkje klarer oss utan. Difor held det ikkje lenger med puslete enkelttiltak. Det held ikkje å slå saman nokre grunnfag og kalle det ei satsing på yrkesfag. Her må andre klutar til: Truleg må vi kvar gong vi gjennomfører eit arbeidsmarknads- eller utdanningsretta tiltak, spørje oss sjølv korleis dette tiltaket vil påverke tilgangen på handverkarar.

Sjølvsagt må vi gjennomføre alle enkelttiltaka: Legge til rette for lærlingar. Kvitte oss med myten om at yrkesfag høver best for dei som ikkje klarer å sitte stille, medan dei med gode karakterar bør velje studiespesialisering – men likevel sørgje for at dei som ikkje klarer krava til teoretisk kunnskap i puggeskulen, får sjansen i arbeidslivet, gjerne i eit handverksyrke. Snakke fram fagskulane. (Var du klar over at det finst eit høgare utdanningsløp i Noreg som stiller fagbrev og/eller praktisk erfaring som inntakskrav, og som tilbyr praktisk utdanning i alt frå trepleie og skipsmanøvrering til kreftomsorg og lindrande pleie? Om svaret er nei, er det eigentleg ikkje så rart: Medan andre utdanningsinstitusjonar tilsynelatande druknar i marknadsføringsmidlar, har ikkje fagskulane fått eiga nettside eingong.) Omfamne ny teknologi, men ikkje utan å halde på respekten for og kunnskapen om råvarene.

Alt dette og tusen andre ting må vi gjere. For om handverkartradisjonen skal haldast levande i historia som ei evig rennande elv, er handverkarane avhengige av alt frå internasjonale handelsavtalar til dine eigne private oppussingsplanar.

Det er berre å brette opp ermene og gå i gang.

Siri Heller er journalist og forfattar og fast skribent i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Biletet viser ikkje ein bransje det er særleg freistande å gå inn i. Men det er ein bransje vi ikkje klarer oss utan.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Beth Gibbons har henta mykje frå eige liv i arbeidet med det nye albumet.

Foto: Netti Habel

MusikkMeldingar

Det som finst, her og no

Beth Gibbons gir ut si første soloplate med eigenkomponerte songar.

Øyvind Vågnes

Foto: Vibeke Ekeland Grønn

Frå sjakkverdaKunnskap
Atle Grønn

«For nokre månader sidan fekk eg eit anonymt tips i posthylla på jobben»

Skodespelarane Joseph Engel (Bastien) og Sara Montpetit (Chloé) i regidebuten til Charlotte Le Bon.

Foto: Cinemateket

FilmMeldingar
Håkon Tveit

Søte sommarskrømt

Falcon Lake er ein ven og var knalldebut frå Quebec.

Palestinarar på veg ut av Rafah måndag, etter at Israel varsla nye åtak i byen lengst sørvest i Gaza.

Foto: Ramadan Abed / Reuters / NTB

Samfunn
Per Anders Todal

Den raude streken i Rafah

Kanskje skal sluttspelet i Gaza-krigen stå i Rafah. Det blir neppe kort.

Med den lange stjerten har erla umiskjenneleg kroppsform og ein særeigen måte å gå på.

Foto: Naïd Mubalegh

DyrFeature

Linerla – løyndomsfull kjenning

Om våren og sommaren vert linerla sett mange plassar, gjerne i nærleiken av menneske, frå byar til stølar, og ho kan finne på å byggje reir i eit svimlande utal habitat.

Naïd Mubalegh

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis