JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

KommentarSidene 2-3

Kulturarv på veg til museet

Statsbudsjettframlegget om kutt i stønaden til frivillige organisasjonar syner oss eit regjeringsapparat som ikkje har skjønt kva ein levande kulturarv har å seie.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Landbruksminister Jon Georg Dale opna den norske paviljongen for tradisjonskost på Internationale Grüne Woche i Berlin i år – før han brukte saksa i stønadsbudsjettet.

Foto: Vidar Alfarnes

5406
20171110
5406
20171110

Eg trur rett og slett eg lyt byrje denne teksten med å gjere noko eg sjeldan gjer: skryte av Noreg. Og ikkje berre av langrennsløparane våre eller den korte vegen til topps i politikken eller fjordlandskapet – nei, av sjølvaste kulturarven vår, og av det faktumet at han framleis er levande.

At vanlege menneske i Noreg, og i alle aldrar, i 2017 er opptatt av og betaler tusenvis av kroner for å gå på kurs i treskjering, grindverksbygging, hardangersaum og ysting, er på ingen måte unikt. Men ser ein på land kring oss som vi likar å samanlikne oss med, er det litt spesielt likevel. Førre skuleår gjekk eg på ein folkehøgskule som spesialiserer seg i tradisjonshandverk. Kvart år er skulen full av danskar som utvandrar til Noreg for å lære tradisjonane våre, sidan dei ikkje har nokon stad å lære sine eigne. Kanskje finst det heller ikkje nokon som kjenner dei lenger.

Så dårleg stilte er vi ikkje i Noreg. Enno. Framleis har vi levande menneske som sender vidare den handlingsborne kulturarven vår. Smedar og tømrarar som faktisk kan handtere ei øks, og folk som kan spinne ull på ein handtein og slikt som berre kan vernast gjennom at det er i aktiv bruk, og som i dag vert tatt vare på av nokre profesjonelle utøvarar saman med ei rekke små organisasjonar.

Somme av desse får nokre kroner i statleg stønad. Somme av dei får stønad gjennom Landbruks- og matdepartementet (LMD), og andre gjennom eit studieforbund som igjen får pengar av Kunnskapsdepartementet. Dei har det til felles at dei er knytte til departement som ikkje skjønar kva dei har føre seg.

Yrkesretta

Studieforbunda er ei rekke paraplyorganisasjonar som deler ut små pengesummar til lokale organisasjonar som held kurs. Eit kurs kan vere alt frå leikarring for born til kurs i plantefarging eller muring og støyping. Å melde inn kurs til eit studieforbund utløyser ein stønad på 90 kroner per studietime.

I grunngjevinga frå Kunnskapsdepartementet verkar det som om kursa frå studieforbunda er for lite yrkesretta. «Vi har liten kunnskap om effekten av opplæringa i studieforbund og om ho treffer dei med låg kompetanse og svake grunnleggande dugleikar», skriv dei i statsbudsjettet. Nei då, dei færraste av oss skal jobbe med å restaurere gamle vindauge eller lage skosolar av halehåret til kua (sjølv om nokon burde gjere det til næring, for varmare sålar får du ikkje i skiskorne). Men vil det seie at kunnskapen ikkje har verdi – eller at du må ha «svake grunnleggande dugleikar» for at departementet skal kunne forsvare å bruke pengar på at du får han?

Verdiar bak kvar krone

Studieforbunda ligg an til eit kutt i stønaden på 22 millionar kroner. Sidan forbunda formidlar pengar til andre organisasjonar, vil kuttet slå ned breitt. Det er likevel som ei mjuk landing å rekne om vi samanliknar med organisasjonane som soknar til Landbruks- og matdepartementet – og som kollektivt vart reduserte til null.

Kutta til organisasjonane vert grunngjeve med at mange av dei har motteke stønad i mange år, og at finansieringsordninga difor ikkje fører til auka mangfald. Eg lurer på kva vurderingar departementet har gjort kring kor store verdiar som ligg attom kvar krone organisasjonen tek i mot.

Kvart år tek LMD med seg utvalte delar av norsk jordbruks- og reiselivsnæring på promotur til matmessa Internationale Grüne Woche i Berlin. Kvart år er Norsk Gardsost invitert med som nasjonal utstillar. Kvart år – ja, nærast kvar veke – bruker det offisielle Noreg lokalmatprodusentar som døme på kor rikt jordbruket vårt er her oppe på berget.

Eg skal ikkje gje organisasjonar som Norsk Gardsost, Norsk Seterkultur og Bondens Marked all ære for at vi har ein slik levande kultur å skryte av, men eg er ikkje så langt unna heller. Den delingskulturen som finst i Norsk Gardsost, er iallfall 100 prosent knytt til det ostemangfaldet vi har i Noreg i dag. Eg utfordrar kva som helst slags politikar til å få like mykje verdiskaping og mangfald ut av ein kvart million kroner. I den samanhengen er det vanskeleg å unngå å nemne at kontrakten som nyleg vart lyst ut for oppføring og forvaltning av den norske standen på Internationale Grüne Woche 2018, har eit budsjett på 313.000 – ikkje kroner, men euro.

Friare aleine?

LMD hevdar at organisasjonar kan operere friare utan statsstønad. Slik får dei det til å høyrest ut som om organisasjonane per i dag er i lomma på styresmaktene. Det stemmer sjølvsagt ikkje. Ingen i norsk organisasjonsliv kan leve av staten aleine. Staten har fram til no stått for grunnfinansieringa. Eit trygt minimum i botn, som ein så bygger på med prosjektmidlar frå næringsliv og andre. Får regjeringa det som ho vil, vert organisasjonane svevande i lause lufta. I verste fall endar alle opp på museum.

Alt ligg til rette for at dette er pengar forhandlingspartia tingar inn att. Det er sjølvsagt berre bra, men litt irriterande òg – fordi det gjer at vi kjem til å gløyme det Høgre og Frp prøvde å gjere.

Lat aldri landbruksminister Jon Georg Dale snakke varmt om lokalmatsatsing igjen utan å verte møtt med dei 251.500 lusne kronene han prøvde å ta frå Norsk Gardsost. Fy skam.

Siri Helle

Siri Helle er agronom og fast skribent i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Studieforbunda ligg an

til eit kutt i stønaden

på 22 millionar kroner.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Omvend baug: X-Bow-en er utvikla av Ulstein og vert no for første gong nytta på ein fiskebåt.

Foto: Westcon

FiskeSamfunn

Båtbyggjarfolket

Trålaren «Ecofive» er både ei teknologisk nyvinning og eit resultat av den urgamle båtbyggjarkulturen på Vestlandet.

William Sem Fure

Gukesh kan verta den klart yngste verdsmeisteren i historia. Carlsen var nesten fem år eldre då han vann kandidatturneringa og vart verdsmeister i 2013.

Foto: Maria Jemeljanova / Fide

SjakkKunnskap
Atle Grønn

«Sjølv har eg heller aldri sett ein så mogen 17-åring, korkje på eller utanfor sjakkbrettet.»

Kina fyrer på alle sylindrane: Ingen bygger ut så mykje kolkraft som kinesarane gjer. Biletet viser eit kolkraftverk i Dingzhou  i Hebei-provinsen.

Foto: Ng Han Guan / AP / NTB

Samfunn
Per Anders Todal

Ein straum av problem

Straumforbruket i verda aukar framleis raskare enn fornybar kraftproduksjon. Kolkraftverk skal varme kloden i mange år enno.

Line Eldring har leidd utvalet som tilrår at Noreg både bør vidareføre og utvide samarbeidet med EU på nye område framover. Ho la nyleg fram utgreiinga «Norge og EØS: Utviklinger og erfaringer» for utanriksminister Espen Barth Eide.

Foto: Terje Pedersen / NTB

PolitikkSamfunn
Eva Aalberg Undheim

Veksande fjernstyre

Tilknytinga vår til EU veks og veks, både gjennom EØS-avtalen og utanfor, ifølgje ei ny utgreiing. Og det er få som kjenner heilskapen.

Foto: Julie Pike

LitteraturFeature

– Eg kan ikkje sovne inn i mitt eige liv

Ein abort gjekk frå å vere nemnd i forbifarten til å gje den nyaste romanen tittel.

IdaFrisch

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis