Kommentar

Kultur- eller budsjettminister

Regjering skal gje 9 milliardar kroner i skattelette, men har ikkje pengar til nye statsstipend «på grunn av ein stram budsjettsituasjon». Det er småleg.

Publisert

Eit statsstipend er på litt over 400.000 kroner og har har særs mykje å seia for dei som får det – for det meste intellektuelle, diktarar og andre kunstnarar utan institusjonell tilknyting som ofte har ein hand-til-munn-økonomi.

Vi har ikkje ei Poet Laureate-ordning som dei har i USA og Storbritannia (ein slags hoffpoet som dei sa i gamle dagar). Men statsstipenda har verka nokolunde på same måten, men hjelpt langt fleire.

Kvifor kultur?

I Kulturbrevet frå 1945 sa Henrik Groth det som skal seiast om grunngjevinga for kultursatsinga: Kultur «høyner livstemperaturen». Gjev oss noko å leva for, ikkje alltid av. Finst det noko viktigare?

Kultur er livets salt, eit felles orienteringspunkt for meining og perspektiv i livet, fordjupande for lengten vår etter samanheng, identitet, det vakre og det interessante. Og kunstartane minner oss om det gamle ordtaket: ars longa, vita brevis – kunsten er lang, livet er kort. Kunsten gjev oss røter til tidlegare slekter, livet og kunnskapstørsten deira, og fortel oss at sjølv om vi alle startar på nytt, er det banda til fortida som avgjer korleis vi kan søkje.

Å få gjort denne arven av opplevingar og medkjensle tilgjengeleg for flest mogleg, er kjernepunktet i demokratiet. Kulturdepartementet er såleis kjernedepartementet i regjeringa, sjølv om den noverande statsråden ikkje tenkjer så djupt om dette.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement