Kommentar

Jonas Gahr Støre er mannen

Alt på valnatta var gribbane på plass: Dei ville sikra seg eit kjøtfullt stykke av Taparen.

Publisert

Ingen er som politiske kommentatorar når det gjeld å sparka dei som ligg nede. Den som låg nede denne gongen, var Jonas Gahr Støre, og no gjaldt det å få smertene fotografert spot on. I valkampen har det også vore ei heksejakt nettopp på Støre, med dritpakkar og forelda saker, og generell motvilje mot folk som har arva pengar. (Dette skjer aldri med folk i Høgre.)

Dette er både primitivt og uprofesjonelt. For ja: AP gjorde eit historisk dårleg val. Og nei: Det skuldast ikkje dei personlege kvalitetane til Støre. I media vart han framstilt som uheiderleg i økonomiske spørsmål og udugeleg i debatt. Det er nok problematisk å kombinera formue og AP-leiing, men Støre er ein heiderleg forretningsmann som berre kan lastast for småfeil. I debatt er feilen at han er for presis og for lite tabloid, og det tener han til ære. Det er difor sakleg feil å gå på hans personlege eigenskapar. For min del vil eg seia at Støre er ein av dei politikarane eg har størst respekt for. Han har eit uvanleg presist språk, han er reflektert og oppdatert, og han har høg moral i måten han omgåst og omtalar andre. Dette seier eg frå utsida; eg har aldri kjent meg nært knytt til partiet hans.

IKKJE-TEMA

Men eg interesserer meg for nedgangen til AP. Nedgangen har samanheng med eit av dei store ikkje-temaa i valkampen: omorganiseringa av offentleg sektor, etter modellar som vart funne opp i Margareth Thatchers periode, og gjort til apolitisk politikk av Tony Blair. Ideen var at staten skulle bli slankare, billegare og mykje meir effektiv dersom ein innførte modellar frå privat økonomi i statsstyringa. Marknaden skulle vera modellen. Dette har då ført til at ein har skapt statlege «føretak», gjort universitet og sjukehus til eit slags aksjeselskap, og der staten har delegert styringa til desse halvprivate føretaka.

Dette er modellar frå 1980-talet. No har ein snart førti års røynsle med systemet. I Storbritannia, der modellane vart utforma, har statsvitaren Christopher Hood forska systematisk på resultata. I boka Ein styringsmodell som kostar mindre og utfører meir (mi omsetjing) er konklusjonen dyster: Denne styringsforma kostar langt meir og utfører langt mindre. På område etter område syner det seg at offentleg styring ikkje fungerer godt når ho blir sett på som ein privat marknad. Dette er ei form for faktasjekk, og Hood viser det med tal og statistikk.

EINESTÅANDE FIASKO

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement