JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

KommentarSidene 2-3

Innovasjon eller repetisjon?

Stortingsmeldinga om innovasjon i offentleg sektor illustrerer at skiljet mellom økonomisk analyse og ideologi er uskarpt.
Det som blir presentert som nøytrale omgrep, blir umerkeleg forma om til ein rigid politisk ideologi.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
5895
20200703
5895
20200703

I slutten av juni kom stortingsmeldinga En innovativ offentlig sektor (nr. 30 2019–2020). Det er i seg sjølv eit godt tiltak, sidan innovasjon er eit av dei mest brukte, men ikkje mest analyserte orda i dagens debatt. Om meldinga kan føra til ein meir kritisk gjennomgang og bruk av innovasjonsordet, er det på høg tid. Det fungerer i dag som eit slags trylleord, og det er eit passord ein må kunna om ein skal koma i betraktning for statlege pengar.

Meldinga inneheld også eit kapittel med definisjonar, utan at det blir gitt noka grundig omgrepshistorie. Definisjonen er svært generell: «Innovasjon er et begrep for forandring og utvikling som innebærer et brudd med tidligere praksis.» Det blir vidare skilt mellom skrittvis og radikal innovasjon, innovasjon som er tilsikta og planlagd, og innovasjon som skjer gjennom kriser (som til dømes koronapandemien).

Barometer

Éin ting ligg fast som premiss: Innovasjon er eit gode og fylgjeleg er motstand mot endringar eit tilsvarande vonde. Ein opererer med «innovasjonsbarometer», som viser vilje til og gjennomføring av innovasjonar i ulike land og regionar. Det er ingen spøk å ha svake tal på barometeret.

Utan diskusjon blir altså omgrepet normativt: Innovasjon er noko ein må vera tilhengar av. Om ein skrudde tida femti eller hundre år tilbake, kunne ein seia at innovasjon er radikal politikk, det er vilje til endring, som reform eller revolusjon. Tilsvarande skulle då motvilje mot endring, viljen til å ta vare på tradisjonen, vera ei form for konservatisme.

Men slik er det ikkje lenger. Dette er Høgre-regjeringa si Stortingsmelding, og i samband med lanseringa av meldinga skreiv Nicolai Astrup ei ytring på NRK.no der han hevda at venstresida er mot innovasjon fordi dei er ideologisk forblinda. Høgresida er altså for endring, skrittvis eller radikalt, medan venstresida er konservative, fordi dei mellom anna vil ta vare på sentrale gode i velferdsstaten. Denne analysen vil nok ikkje venstresida slutta seg til. Men det er ein kjerne av sanning i det: Det blir snakka høgt og sterkt om endring og innovasjon til høgre og bevaring av den gode velferdsstaten på venstresida. Noko av argumentasjonen i meldinga er også at velferdsstaten blir for dyr, og at vi kan halda på velferdsgoda berre ved innovasjon – mellom anna radikal digitalisering, inkludert i omsorgssektoren.

Analyse

Når blei venstresida konservativ og høgresida så endringsorientert? For å forstå det må vi kikka litt på forhistoria til innovasjonsordet.

Pioneren synest å vera Harvard-økonomen Joseph Schumpeter, som i 1934 gav ut boka The Theory of Economic Development. Her legg han vekt på kva rolle entreprenørskap og nytenking spelar i konkurranse mellom næringsverksemder. Når fleire verksemder har tilnærma like føresetnader i form av kapital, arbeidskraft og ressursar, er det dei med størst evne til innovasjon som vinn fram. I Schumpeters teori handlar det altså om å analysera næringslivet. Men mot slutten av 1900-talet, i det ein omtala som krisa i velferdsstaten, dukka denne teorien opp på ny. Ein var redd for at velferdsstaten ville bli for dyr, og ein såg med uro på den demografiske utviklinga, der færre unge skal betala for fleire eldre.

Då greip ein til innovasjonsordet og flytte det over i offentleg sektor. Det var ein grunnpilar i Thatchers nyliberale modell, som blei overteken av Blair og nye Labour og innført med stor bravur av både Jens Stoltenberg og vekslande Høgre-regjeringar i Noreg.

Konkurranse

Den politiske høgresida var aldri spesielt begeistra for ein stor offentleg sektor og ville ha lågare skattar. Men her fann dei ein ny argumentasjonsmåte: Dei skulle berga offentleg sektor ved å innføra modellar frå det private næringslivet: konkurranse, anbodsrundar og utsetjing av oppgåver til private verksemder. Då ville konkurransen føra til at ein fekk mindre stat, mindre utgifter og fleire og betre tenester.

Dei som har arbeidd i helsesektoren, akademia og skuleverket, har vore vitne til denne utviklinga. Lovnadane om eit system som skulle kosta mindre og gjera meir, enda i ei stor utviding av byråkratiet. Kontrollordningane blei omfattande og ressursane til kjerneverksemda mindre. Den britiske statsvitaren Christopher Hood har samvitsfullt gått gjennom resultata i Storbritannia og konkludert med at byråkratiet har blitt langt større og tenestene dyrare og dårlegare, og han dokumenterer dette med statistikk.

Politisert

Innovasjon kan høyrast forlokkande ut, og i Schumpeters versjon har det ei presis meining. Men etter at ordet invaderte offentleg sektor, er det blitt sterkt politisert. Astrup hevdar at venstresida er ideologisk forblinda fordi dei har innvendingar mot innovasjon, forstått som privatisering av offentlege tenester. Den som har innvendingar mot å privatisera velferdsstaten, er ideologisk forblinda. Men dei som gjer privatisering til ei økonomisk naturlov, og går inn for «kreativ destruksjon» av offentlege tilbod, er opne og innovative.

Dette viser at innovasjon ikkje er eit brukbart omgrep lenger, det tyder rett og slett høgreorientert kritikk av velferdsstaten. Og så ideologisk er det blitt, at tilhengarane av det nektar å sjå kva som har skjedd i dei sektorane der denne velsigna innovasjonen har fått gå sin gang.

Venstresida, og særleg Ap, er no på jakt etter gode saker til neste valkamp. Mitt tips er at dei startar med å sjå kritisk på innovasjonsordet som blir brukt til ei systematisk nedbygging av velferdsstaten.

Jan Inge Sørbø

Jan Inge Sørbø er professor ved Høgskulen i Volda og fast skribent i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Lovnadane om eit system som skulle kosta mindre og gjera meir, enda i ei stor utviding av byråkratiet.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Høgpatogen fugleinfluensa spreier seg stadig og har no råka mjølkekyr i USA.

Foto: Rodrigo Abd / AP / NTB

DyrFeature

Influensa-alarm

I mars i år blei det slått full smittealarm i USA. Fugleinfluensa er no funne i meir enn 40 mjølkekubesetningar frå ti ulike delstatar.

Arve Nilsen

Foto: Terje Pedersen / NTB

Ordskifte
Gunhild AlvikNyborg

FHI svikter sitt samfunnsoppdrag

«Det er svært viktig at FHI er tydelig overfor publikum på at de ikke jobber med årsaken til long covid.»

Teikning: May Linn Clement

Ordskifte
Halvor Tjønn

Å forveksla aggressor med forsvarar

«Etter at Putin kom til makta hausten 1999, har Russland ført ei heil rad med krigar.»

Den nyfødde kalven.

Den nyfødde kalven.

Foto: Hilde Lussand Selheim

Samfunn
Svein Gjerdåker

Ei ny Ameline er fødd

Vårsøg – også kalla Tripso sidan ho var så skvetten som ung, spissa øyro for ingenting og trippa med beina inn og ut av fjøset – fekk ein ny kalv natt til 13. mai.

I framgrunnen står skulpturen «Le Combattant» (1961) av Sonja Ferlov Mancoba, bronse.

KunstMeldingar

Tungvektar med oppsikts­vekkande manglar

Kunstsilo trona mot blå himmel i Kristiansand på opningsdagen, laurdag 11. mai 2024. Vegen frå idé til ferdig museum har vore lang og prega av konfliktar. Det står att å sjå kva Kunstsilo kan bety for fastbuande og tilreisande. Tangen-samlinga er kanskje verdas største samling av nordisk kunst frå 1900-talet, men er ho representativ for perioden, og er det så nøye?

Mona Louise Dysvik Mørk

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis