JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

KommentarSidene 2-3

Ikkje mitt vestlandsopprør

Oppdrettslobbyens bilete av seg sjølv som ei gudegåve til Kyst-Noreg har sprekker.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Havbruksarbeidarar demonstrerer framfor Stortinget mot den foreslåtte grunnrenteskatten i november i fjor.

Foto: Terje Bendiksby / NTB

5767
20230512
5767
20230512

Lat oss slå det fast med ein gong: Vestlandet – og resten av norskekysten – er fantastiske greier. Ikkje det stramme, organiserte Vestland nokon av ei eller anna årsak har putta i eit fylkeshus, men det mangfaldige Vestlandet som snik seg rundt mellom fjordar, holmar, skjer og fjelltoppar, landskapet der sjølvaste Nordmannen har fenge sin heim, greve tuftene og sett hus oppå deim.

Det kystlandskapet som berga og no temmeleg livskraftig tek vare på den gamalnorske sauen, på kystgeita, der ungar framleis får Pioner med 9,9 hestar påhengs til 13-årsdagen, der vi veit at austagnall tyder opphaldsvêr, medan synnavind kjem med regn, som i tiår etter tiår har levert hurtigbåtar, matjessild, juicetankar, klippfisk, skrei, vasskraft, aluminium, ferrosilisium, sauekjøt og oppdrettslaks.

Verdas fyrste

Visste du at verdas fyrste oppdrettslaks vart sett ut i ein merd på Hitra i 1970? Då sette brørne Ove og Sigve Grøntvedt ut 20.000 smoltar, etter at ei rekke ivrige gründerar i årevis hadde prøvd og feila i å gjere vill elvelaks om til husdyr. Oppfinnarevner og pengeteft lønte seg til slutt, og 20 år seinare var det over 1000 oppdrettsselskap i Noreg.

Alt då såg ein føre seg korleis oppdrettsnæringa skulle vere med på å berike kysten. I 1972 formulerte det statlege Lysø-
utvalet fylgjande som eitt av tre mål for næringa: «Å verna om eksisterande arbeidsplassar og busetnad, auka sysselsetjinga og leggja tilhøve til rette for eit meir variert næringsgrunnlag i distrikt med svakt utbygd næringsliv».

Flagg mot oppdrett

Nordmannen Ivar Aasen dikta om, kunne truleg kjent seg att i dei fyrste lakseoppdagarane – karar som starta med to tomme hender og ein draum og jobba seg opp­over derfrå. Kva han ville sagt om dagens lobbytunge sutreklubb, skal eg ikkje spekulere i – i staden skal eg stå får det sjølv: Om dei kallar seg Vestlandsopprør eller Kystbrøl, skal dei halde seg for gode til å heve røystene sine på vegner av oss alle. Eg trur endåtil dei veit det sjølve: at utsegna dei kjem med, om at motstanden mot lakseskatten er nærast total i kystsamfunn som er fullstendig avhengige av oppdrettsnæringa for å overleve, er langt frå berre sanne.

For nokre få veker sidan – mellom alle dei offisielle flaggdagane som pregar kalenderen – gjekk likevel flagga til topps på mange flaggstenger i bygda mi. Årsaka var ein oppdrettskonsesjon som ikkje vart gjeven. Då både kommunen og fylkeskommunen sa nei til torskeoppdrett i Dalsfjorden i Sunnfjord, feira vi som bur i nærleiken. Truleg var det somme som brølte litt òg – brølte for at vi fekk ha fjorden i fred for blinkande lys og travle fôrbåtar, at det vesle livet som er att i fjorden fekk fred frå endå eit trugsmål, og at bustadfeltet som er planlagt rett ved oppdrettslokaliteten, får gå sin gang.

Mange meinte at den bortimot eine arbeidsplassen oppdrettsanlegget ville kunne gje, ville kunne gå i minus med kor mange ein kunne gå glipp av.

Hei litt på skatten

Dette er viktig å få fram, for det har til tider kunna verke som om oppdrettsnæringa bidreg berre positivt til lokalmiljøa. Om oppdrettslobbyen enno ikkje har lukkast med å unngå grunnrenteskatten, har han gjort ein frykteleg god jobb med å snakke seg opp som sjølvaste frelsaren for Distrikts-Noreg.

Ein heiar fram oppdrettselskap som gjev pengar av overskotet sitt til bygging av vegar og idrettshallar i lokalmiljøet. Det kan verke som om ein har gløymt at det finst andre måtar å få bygd vegar og idrettshallar på: med skattekroner.

Misforstå meg rett no: Eg er klar over at oppdrettsselskap betaler skatt alt før ein grunnrenteskatt eventuelt vert innført (saka er planlagt til fyrste handsaming i Stortinget 31. mai), og at desse skattekronene bidreg i lokalsamfunna dei vert betalte i. Det uroar meg likevel at filantropisk pengegjeving vert vekta så mykje høgare enn offentleg finansiering – frå gjevarane sjølve, men ikkje minst frå politisk hald.

Dersom vi gjer oss avhengige av private gjevarar for å finansiere heilt naudsynt infrastruktur, kva seier det då om kor robuste samfunna våre eigentleg er? Diskusjonen om grunnrenteskatt syner oss tydeleg kor lite som skal til for at verksemder tyr til både permitteringar og trugsmål om nedlegging og utflagging av arbeidsplassar og verksemder. Gjer vi då lurt å i gje denne næringa endå meir areal og makt, eller skal vi i staden sjå på om Kyst-Noreg er betre tent med eit breiare næringsliv?

Å rå over havet

Det er ikkje vanskeleg å forstå at somme er misnøgde med å få ein skatteauke på 35 prosent. Eg hadde truleg vore litt gretten sjølv, om det var meg det gjaldt. Desto viktigare er det å ikkje late enkeltpersonar styre debatten aleine.

For kva er det eigentleg dei seier, laksemillionærane, når dei seier at skatten hindrar all framtidig investering? At det er umogleg å investere utan milliard­overskot i lomma? I så fall lurer eg på om dei hugsar kor dei kjem frå. Kva tenker gründerane som fekk til alt frå ein draum og to nyttige hender, om kva krav som no vert stilte for å utvikle næringa vidare?

«Utviklingen fra pionerene med sin entusiasme og hjemmesnekra produksjonsutstyr til dagens teknologiske avanserte næring har vært eventyrlig, men langt fra problemfri», skriv forfattarane av fembindsverket Norges fiskeri- og kysthistorie på si eiga heimeside i bindet som tek føre seg havbruksnæringa. Det har fått undertittelen Over den leiken ville han rå.

For den nye nordmannen held det altså ikkje lenger å berre sjå leiken i havet. Eg tek meg likevel lov til å runde av med å vende attende til originalen: Mellom kaksar eg inkje kan trivast, mellom jamningar helst er eg nøgd.

Siri Helle er forfattar, journalist og fast skribent i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar

St. Vincent er artistnamnet til Annie Clark.

Foto: Alex Da Corte

MusikkMeldingar

Ditt første andedrag er eit skrik

På plata All Born Screaming vender St. Vincent tilbake til, og reindyrkar, det som for mange har definert det kunstnarlege uttrykket hennar.

Øyvind Vågnes

Det oppstår misvisande biletet av at covid-19 forårsakar Alzheimer, meiner Preben Aavitsland ve FHI.

Foto: Erik Johansen / NTB

Ordskifte
PrebenAavitsland

Meir om seinfølgjer

Den årlege rapporten FHI har publisert, syner at dødeligheita blant personar under 40 år har vore nokså stabil sidan 2015.

Gukesh kan verta den klart yngste verdsmeisteren i historia. Carlsen var nesten fem år eldre då han vann kandidatturneringa og vart verdsmeister i 2013.

Foto: Maria Jemeljanova / Fide

SjakkKunnskap
Atle Grønn

«Sjølv har eg heller aldri sett ein så mogen 17-åring, korkje på eller utanfor sjakkbrettet.»

Line Eldring har leidd utvalet som tilrår at Noreg både bør vidareføre og utvide samarbeidet med EU på nye område framover. Ho la nyleg fram utgreiinga «Norge og EØS: Utviklinger og erfaringer» for utanriksminister Espen Barth Eide.

Foto: Terje Pedersen / NTB

PolitikkSamfunn
Eva Aalberg Undheim

Veksande fjernstyre

Tilknytinga vår til EU veks og veks, både gjennom EØS-avtalen og utanfor, ifølgje ei ny utgreiing. Og det er få som kjenner heilskapen.

Forfattar Karin Haugane arbeider også som omsetjar.

Foto: Catharina Caprino

BokMeldingar

Draum og traume

Karin Haugane skriv dikt med ein særeigen mytisk og forheksande dåm over seg.

Sindre Ekrheim

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis