JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

KommentarSidene 2-3

Heile folket i aktivitet

Når Høgre argumenterer sterkt for tillit når det dreier seg om ordningar for næringslivet, tek det seg ikkje godt ut å satsa på maksimal mistillit når det gjeld dei som fell utanfor arbeidslivet.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
5682
20200918
5682
20200918

Sist fredag vedtok Høgre at den såkalla aktivitetsplikta skal gjelde for alle som tek imot sosiale stønader. Ordninga som no gjeld, vart innført i 2017, og inneber at alle under 30 år som får sosial stønad, pliktar å delta i aktivitetar kvar dag om dei ikkje vil risikera å missa eller få redusert stønaden. No vil Høgre og arbeids- og sosialminister Torbjørn Røe Isaksen ta bort grensa som går ved 30 år.

Høgre har også diskutert om det bør innførast eit «tak» på kor mykje stønad ein kan ta imot, slik at ingen skal få meir pengar i sosial støtte enn det ein kan få ved å vera i arbeid. Og då samanliknar dei ikkje med løna til Helge Lund og Erna Solberg, men med dei lågaste løningane i arbeidsmarknaden.

Under begge forslaga ligg det ein otte for at altfor gode sosiale ordningar skal føra til at folk går ut av arbeidslivet og heller lever på sosiale stønadsordningar av ulike slag.

Sosialpolitikk

Begge desse forslaga rører ved store sosialpolitiske tema. Min første reaksjon på dette er at alle slike kontrollordningar har klassepreg. For nokre veker sidan fekk vi vita at eit statleg organ hadde funne over hundre brot på miljøvernlova utført av oljeindustrien i Nordsjøen. Berre eitt tilfelle vart meldt til politiet. Grunngjevinga var interessant: Ein hadde funne ut at det var meir fruktbart å snakka med selskapa enn å melda dei til politiet. Det er logikk av eit anna slag enn den ein brukte då ein gjekk til rettssak mot Nav-klientar ein trudde hadde fått ytingar dei ikkje hadde krav på. Dei vart dømde til harde bøter og fengsel, på eit juridisk grunnlag som viste seg å vera feil.

Dette illustrerer eit stort problem i rettsstaten: at det alltid er lettare å rettsforfylgja og straffa dei som har små ressursar, enn dei som er rike og ressurssterke. Det er ein tanke ein alltid skal ha med seg når ein lagar ordningar for dei som har det vanskelegast i samfunnet.

Arbeidslinje

Går vi nærare inn på tankegangen omkring aktivitetsplikta, ser vi at han heng nøye saman med det som blir kalla «arbeidslinja» i arbeids- og sosialpolitikken. Det er brei politisk semje om at ein bør få flest mogeleg i arbeid, av fleire grunnar. Psykologiske og helsemessige vanskar blir ofte forsterka av at ein går utan arbeid. Ved å få folk tilbake i arbeidslivet gjer ein både helsepolitikken og økonomien ei teneste. Ein har også sett ein overgang frå ein modell der ein først vil kvalifisera folk til arbeid for deretter å setja dei i arbeid, til ein modell der ein først får arbeid og så kvalifiserer seg etter kvart (frå «train and place» til «place and train»).

Når ein først har blitt samd om arbeidslinja, har ein gripe til ulike insentiv for å få folk i arbeid. Og dei økonomiske insentiva er dei sterkaste. Medan ein før kunne få arbeidsløysetrygd så lenge ein var utan arbeid, får ein i dag dagpengar i to eller tre år. Innan den tid må ein anten ha kome seg i arbeid eller ha fått uføretrygd. Dersom ein ikkje har helsevanskar som kan gje uføretrygd, vil ein stå tilbake med sosialhjelp som alternativ. Men her er vilkåra at ein først brukar opp det ein har av oppsparte midlar. Det er altså ikkje lukrativt.

Aktivitetskrav

Spørsmålet ein må stilla, er ikkje om arbeidslinja verkar, men kor langt ho verkar. For dei som faktisk kan få arbeid og er ved god helse, vil desse insentiva verka som dei skal. Men det som verkar godt for 50 eller 70 prosent, treng ikkje verka godt for dei resterande prosentane. For dei som er slitne, helsemessig utsette og har ein komplisert livssituasjon, kan desse økonomiske pressmidla vera dei som faktisk skubbar dei over grensa til få status som uføre. Dei spelar ikkje sjuke; dei blir sjuke.

Spørsmålet om aktivitetskrav verkar, handlar også om korleis dei blir utforma. Det inneber at sakshandsamarane i Nav-systemet må ha nok tid til kvar brukar. Alt i dag har dei ansvaret for mellom 60 og 120 ulike brukarar. Då blir det lite tid til setja seg inn i situasjonen til kvar einskild. Kven skal forma ut arbeidskrava? Kva skal dei setjast til, og kven skal avgjera det? Å tru at ein kan gjera det innanfor eksisterande ressursar, er ein illusjon. Når den praktiske gjennomføringa er så lite gjennomtenkt, tyder det på at det er meir ideologi enn praktisk politikk det handlar om.

Sosial støtte har alltid hatt eit dobbelt ansikt, både hjelp og kontroll. For hundre år sidan var dette kravet formulert moralsk: Ein skilde mellom verdige og uverdige trengande. I dag har moralen krope inn i eit administrativt språk, og i ordningar der ein krev frammøte og dokumentasjon på god vilje.

Men det avgjerande spørsmålet er kva tid ein skiplar balansen, slik at kravet om kontroll øydelegg hjelpa. Tanken om å få ein helsegevinst av arbeid, er rett, men presset for å få dette til kan bli slik at det skader både helse og arbeidsevne.

Mistillit

For eit parti som argumenterer sterkt for tillit når det dreier seg om ordningar for næringslivet, tek det seg ikkje godt ut å satsa på maksimal mistillit når det gjeld dei som fell utanfor arbeidslivet.

Ein kontrollerer Jørgen hattemakar, set tak på ytingane hans og krev dagleg oppmøte, medan kong Salomo får skattelette. Ein får ei kjensle av at dei som vedtok dette, aldri har tenkt på at dei sjølve kunne koma i den gruppa som skal møta på rådhuset klokka 08.00 kvar dag for at dei ikkje skal mista stønaden.

Jan Inge Sørbø er professor ved Høgskulen i Volda og fast skribent i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Sosial støtte har alltid hatt eit dobbelt ansikt,

både hjelp og kontroll.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Høgpatogen fugleinfluensa spreier seg stadig og har no råka mjølkekyr i USA.

Foto: Rodrigo Abd / AP / NTB

DyrFeature

Influensa-alarm

I mars i år blei det slått full smittealarm i USA. Fugleinfluensa er no funne i meir enn 40 mjølkekubesetningar frå ti ulike delstatar.

Arve Nilsen

Foto: Terje Pedersen / NTB

Ordskifte
Gunhild AlvikNyborg

FHI svikter sitt samfunnsoppdrag

«Det er svært viktig at FHI er tydelig overfor publikum på at de ikke jobber med årsaken til long covid.»

Teikning: May Linn Clement

Ordskifte
Halvor Tjønn

Å forveksla aggressor med forsvarar

«Etter at Putin kom til makta hausten 1999, har Russland ført ei heil rad med krigar.»

Den nyfødde kalven.

Den nyfødde kalven.

Foto: Hilde Lussand Selheim

Samfunn
Svein Gjerdåker

Ei ny Ameline er fødd

Vårsøg – også kalla Tripso sidan ho var så skvetten som ung, spissa øyro for ingenting og trippa med beina inn og ut av fjøset – fekk ein ny kalv natt til 13. mai.

I framgrunnen står skulpturen «Le Combattant» (1961) av Sonja Ferlov Mancoba, bronse.

KunstMeldingar

Tungvektar med oppsikts­vekkande manglar

Kunstsilo trona mot blå himmel i Kristiansand på opningsdagen, laurdag 11. mai 2024. Vegen frå idé til ferdig museum har vore lang og prega av konfliktar. Det står att å sjå kva Kunstsilo kan bety for fastbuande og tilreisande. Tangen-samlinga er kanskje verdas største samling av nordisk kunst frå 1900-talet, men er ho representativ for perioden, og er det så nøye?

Mona Louise Dysvik Mørk

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis