JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

KommentarSidene 2-3

Geispar løvene?

Denne veka opna det 163. stortinget, med kongeleg pomp og prakt og bunadskledde representantar.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
5201
20181005
5201
20181005

Vi les at det er det yngste stortinget på lenge, kanskje nokon gong, og det yngste parlamentet i verda. Det er uvanleg mange under 30 år mellom representantane.

Er det eit teikn på vitalitet, eller tyder det på krise? Det er godt at unge folk får koma inn og få ein sjanse. Vi har jo også sett at folk som kom tidleg inn i politikken, har vist talent og fått sentrale verv, som Hadia Tajik (Ap), eller prega politikken lenge, som Kjell Magne Bondevik (KrF).

Faresignal

Men det sterke ungdommelege innslaget kan òg vera eit faresignal. Det er blitt vanleg å gå ut av politikken på eit tidleg tidspunkt, gjerne til PR-bransjen, fordi ein ikkje finn tilværet på stortingsbenken interessant. I vårt system er ikkje inntektene til dei folkevalde særleg høge, og vil ein bli steinrik, må ein finna seg andre jaktmarker. Skal ein vera politikar, må ein finna sjølve politikken meiningsfull. Dersom for mange gir seg etter ein periode eller to fordi dei finn det lite meiningsfullt, er det eit dårleg teikn.

Blir politikarane trøytte og motlause, kan det ha å gjera med det ein har kalla «avpolitisering av politikken». Det tyder at politikken trekkjer seg tilbake, styrer mindre og delegerer meir. På høgresida gir ein fleire oppgåver til det private, på venstresida lener ein seg til administrasjonen. I begge tilfelle blir det mindre att til politikken sjølv. Eitt av mange aspekt ved kampen mellom byråd og administrasjon i Oslo kommune handlar om maktfordelinga mellom politikk og administrasjon.

Den sjølvstendige og frittenkjande Høgre-representanten Georg Apenes skreiv i 1989 boka Løven gjesper. Han var bekymra for at makta hadde flytta seg vekk frå politikken. Politikarane diskuterte småsaker, debattane handla om bagatellar og små promillar av statsbudsjettet, medan dei store sakene vart avgjorde andre stader. Den norske løva i riksvåpen geispa og kjeda seg. Det er ei problemstilling som ikkje er blitt mindre aktuell etter den tid.

Endra syn

Ein grunn til at politikken kan fortona seg som uinteressant, er at synet på politisk leiarskap har endra seg. Politiske leiarar, om dei no kom frå bondeopposisjonen på 1800-talet, frå arbeidarrørsla i mellomkrigstida eller frå næringslivet, stod gjerne fram som talsmenn for grupper i samfunnet, og dei hadde ein modell dei søkte oppslutning om. I krisetider kunne dei stilla krav til folket, som når Churchill fekk tillit ved å snakka sannferdig om situasjonen: Her blir det ingen vallovnader, her blir det berre blod, sveitte, strev og tårer. Eg har ikkje sett dette slagordet brukt i nyare valkampar.

Moderne medium og ikkje minst moderne måleinstrument har snudd forholdet mellom politikar og publikum. Ein gjer seg avhengig av oppslutning i marknaden med det same. Modellen er henta frå sal og marknadsføring, og instrumenta er meiningsmålingar. I staden for at partiet representerer ei viktig gruppe eller ein ideologi og søkjer støtte for synet sitt, snur dei saka opp ned og gjer marknadsundersøkingar på kva som kan tenkjast å slå godt an i marknaden i år. I Sverige freista dei med ei ekstra ferieveke. Partia får sine favorittsaker, dei snakkar om branding og merkesaker. Dei politiske analysane trer tilbake, marknadsanalytikarar og spin-doktorar får oppgåva med å forma ut politikken. Difor er det på ingen måte tilfeldig at politikarane søkjer seg over i PR-bransjen etterpå. Det er på sett og vis der dei har vore heile tida.

Men kor tilfredsstillande er det å fungera som iverksetjar av vekslande trendar i folket? Dei som starta opp med genuin interesse for politiske spørsmål, endar med å diskutera kva slags politiske varer som har størst salsappell.

Kunnskap

I møte med det internasjonale biletet er ikkje dette tillitsvekkjande. I andre land, også europeiske, ser vi at folk vender politikken, og særleg dei etablerte politikarane, ryggen. Og skal politikarane ha respekt, må dei ha meir å fara med enn at dei har vore smarte marknadsfolk. Når den politiske mistilliten akselererer, ser vi ein tendens til at dei politikarane som kynisk forsyner seg av statsgoda – det folk mislikar – blir dei som fangar opp protestbølgjene. Dette skjer i land etter land.

Den trøyttleiken vi ser i den politiske institusjonen, heng sjølvsagt saman med mediesituasjonen: det kortsiktige i media, at ein ventar tilbakemelding med ein gong, og dei sterke utslaga på meiningsmålingane. Det er ikkje lett å argumentera for blod, sveitte og tårer, sjølv om både klimaproblema og flyktningkrisa viser at vi har store saker å ta fatt i.

Kva kan ein gjera? Ein kan vona på ei tilbakevending til dei viktige sakene i politikken, og at politikarane i større grad brukar fagkunnskap for å forstå kva som er dei viktige sakene. Det gamle mottoet «all makt i denne sal» må i dag tyda «den viktigaste kunnskapen i denne sal». Stortinget må henta kunnskapen og den seriøse debatten tilbake.

Då er PR-byrå heilt feil adresse.

Jan Inge Sørbø er professor ved Høgskulen i Volda og fast skribent i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Difor er det på ingen måte tilfeldig at
politikarane søkjer seg over i PR-bransjen.
Det er på sett og vis der dei har vore heile tida.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Sigurd Hverven er filosof og forfattar. Han har doktorgrad i filosofi frå Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet.

Foto: Dreyer

BokMeldingar

Hegel utan støv

Sigurd Hvervens omfattande bok om Hegel er noko av det mest imponerande eg har lese på lang tid.

Jan Inge Sørbø

Foto: Terje Pedersen / NTB

Ordskifte
RichardAubrey White

Tendensiøs statistikk om senfølger

Myndighetene må anerkjenne at senfølger eksisterer og utgjør et samfunnsproblem.

Klima- og miljøminister Andreas Bjelland Eriksen (Ap)

Foto: Javad Parsa / NTB

Ordskifte
AndreasBjelland Eriksen

Bedre forhold for villreinen

Villreinen som lever i fjellområdene i Sør-Norge, sliter. Skal vi lykkes med å snu utviklingen, må vi finne løsninger sammen.

Titusenvis av menneske har samla seg framfor parlamentet i Tbilisi dei siste vekene, i protest mot det dei kallar «den russiske lova».

Foto: Ida Lødemel Tvedt

ReportasjeFeature
Ida Lødemel Tvedt

Krossveg i den georgiske draumen

TBILISI: Demonstrasjonane i Georgia kjem til å eskalere fram mot 17. mai.
Mange meiner at det er no landet tek vegvalet mellom Russland og Vesten.  

Leonie Benesch spelar hovudrolla som læraren Carla Nowak.

Foto: Selmer Media

FilmMeldingar

Ja takk, Çatak

Eit sanningsord: Lærerværelset er høgst sjåverdig.

Brit Aksnes

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis