Kommentar
Fiskeforsking er best med beina på jorda
Nei då, sjølvsagt skal ein også vere på havet. Men kanskje bør ein lære av jordbruket og ikkje flytte opp i eit tårn.
Norskekysten er den delen av Noreg som heng fast i fastlandet og grensar mot havet. Han er kring 2650 kilometer lang. Tek ein med fjordar og bukter, vert kyststripa 28.953 kilometer, men fyrst når vi reknar inn øyar og holmar, monnar det verkeleg: Då endar vi på til saman 100.915 kilometer – to og ein halv gong kring ekvator. Kring 80 prosent av innbyggjarane i Noreg bur mindre enn 10 kilometer frå saltvatn.
Synest du det var mange tal så tidleg i avisa? Vel, då er det berre å bite tennene saman, for her kjem nokre fleire: I NOU 2016:26 Et fremtidsrettet kvotesystem, overlevert til Nærings- og fiskeridepartementet 14. desember 2016, er ordet «trål» brukt 134 gonger. «Kystflåte» er nytta 77 gonger. Ordet «allmenning» står sju gonger og «befolkning» har fått plass fire stader i det 112 sider lange dokumentet.
La oss så gjere same øvinga med to andre statlege dokument: den siste jordbruksmeldinga (Endring og utvikling, 2016–2017) og NOU-en Ny fjellov, som kom i juni i år. Naturleg nok er verken trål eller kystflåte nytta særleg ofte i desse dokumenta. Men ordet «befolkning» står 14 gonger i landbruksmeldinga og 12 i fjell-NOU-en. Og «allmenning»? Det står nemnt 2703 gonger i Ny fjellov.
Ikkje som jordbruket
Så. Kvifor har eg dytta på dykk alle desse tilsynelatande tilfeldige tala? Jau, eg prøver å seie noko om kva som framstår som viktig for Noreg. Og om kva som styrer korleis vi forvaltar kysten og havet, samanlikna med korleis vi styrer landarealet vårt.
Bakgrunnen er fallosen på Fornebu, Kjell Inge Røkkes forsøk på å skrive seg vertikalt inn i nasjonalhistoria med eit «World Ocean Headquarters», eit verdsleiande havsenter, og at ingen nokosinne ville funne på å bygge noko liknande for å gje oss meir kunnskap om matjorda vår. Eller om fjella våre.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.