Kommentar

Fake vitskap

Å verna om autoriteten til vitskapen er ei fundamental oppgåve.

Publisert

Den bedrøvelege Trump-æraen har gjeve oss eit bedrøveleg uttrykk: Fake news – falske nyhende. I utgangspunktet er det fornuftig å skilja mellom falske og ekte hendingar og meldingar. Men det er ikkje slik uttrykket blir brukt. I praksis verkar det slik at mektige aktørar, og især «trumpen» sjølv, definerer alt han ikkje likar, som falske meldingar, medan han presenterer sine eigne løgner som den einaste sanninga. Det som kunne vore ei frigjerande avsløring av løgn og bedrag, blir ein aktiv reiskap til å skapa meir av dette og gje det eit sanningsstempel.

Tradisjon og retning

Etter det store rabalderet om Statistisk sentralbyrå (SSB), som eg ikkje skal skriva om her, er eg redd for at same lagnaden kan råka omgrepet om vitskap. Konflikten i SSB kan ikkje førast tilbake til éi konfliktlinje og éi sak. Men mellom motsetnadane som er til stades, er ulikt syn på økonomi som fag og vitskap. I økonomifaget, som i alle andre fag, er det sjølvsagt ulike tradisjonar og retningar.

Når vitskapen frå tid til anna blir hovudsak i media, kjem slike motsetnader til syne. Det utløyser ein mekanisme hos det store publikumet. Ein blir skuffa og sjokkert over at det finst motsetnader i vitskapen. Det skjer ein brå overgang frå nesten blind tillit til skepsis, og denne overgangen kan føra til ein generell vitskapsskepsis.

Dette ser vi ofte på det medisinske feltet. I utgangspunktet har dei fleste stor tillit til dokter og medisin. Så oppdagar ein at tidlegare sanningar brått er oppheva; ein forstår sjukdom annleis og behandlar han annleis. For somme fører det inn i total vitskapsskepsis, og vi får små folkerørsler av alternativmiljø og vaksineskepsis.

Mekanismen ser ut til å vera at for stor tillit brått kan slå over i skepsis.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement