Kommentar

Eit val mellom elefantar

Det er ikkje berre éin elefant i valstudio. Det er ein heil flokk.

Publisert

Mange forstandige orkar ikkje valsendingar. Dei greier ikkje blandinga av billege salstriks og hol polemikk som politikarane overgir seg til når dei skal forklara kvifor vi skal røysta på dei. Difor slår dei av apparatet når sendinga byrjar. Og eg snakkar ikkje om politisk uinteresserte. Dette er folk som er engasjerte, som sterkt ynskjer at Erna skal gå av, eller at ho skal halda fram. Men den offentlege debatten om politikk byd dei imot. Kvifor er det slik?

Her vil eg peika på ein grunn. Det er for mange vesentlege saker ein ikkje snakkar om. Det er ikkje éin elefant i rommet, det er ein heil flokk. Det dreier seg om store saker som ikkje blir diskuterte, fordi dei ikkje utan vidare gagnar eitt av partia.

Den nye helseadelen

I ein stor artikkel i Tidsskrift for Den norske legeforening gjekk Rune Slagstad gjennom det han kalla den nye helseadelen. Med solid dokumentasjon syner han at det har laga seg eit sjikt av helsebyråkratar som har sin eigen agenda, og som i stor grad overstyrer politikarane. Dei har auka talet på helsebyråkratar frå 350 til 3500 på få år, og fleire og fleire av helsekronene går til å halda oppe stadig fleire byråkratiske nivå. Helsevesenet er blitt nesten umogeleg å styra, fordi dei politiske signala blir omforma til insentiv for å auka byråkratiet. Då Morgenbladet trykte artikkelen, hadde dei også snakka med nokre helsepolitikarar. Det var det mest forstemmande av alt. Dei avslørte i alle sine kommentarar at dei henta heile si forståing frå helsebyråkratiet; det fanst ikkje éin politisk tanke hos dei.

Dette er elefant nummer éin: Staten har innført styringssystem som har teke makta frå dei sjølv. Det er lettast å sjå i helsesektoren, men den same analysen gjeld for det akademiske systemet, som ikkje blir styrt av politikken, ikkje av akademikarane, men av byråkratiet. Eit namn på dette er New Public Management, som vart skapt av Thatcher, gjort sosialdemokratisk av Blair, og som i dag har gjort politisk styring så å seia umogeleg. All makt ligg i føretak og AS, og medisinsk ekspertise og akademisk autoritet er spela utover sidelinja saman med politikken. Men dette er heilt fråverande i den politiske diskusjonen.

Innvandringspolitikk

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement