Kommentar

Eit sommareventyr

Det er blitt større aksept for at politikarar og andre offentlege aktørar prøver seg med halvsanningar og kvartløgner.

Publisert

For eit par veker sidan var eg på kortur i England og Wales. Men norske nyhende tikkar inn same kvar ein er, og denne gongen starta det med at domorganist Kåre Nordstoga la ut eit lite, ironisk rim om at Innovasjon Noreg visst ikkje kjenner til det åttande bodordet. Det har dei vel felles med nokså mange, men dette bodet seier altså at ein ikkje skal lyga. Han viste til den oppdikta historia om at klokker var forbodne på Sommarøy om sommaren.

Så har historia om det tidsfrie samfunnet rulla vidare, til Kina og India og tilbake, og frå lokale aktørar i Troms til møteromma i dei nye løgnfabrikkane, enten dei no kallar seg Mr. H. eller PR-operatørene. Bølgjene har også skvalpa opp til minister Torbjørn Røe Isaksen, som er den politisk ansvarlege for kreasjonen Innovasjon Noreg, der ein er innovativ også i forholdet mellom sanning og løgn. Historia om Sommarøy er kanskje ikkje det minst truverdige frå den kanten; Innovasjon Noreg har utvikla seg til ein klisjéfabrikk, der sjølve omgrepet innovasjon står som ein vegg mot alle former for nytenking. Å vera innovativ i dag er å stadfesta alt som finst av tanketomme klisjear i feltet mellom PR og management, det er nyliberalisme på speed.

Eit sørgjeleg syn

Men tilbake til Storbritannia. Parallelt med meldingane om tidsfrie soner nord for polarsirkelen, køyrde britiske medium frå BBC til The Sun nærgåande journalistikk om Boris Johnson, den synlegaste kandidaten til statsministerposten. Han hadde krangla høglydt med elskarinna, politiet vart tilkalla, og det kom uklare meldingar om at nokon hadde sølt raudvin på sofaen. Ingen ting av dette er vel ukjent for avislesarar i Noreg.

Men i framhaldet gjekk ein hardt på Johnson, og brått hadde eg ei kjensle av at han måtte vera ein av underleverandørane til Innovasjon Noreg. Det var eit sørgjeleg syn. Han la for dagen eit nokså lurvete forhold til det åttande bodordet, for å låna uttrykket til domorganisten. Ein ven seg til mangt og mykje frå politikarar, som ofte går som katten rundt grauten. Men dette var noko meir; det var veldige forsikringar om kva han skal utretta, at han skal reforhandla store avtalar, halde tilbake pengar, ordna det slik at alle får det dei vil ha i Storbritannia, og visa ein gong for alle at den gamle stormakta kan diktera dei avtalane dei vil. Det var eit sommareventyr, ikkje så ulikt det Isaksens gutar produserer når dei får høve til å slå seg laus.

Sjølvsagt har Boris støtte frå den ideologiske onkelen og førebiletet sitt i Det kvite huset, sjølv om dei representerer to heilt ulike sider av den økonomiske overklassa, oppkomlingen mot tradisjonalisten. Oppkomlingen Trump produserer minst tre løgner i snitt per dag, etter det New York Times har rekna seg fram til. Då snakkar vi om falske opplysningar av konkret karakter, som heilt automatisk trillar ut av munnen på denne mannen. No tek Eton-guten opp konkurransen.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement