Kommentar
Ein skjemd nasjon vaklar vidare
Mellomvalet styrkte demokratane, men også Trump.
Resultatet frå mellomvalet i USA vart slik dei fleste kommentatorane venta: Demokratane tok attende Representanthuset med fleire mandat enn det som var naudsynt for å få kontroll, men republikanarane styrkte seg i Senatet. Viktige statar som Texas, Florida, Indiana og Tennessee vart verande republikanske på senat- og guvernørnivå.
Demokratane vann i forstadane (til dømes New Jersey), der Hillary Clinton stod sterkt i 2016. Valdeltakinga auka, det er viktig og sjeldan i mellomval. Her ligg sjansane til demokratane. Det var mellom anna fordi ho ikkje fekk dei svarte fram til urna, at Hillary Clinton tapte.
Kongressen er blitt meir mangfaldig enn før, med fleire og yngre kvinner – og fleire frå minoritetane: to muslimar og éin frå urfolket, éin openberr homofil.
Og den latinskætta Alexandra Ocasio-Cortez vann som venta i New York. Skamlaust kallar ho seg sosialist. Det er berre mogleg på aust- og vestkysten. I Ohio eller Montana lyder det ikkje så godt. Der trekkjer dei den grunnlovsfesta pistolen sin når dei høyrer slikt.
Kvinnemobilisering
Yngre veljarar og kvinner mobiliserte. Den gamle debatten om demografiske endringar – svekking av dei kvite anglosaksiske protestantane («the wasps»), styrking av latinos og auka deltaking frå afroamerikanarane og kvinner – har fått ny kraft no.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.