JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

KommentarSidene 2-3

Ein gong var vi eit samfunn

Det er noko rart med eit postvesen som ikkje vil levere post.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Postmannen spelar ei viktig rolle, i alle fall i filmen «Jul i Flåklypa»

5056
20180119
5056
20180119

Vi veit at universet veks. Det strekker på seg. Men at det skulle gå så fort, akkurat her, at Noreg med eitt skulle verte så stort at ein ikkje klarte å dekke over landet med postbil meir enn to–tre gonger i veka, sjølv om bilane vart betre, vegane vart fleire og fartsgrensene høgare – nei, det hadde vi kanskje ikkje trudd.

Sjølvsagt burde vi ha skjøna det. At laurdagsposten berre var eit fyrste skritt, nedgraderinga av A-post til B-post eit sidesteg, at ordninga med privat laurdagsavisombering ikkje var skapt for å vare. For skal vi tru høyringsnotatet «Kravet til leveringspliktige posttenester i framtidene – forslag til endring av postloven», har styresmaktene alt bestemt seg for å kutte postomberinga frå fem til to dagar, og då «er det vanskelig å forsvare å benytte de innsparte midlene – som kunne gått til andre viktige tiltak i samfunnet – til omdeling av papiraviser til en svært begrenset gruppe av befolkningen».

Ikkje relativt

Å halde på post i kassen fem dagar i veka kan koste 1 milliard statlege kroner i 2025. Det er jo litt pengar. Ti gongar meir enn det i dag kostar å få aviser til alle ein dag i veka (anbodet som Kvikkas fekk på laurdagsombering var på 96 millionar). Men det er òg ein tiandedel av omsetninga Posten hadde utanlands i 2016. Alt er framleis relativt, med andre ord.

Alt utan éin ting. Sjølvsagt er eg klar over at vi sender færre brev no – 59,6 prosent færre enn i 1999. Eg sender færre sjølv, byter ut brev mot e-post, rekning mot automatisk trekk og bursdagskort mot facebookmeldingar. Men sjølv i denne digitale røyndommen er vi fysiske vesen i fysiske omgjevnader. Det er ikkje relativt, men derimot fast, ein røyndom vi må ta innover oss. Ja, sjølv reiskapane vi nyttar for å kunne vere digitale, er til å ta og føle på. Av og til går dei sund og må reparerast, og tenk – då må dei sendast med posten, gjerne, og kome attende same vegen.

Men finn vi denne fasiliteten att i høyringsnotatet til Samferdsledepartementet? «Brevvolumet faller», skriv dei, og meiner med det talet på brev, medan talet på småpakkar – slikt vi tingar som ikkje er større enn at det får plass i postkassen vår – det veks. Berre ikkje nok: «Selv med en tredobling (...) vil det ikke være i nærheten av å kompensere for fallende brevvolum.»

Igjen ser dei «volum» som «tal på». Men ein pakke har jo ikkje same volum som eit brev, sjølv om han er liten. Ein pakke i postkassen kan, ifylgje både Posten og Bring, vere maks 60 centimeter lang. Samstundes må lengde + breidde + tjukne ikkje vere meir enn 90 centimeter. Han kan altså vere 60 x 20 x 10 centimeter, dersom postkassen din er stor nok og ikkje låst, og vege opp til to kilo. Då er det noko som skurrar når ein set likskapsteikn mellom ein pakke og ei rekning eller eit postkort.

Livets lys

«Den dag det ikke skrives brev vil livet miste mye av sitt lys og sin varme», seier dei mellom songane på kassetten Postens Landeplager – Norske sol- & sommerlåter 1995. Den gongen då Posten var glad i post. «Det er ikke lenger marked for dagens leveringspliktige posttilbud», seier dei i årsmeldinga for 2016.

Er det ikkje noko paradoksalt med eit postvesen som ikkje vil levere brev? Som heller vil investere i logistikk i utlandet, sjølv om resultatet for logistikkavdelinga var negativt i 2016, medan postavdelinga synte positive tal, sjølv med underdekning i den statlege finansieringa av dei ulønsame postkassane våre?

Dei er kreative når det gjeld kva vi kan gjere i staden for å få post av Posten. Det skal dei ha. Heimehjelper kan ta med aviser, vi kan få postboksar på butikken, og norske sjukehus har forhandla ein eigen avtale med Posten om ein fast pris på ekspresslevering over natta for naudsynte laboratorieprøver. Nett kva det kostar, får vi ikkje vite. «Selve prisen er forhold mellom avtalepartene», seier prosjektleiar Vanjet Chatwal, «men avtalen sikrer nå at sykehusene kan begrense sine kostnadsøkninger.» Dyrare vert det altså, for nokre andre.

På same vis har dei rekna på kor mange kilometer postboda slepp å køyre, men ikkje kor mange kilometer kvar og ein av oss må køyre for å kome til boksane og butikkane og aviskioskane. Ikkje deira problem? Nei, men vi var ein gong eit samfunn som brydde seg om dei samla kostnadene og kilometerane.

No sit vi her og veit at di meir ulønsam post vi sender – enten det er frå sentrum til utkanten eller til utkanten frå sentrum eller, Sandberg forby, mellom to utkantar – di mindre lønsame vert vi. Og di mindre post vi sender, di meir brensle hiv vi på nedbyggingsbålet.

Vi veit ikkje kva vi treng (behov) og kva vi berre vil ha (ønske) her ute, hevdar notatskrivarane. Nei, det er slitsamt med desse utkantane som berre krev, forventar og vil ha. Eg veit likevel kva eg ønsker mest av alt nett no: at Noreg held fram med å strekke seg. Heilt til det slitnar.

Siri Heller er journalist og fast skribent i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Dei er kreative når

det gjeld kva vi kan

gjere i staden for

å få post av Posten.

Det skal dei ha.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Foto: Julie Pike

LitteraturFeature

– Eg kan ikkje sovne inn i mitt eige liv

Ein abort gjekk frå å vere nemnd i forbifarten til å gje den nyaste romanen tittel.

IdaFrisch

Eugenio Derbez spelar hovudrolla som den nye læraren Sergio på ein mexikansk skule.

Foto: AS Fidalgo

FilmMeldingar

Simpatico

Radical er ein søt, håpefull film og ei rørande hyllest til kunnskap og pedagogikk.

Brit Aksnes

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis