Kommentar

Ein dobbeltmoralsk nasjon

Den norske skipsflåten slepper ut like mykje CO2 som alt anna norsk til saman.

Publisert

Det går ikkje nett den rette vegen med klimautsleppa, og det sjølv om både Kina og India har underskrive Parisavtalen. Denne veka kom BPs store årlege statistikk. Dei globale utsleppa gjekk opp med 645 millionar tonn karbondioksid (CO2) i 2018. Kina auka igjen mest med 199 millionar tonn, India vart nummer to med 162 millionar. Auken i Kinas utslepp var nesten fire gonger dei samla norske utsleppa på 52,9 millionar tonn klimagassar.

At Noreg ikkje har den store røynlege innverknaden på klimaendringane i verda, veit mange etter kvart, men vi kan vona på at vi har symbolverdi. Og ja, på visse felt kan vi vera føredøme, særleg i skogs- og avgiftspolitikken. Ein stad vi ikkje skal vera eit føredøme, er på den heilt einsidige konsentrasjonen om nasjonal statistikk.

Ros frå FN

Noreg, seier eit ekspertutval i FN, har verdas breiaste og djupaste CO2-avgift. Ingen skattlegg CO2 så breitt og effektivt som Noreg. Det gjer at norsk oljenæring og norsk industri er mellom dei reinaste i verda. Ja, næringane har utslepp, men dei prøver kvar dag å få dei vidare ned. Mykje takka vera avgiftspolitikken har vi eit av dei mest CO2-effektive velstandssamfunna i verda. Om resten av verda hadde fylgt Noreg som avgiftsdøme, ville utsleppa vorte mykje meir enn halverte.

Eg har nett lese ferdig ei bok om krafthistoria på Søre Sunnmøre. For over 120 år sidan kom dei fyrste planane om ei storstilt utbygging. Ei slik utbygging var avgjerande viktig av di regionen heilt mangla skog, sa dei gamle. Det var eit evig slit å få tak i ved. Ser eg no ut av vindauget, ser eg skog overalt. Skogen bind opp nesten halvparten av den CO2-en vi slepper ut. Vi har erstatta ved med rein kraft.

Men som vi veit, tel ikkje nordisk skog med i den internasjonale klimarekneskapen. Det er vel difor stadig fleire politikarar tek til orde for mykje meir hogst i Noreg. Den internasjonale klimarekneskapen er så viseleg laga at om Noreg høgg ned mykje skog og brenn han i ulike former, vil utsleppa våre gå ned på papiret, samstundes som dei i røynda går dramatisk opp. Nett det motsette av det vi vil skal skje ute i verda.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement