JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

KommentarSidene 2-3

Dyrevelferds­staten Noreg

Dagros druknar oftare i byråkrati enn i møk, men skal ho tryggast skikkeleg, må tilsyn og eigar kome nærare kvarandre.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
5886
20211029
5886
20211029

Svik vi dyra i Noreg? Det er uro i Mattilsynet. NRK fortalde førre helg at veterinærar sluttar i etaten fordi dei ikkje får høve til å gjere det dei ser som viktigast – å avsløre dårleg dyrevelferd og berge dyr som lir.

Nettsaka kan få det til å høyrast ut som norske fjøs nærast renn over av mishandla dyr: Mattilsynet har gått frå 3000 uromeldingar frå publikum i 2003 til 12.000 i 2018, skriv NRK. Samstundes vert det ført stadig færre tilsyn, ja, nokre stader endåtil nesten ingen umelde. Artikkelen nyttar så å seie berre døme frå landbruket. Syner det heile sanninga?

Hugs kjæledyra

NRK seier ingenting om kor mange av dei 12.000 uromeldingane som gjeld forhold i jordbruket. Bønder er ikkje dei einaste som eig dyr i Noreg, ein god part av meldingane gjeld kjæledyr – hundar og kattar og hestar som ikkje har det slik dei burde. Dette kunne med fordel vore tydelegare i så vel NRKs journalistikk som i dyrevelferdsdebatten som heilskap.

Det vil ikkje seie at jordbruket ikkje har reelle problem å ta fatt i. Eitt av dei er nettopp det problematiske forholdet mellom bondenæring og mattilsyn. At bønder er utrygge på kva følgjer det vil få å sleppe Mattilsynet inn på garden, er uhaldbart. At bønder motarbeider Mattilsynet like så. Og at Mattilsynet ikkje klarar å avdekke dyretragediar som aktivistar med skjult kamera får fram i lyset, er ein tragedie i seg sjølv.

For grisene var det bra at situasjonen vart avdekt, men at bønder ikkje søv skikkeleg om nettene fordi dei er redde for at folk med kamera snik seg rundt i fjøsane deira, er ikkje ein rettvis konsekvens.

Vi skal ta med oss at av 2840 tilsyn Mattilsynet utførte i 2020, fann dei 23 tilfelle av alvorleg vanskjøtsel. Det er for mange, men likevel ein låg del. Dei aller, aller fleste bønder tek godt vare på og bryr seg om dyra sine. Ja, dei tek endåtil på seg eit stort ansvar ved å produsere mat til oss.

Som andre næringar skal dei tole å møte kritikk for det dei gjer gale, men då må det dei gjer godt, møtast med respekt og forståing. Bakom svært mange dyretragediar ligg det mennesketragediar. Rovdrifta som eit økonomisk usikkert og effektivitetsjaga system driv på bøndene, er eit problem som krev mykje større løysingar enn dei Mattilsynet kan stå for åleine.

Tillit i vranglås

Likevel: Det grovaste er at 43 prosent av uromeldingane til Mattilsynet i 2020 ikkje vart følgde opp. For fyrst og fremst skal vi ikkje akseptere eit Mattilsyn som ikkje har høve til å prioritere umelde tilsyn til dyrehald som dei mistenker er uforsvarlege. Akkurat like lite som vi skal akseptere eit barnvern eller eit politi som ikkje rykker ut når dei får inn meldingar om lovbrot og skadelege forhold.

Noko har truleg gått så gale i forholdet mellom bondenæring og tilsynsorgan at det er vanskeleg å sjå korleis det kan rettast opp. Ved fleire høve har Mattilsynet fått påpakning frå mellom andre Riksrevisjonen om at tilsyna deira ikkje er godt nok dokumenterte. Det er viktig kritikk som er vanskeleg å unngå å møte med auka byråkrati. Det er akkurat det som har skjedd her, noko som fører til endå færre gjennomførte tilsyn. Og dyra taper igjen.

Kontrollsamfunnet

For kor vert det av dyra oppi det heile? Det er ikkje kyrne, kaninane, hestane eller undulatane sin feil at vi har laga oss eit samfunn der det er naudsynt å føre kontroll med treemballasje i importsendingar. Likevel er det ei heilt naudsynt oppgåve for Mattilsynet. I treemballasje kan det nemleg bu insekt og andre skadegjerarar vi på ingen måte ynskjer oss inn i fauna og flora.

Å føre tilsyn med dyrehald er langt frå den einaste oppgåva Mattilsynet, med sine 1300 tilsette, har. Vi tek oss tid til å sjå på alle: «Vi skal fremme folke-, plante-, fiske- og dyrehelse, miljøvennlig produksjon og etisk forsvarlig hold av fisk og dyr. Mattilsynet har også oppgaver knyttet til kosmetikk og legemiddel, og fører tilsyn med dyrehelsepersonell. Mattilsynets rolle er å utarbeide forslag til, forvalte og veilede om regelverk, føre risikobasert tilsyn, formidle informasjon og kunnskap, og ha beredskap. Mattilsynet skal gi faglige råd til Landbruks- og matdepartementet, Nærings- og fiskeridepartementet og Helse- og omsorgsdepartementet», ifylgje deira eiga nettside.

Alt dette skal dei gjere medan dei balanserer stadige ostehøvelkutta budsjett med regelverk vi får frå EU, statlege norske interesser, dyrevernorganisasjonar, næringsliv og dei av oss som eigentleg mest er litt misunnelege på at naboen har fleire hundar enn vi klarar å ta oss av, og kanskje synest nokre av dei er litt tynne.

Lat oss løfte blikket

Problema har vore der lenge. At dei no lek ut, er bra – dersom vi klarar å ta tak i dei. Kanskje må vi byrje med å løfte blikket og sjå kva vi ynskjer oss: Ville det ikkje vore flott med eit system der bistand frå fagpersonell utanfrå kunne vore ei hjelp og ikkje ein trussel?

Ein utopi? Nei då, ifylgje bransjen sjølv har vi hatt det nærast slik, for berre eit fåtal år sidan. Før endelause omstillingsreformer og anonyme søknadsbunkar og organisasjonsideologi som seier at tilsette ikkje skal spesialisere seg, men jobbe med alle fagområde etaten dekker.

Høyrest dette kjent ut? Ja, det er likskapstrekk mellom situasjonen i Nav og det som no er i ferd med å leke ut frå Mattilsynet, og det er ikkje positivt. Tvert om fortener dyra våre – og dei som tek på seg ansvaret med å forvalte dei – at heile samfunnet tek situasjonen minst like alvorleg.

Byråkratiske oppgåver må vekk, og det gode, lokale forholdet til dyr og dyrehaldarar må attende i førarsetet.

Siri Helle er forfattar, journalist og fast skribent i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Det er ikkje kyrne, kaninane, hestane eller undulatane sin feil at vi har laga oss eit samfunn der det er naudsynt å føre kontroll med treemballasje i importsendingar.

Fleire artiklar

Rita Paramalingam er fødd i 1993 i Oslo og er jurist. Ho debuterte i 2017 og kjem no med sin andre roman.

Foto: Marthe Haarstad

Meldingar

Den vanskelege sameksistensen

Rita Paramalingam skriv overtydande om sosial dysfunksjonalitet.

Odd W. Surén

Teikning: May Linn Clement

BokMeldingar
Olav H. Hauge

Olav H. Hauge-dagbøkene

15. mars 1938: «Sume er so redde for å ta frå andre, eller rettare vera ved at dei låner; dei prøver på død og liv vera originale.»

Det er seks år sidan Norma Winstone gav ut førre album.

Foto: Michael Putland / ECM Records

MusikkMeldingar
Lars Mossefinn

Hand-i-hanske-duo

Norma Winstone er ein tekstforfattar av rang.

Erling Indreeide har mellom anna skrive fleire diktsamlingar, musikk- drama og essay.

Foto: Julie Engvik

BokMeldingar
Sindre Ekrheim

Noko for seg sjølv og noko for kvarandre

Erling Indreeide har skrive ei bok som eig ei uvanleg sterk poetisk tankekraft.

Svenske soldatar øver på grensa mellom Noreg og Finland under Nordic Response i 2024.

Foto: Heiko Junge / NTB

Ordskifte

«Det dreier seg om å ha eit truverdig forsvar som held fiendar borte.»

Tor OlavHauge

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis