JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

KommentarSidene 2-3

Donald Trump er ikkje alltid heilt på jordet. Han blei dømt for bagatellar av ein domstol som ikkje er upartisk.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
6388
20240607
6388
20240607

Domstolen på Manhattan fann at ekspresident og presidentkandidat Donald Trump er skuldig på alle tiltalepunkt. Det var 34 av dei, for kvar forfalska sjekk, rekning og dokument blei av retten vurdert som separate tilfelle av rekneskapsfusk. Saka dreier seg som kjent om «hysjpengar» til pornoskodespelaren og regissøren Stormy Daniels. I 2006 hadde ho seksuelt samvær med Trump på eit hotellrom i Lake Tahoe i Nevada, kort tid etter at Melania Trump fødde sonen Barron.

«Ingen er heva over loven», «Oppsiktsvekkande og historisk», «Viser at det amerikanske rettsvesenet fungerer». Slik var mange av reaksjonane frå det liberale kommentariatet. Samtidig var det ein eim av antiklimaks i lufta. Etter alt han er blitt skulda for, så blei han dømd for dette?! Det er litt som da Al Capone måtte i fengsel, men berre for skatteunndraging.

Kommentariatet

Kva har vi ikkje vore gjennom av Trump-rettssaker, kongresshøyringar og granskingar dei siste åtte åra? Som president blei han skulda for å vere russisk agent. Mueller-granskingane gjekk føre seg i nesten to år, frå mai 2017 til mars 2019. I 2020 og 2021 var vi gjennom to direktesende saker i den amerikanske riksretten.

«Korleis kan forfalskinga som skjedde etter valet, ha påverka valet?»

Våre medium, ikkje minst NRK, følgde desse sakene time for time, dag for dag, månad for månad, år for år. Nye funn, vitnemål og dokument dukka alltid opp. I fleire år var det berre eit spørsmål om tid før CIA og FBI redda heile den frie verda frå Trump. Omtrent slik var den narrative føringa i mediedekninga.

Alt saman løyste seg opp i vind, luft og ingenting. Det var eit enormt sløseri. For livet er kort, og halvparten av Noreg brukte månader av det på å følgje desse sakene. No blei han altså dømd. Med eit poff.

Tvilsamt vitne

Stjernevitnet til aktoratet var Michael Cohen, Trumps tidlegare advokat og consigliere. Cohen blei dømd til tre års fengsel i 2018 (og fråteken advokatløyvet), mellom anna for skattesnyteri og for å lyge til Kongressen.

I oktober 2016 overførte Cohen 130.000 dollar til Stormy Daniels. Pengesporet var enkelt å følgje. At Cohen ikkje er eit truverdig vitne, var nesten berre ein fordel. For ingen jury ville mistenkt Cohen, som påviseleg er ein grådig mann med låg moral og integritet, for å ha betalt pornostjerna frå eiga lomme for å vere grei.

Trump-organisasjonens tvilsame forretningspraksisar har vore bretta ut i fleire tiår, også i rettssalar. Problemet denne gongen var at dei førte utbetalingane til Daniels som «advokatutgifter». Vanlegvis er «feilposteringar» av denne typen rekna som eit mindre lovbrot (som kan gje bot), ikkje som eit brotsverk (som kan gje fengsel) – med mindre handlinga blir gjord for å skjule eit anna brotsverk. I denne saka hevda aktoratet at Trump hadde villeia amerikanske veljarar om sin eigen «karakter», og dermed påverka presidentvalet.

Cohen overførte pengane til Stormy Daniels eit par veker før presidentvalet i 2016, greitt nok. Men dokumenta blei forfalska først i 2017. Det teknisk-juridiske paradokset blir da: Korleis kan forfalskinga som skjedde etter valet, ha påverka valet?

Aktoratet på Manhattan meiner at transaksjonen var eit ulovleg valkampbidrag. Men da Cohen blei dømd for si rolle i Stormy Daniels-affæren, var det i ein føderal domstol. Korleis kan Trump dømmast for akkurat det same lovbrotet, men denne gongen i ein statleg domstol?

I første runde gjekk Trumps advokatar etter Cohens truverd. Dei kunne ikkje seie: «Trump har ikkje gjort det, og dessutan bør han bli frikjend på grunn av tidspunktet da han gjorde det.» I ei ankesak kan desse spørsmåla bli sentrale.

Trump hevdar at heile prosessen var rigga og politisert. Han greier sjeldan å seie ei setning utan løgner eller groteske overdrivingar, han respekterer ikkje spelereglane i demokratiet. Er det derfor blitt for enkelt å feie bort alt han seier?

Valde dommarar

Det kan vere verdt å minne om at det amerikanske rettsvesenet ikkje er frikopla frå verken pengar eller politikk. Ein ting er at dommarar til høgsterett, ankedomstolar og føderale domstolar blir peika ut av presidenten. Trump utnemnde til dømes meir enn 250 dommarar i sin presidentperiode.

Mindre kjent er det at både dommarane og aktorane i mange lokale domstolar blir direkte valde av folket. Kor sannsynleg er det at slike valde dommarar og aktorar er heilt upåverka av stemningane blant veljarane sine? Alvin Bragg, aktoren som førte saka mot Trump på Manhattan, er til dømes vald i ein valkrins som er dominert av det demokratiske partiet.

Tre andre saker mot Trump er under oppsegling. Ei dreier seg om Trumps forsøk på å «stele» presidentvalet i delstaten Georgia i 2020. Denne saka går for ein statleg domstol der aktoren Fani Willis, i likskap med Bragg, er vald i ein krins med markant demokratisk fleirtal. Onsdag denne veka vann Trumps advokatar ein viktig siger. Ankedomstolen i Georgia gav dei medhald i at Willis’ kjærleiksforhold til assisterande aktor Nathan Wade kunne innebere ein interessekonflikt, og saka er utsett på ubestemt tid.

Dei to siste rettssakene er føderale. Den eine handlar om Trumps rolle da Kongressen blei storma i 2020, den andre om at Trump tok med seg store mengder hemmelegstempla dokument frå Det kvite huset til heimen i Mar-a-Lago i Florida. Også i desse sakene er dei politiske sympatiane til aktoratet og dommarane ein klar faktor. Dommaren i Florida, Aileen Cannon, er til dømes ein svoren tilhengjar av Trump, som utnemnde ho til dommar i rekordlåg alder.

Ingen av sakene kjem opp før presidentvalet i november. Alle fire kan bli anka i mange år framover.

Ein oppviglar?

Straffeutmålinga i Manhattan-saka skjer den 11. juli. Trump kan bli dømd til fengsel, og sidan denne domstolen er statleg, ikkje føderal, kan han ikkje benåde seg sjølv. At han er tidlegare ustraffa, er formildande. Det same ville vore tilfelle om Trump viste anger. Her er det neppe mykje å gå på.

Konstitusjonen hindrar ikkje ein lovbrytar i å bli president, heller ikkje om han sit i fengsel under valet. Unntaket er om ein har drive med oppvigleri mot USA. Saka i Georgia, og storminga av Kongressen, handlar om det. Rekneskapsfusk i samband med hysjpengar til ei pornostjerne er til samanlikning ikkje mykje å snakke om.

Morten A. Strøksnes er
journalist i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar

Rita Paramalingam er fødd i 1993 i Oslo og er jurist. Ho debuterte i 2017 og kjem no med sin andre roman.

Foto: Marthe Haarstad

Meldingar

Den vanskelege sameksistensen

Rita Paramalingam skriv overtydande om sosial dysfunksjonalitet.

Odd W. Surén

Teikning: May Linn Clement

BokMeldingar
Olav H. Hauge

Olav H. Hauge-dagbøkene

15. mars 1938: «Sume er so redde for å ta frå andre, eller rettare vera ved at dei låner; dei prøver på død og liv vera originale.»

Det er seks år sidan Norma Winstone gav ut førre album.

Foto: Michael Putland / ECM Records

MusikkMeldingar
Lars Mossefinn

Hand-i-hanske-duo

Norma Winstone er ein tekstforfattar av rang.

Erling Indreeide har mellom anna skrive fleire diktsamlingar, musikk- drama og essay.

Foto: Julie Engvik

BokMeldingar
Sindre Ekrheim

Noko for seg sjølv og noko for kvarandre

Erling Indreeide har skrive ei bok som eig ei uvanleg sterk poetisk tankekraft.

Svenske soldatar øver på grensa mellom Noreg og Finland under Nordic Response i 2024.

Foto: Heiko Junge / NTB

Ordskifte

«Det dreier seg om å ha eit truverdig forsvar som held fiendar borte.»

Tor OlavHauge

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis