Kommentar
Den stillfarne krigaren
Joachim Rønneberg (1919–2018) minner oss om kor særeigen den norske motstandsrørsla var.
Joachim Rønneberg på Rjukan i 2013, 70 år etter tungtvannsaksjonen mot kraftanlegget på Vemork på Rjukan.
Foto: Marte Christensen / NTB scanpix
Alle nasjonar har sine heltar. Krigsheltane er av så mange slag. Å samanlikna heltar over nasjonsgrensene kan gje oss eit interessant innblikk i psyken og soga til ein stat.
I Finland har dei skarpskyttaren som hadde femti sovjetiske liv på samvitet under vinterkrigen frå 1939 til 1940, som sin nasjonalhelt. Det er forståeleg; landet kjempa desperat for nasjonalt sjølvstende mot den russiske overmakta. Å drepa sovjetiske inntrengjarar var heroisk naudverje.
I Frankrike har dei Jean Moulin, motstandsmannen frå Chartres som drog til de Gaulle i London, vart send attende som leiar av motstandsrørsla, så meld til Gestapo (ukjent av kven) og torturert til døde av «slaktaren frå Lyon», Klaus Barbie. Barbie vart pågripen i Bolivia på åttitalet etter å ha levd i mange år som Klaus Altmann i ein tysk koloni.
Moulins lagnad seier mykje om stoda i Frankrike under okkupasjonen: om skiljelinene i motstandsrørsla mellom de Gaulle og kommunistane, mellom innland og eksil (som i Noreg), om svik og infiltrasjon og om de Gaulles til tider skjøre posisjon i England. Slik er Moulin ein spegel av fransk historie under krigen, med alle flekker og ljospunkt (han ligg gravlagd i Pantheon).
Fleire fluktvegar
Eg hadde ein ven frå Nederland i studietida. Far til Johannes van de Pool var aktiv i motstandsrørsla. Han var med i ein gjeng som hadde stole Gestapo-uniformer. Dei skulle dei bruka for å koma seg unna etter eit bankran. Johannes fortalde meg at far hans hadde kome seg vel unna banken etter ranet. Men eit britisk flyåtak hadde tvinga dei ut av fluktbilen, og då vart dei oppdaga. Alle vart skotne i kampen som fylgde.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.