JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

KommentarSidene 2-3

Den rituelle budsjettdansen

For nokre billige sølvpengar slengde ut til mellompartia får regjeringa vera i fred.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Ein må spørja her om det vi ser, er ein årviss rituell budsjettdans –  pressekonferanse med dei finanspolitiske talsmennene Nicolai Astrup (H), Helge André Njåstad (Frp), Terje Breivik (V) og Kjell Ingolf Ropstad (KrF) etter forliket på onsdag.

Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB scanpix

5218
20171124
5218
20171124

Regjeringa ville før budsjettforliket denne veka gje 9 milliardar kroner i skattelette, men hadde ikkje pengar til nye statsstipend «på grunn av ein stram budsjettsituasjon». Det er særs småleg. Eit statsstipend er på litt over 400.000 kroner og har hatt særs mykje å seia for dei som får det – for det meste intellektuelle, diktarar og andre kunstnarar utan institusjonell tilknyting som ofte har hand-til-munn-økonomi.

Vi har ikkje ei Poet Laureate-ordning som dei har i USA og Storbritannia – ein slags hoffpoet, som dei sa i gamle dagar. Men statsstipenda har verka nokolunde på same måten. I Kulturbrevet frå 1945 sa Henrik Groth det som skal seiast om grunngjevinga for kultursatsinga: Kultur «høyner livstemperaturen». Kultur gjev oss noko å leva for, ikkje alltid av. Finst det noko viktigare?

Livets salt

Kultur er livets salt, eit felles orienteringspunkt for meining og perspektiv i livet, fordjupande for lengten vår etter samanheng, identitet, det vakre og det interessante. Og kunstartane minner oss om det gamle ordtaket: ars longa, vita brevis – kunsten er lang, livet er kort. Kunsten gjev oss røter til tidlegare slekter, livet og kunnskapstørsten deira, og fortel oss at sjølv om vi alle startar på nytt, er det banda til fortida som avgjer korleis vi kan søkje.

Ein kan sjølvsagt spørja: Er ordninga med statsstipend regionalt bestemt? Lista over nye kandidatar er ofte prega av oslonamn. Kan det tenkjast at ordninga med tilråding bidreg til ein for stor dominans av visse miljø? Her er det mogleg med ei reform som gjer nedslagsfeltet breiare. Kan hende ville det vore betre om ein kunne søkja på slike stipend på ein open måte, demokratisk og transparent. Då ville kjennskap og venskap telja mindre. Men lista over statsstipendiatar er lang og ærerik. Sjeldan får staten så mykje skaparkraft att for så lite.

Smålege framlegg

Men til neste år vert det altså ingen nye stipendiatar. Saka kan stå som døme på regjeringas smålege framlegg til kutt denne hausten. Og kuttlista var lang. 15 millionar i kutt var til dømes meldinga til fri rettshjelp, eit av dei tiltaka som verkeleg hjelper folk nedanfrå til rudimentær rettstryggleik. Stønaden til organisasjonen Gatejuristen, ein av dei som skulle råkast, festar inntrykket av at rettstryggleik held fram med å vere mykje av ei klassesak.

Og då har vi ikkje nemnt dei føreslåtte kutta til folkehøgskulen – eit skuleslag som er eit pustehol i skulesystemet vårt, og som nett no opplever stor framgang i søkjartal. Regjeringa dekkjer seg rett nok ved å seia at kutta berre skal gjelda kortkursa, som målarkurs, kammermusikk- og dansekurs og seminarliknande kurs med foredrag om særskilde emne som treffer heile folket. I lokalsamfunnet er folkehøgskulen eit kultur- og danningssenter for heile samfunnet og ei særeiga norsk skuleform som andre land ovundrar oss.

Legg ut åte

No kom mange av desse kuttframlegga – men ikkje statsstipenda – inn att i budsjettforliket denne veka, takk vera Venstre og Frp. Ein må spørja her om det vi ser, er ein årviss ritualistisk budsjettdans: Høgre gjev kvart år etter for Frp (til dømes framlegget om reduksjon av pressestøtta), og legg samstundes ut eit åte som dei veit mellompartia vil bita på.

Slik får Høgre stilna uroa til høgre for seg, og Siv Jensen kan himla med augo og seia at slik er verda med det stortinget veljarane har gjeve oss. Ikkje noko å gjera. Deretter togn frå den kanten. Ingen kan seia at Solberg isolerer Frp. Ho held dei inne i varmen og lèt dei stelle med flaggheisingane sine.

Samstundes vil desse kompromissa kring hjartesakene til mellompartia gje dei ei forbigåande, varmande kjensle av makt. Det er naturlegvis ein illusjon, for det er jo småpengar det dreier seg om. Flikking. Ei interessant side her er at dei verkeleg store sakene på dette viset glir ut av horisonten.

Og lobbyistane vender seg som ein sverm mot Venstre og KrF under forhandlingane. Somme får gjennomslag og andre ikkje, og heile prosessen vert utydeleg. Det som er klart, er at Høgre, som det store konservative partiet vårt, burde sett seg for godt til å kome med desse tarvelege kuttframlegga til å byrja med, og lata forhandlingane handla om dei store pengane.

Gjev regjeringa fred

Men nett fordi Solberg vil halda regjeringa saman, får vi desse tempeldansane kvart år til innvortes bruk. «Stemmer tel, men ressursar avgjer», heier det i Stein Rokkans klassiske oppsummering av norsk politikks sosiologi. I desse budsjettrundane kan vi minnast denne utsegna: Det dreier seg om tilbaketrekkings- og trugsmålsmakt.

For nokre billige sølvpengar slengde ut til mellompartia får regjeringa vera i fred. Mellompartia siviliserer regjeringas budsjettproposisjon, men til liks med Nick Cleggs tilsvarande prosjekt andsynes toryane i Storbritannia er det lite takksemd i politikken. Clegg fekk lite attende for lina si. Toryane fekk all merksemd og all åtgaum for tiltak som eigenleg Clegg hadde sikra. Venteleg går det slik med Venstre og KrF også.

Bernt Hagtvet

Bernt Hagtvet er professor
i statsvitskap og fast skribent
i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Mellompartia

siviliserer regjeringas

budsjettproposisjon.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Kina fyrer på alle sylindrane: Ingen bygger ut så mykje kolkraft som kinesarane gjer. Biletet viser eit kolkraftverk i Dingzhou  i Hebei-provinsen.

Foto: Ng Han Guan / AP / NTB

Samfunn

Ein straum av problem

Straumforbruket i verda aukar framleis raskare enn fornybar kraftproduksjon. Kolkraftverk skal varme kloden i mange år enno.

Per Anders Todal

Christian Treutmann-orgelet frå 1737 i stiftskyrkja St. Georg i Grauhof.

Foto via Wikimedia Commons

MusikkMeldingar
Sjur Haga Bringeland

Monumental pedal

Masaaki Suzukis frasering gjev rom for smertelege dissonansar.

Trålar utanfor Måløy sentrum.

Trålar utanfor Måløy sentrum.

Foto: Gorm Kallestad / NTB

Ordskifte
RagnarSandbæk

Barents blues, også et flytende samfunn

Min tiårige til-og-fra-periode i den tøffe trålbobla har preget meg nokså sterkt.

Ludmila Shabelnyk syner bilete av sonen Ivan i landsbyen Kapitolivka ved Izium i Ukraina, 25. september 2022. Russiske okkupasjonsstyrkar mishandla Ivan grovt før dei drap han. Landsbyen vart seinare gjenerobra av ukrainske styrkar.

Foto: Evgeniy Maloletka / AP / NTB

KommentarSamfunn
Cecilie Hellestveit

Overgrep som skakar folkeretten

Okkupasjonsmakta Russland viser ingen respekt for konvensjonen som skal verne sivile i krig.

Olfa og døtrene i den Oscar-nominerte dokumentarfilmen som Kaouther Ben Hania har både manus og regi på.

Foto: Arthaus

FilmMeldingar

Venleik og udyr

Den vakre og vonde dokumentaren til tunisiske Kaouther Ben Hania er stor filmkunst, skriv Håkon Tveit om Olfas døtre.

Håkon Tveit

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis