JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

KommentarSidene 2-3

Den raude fare

I ei tid då høgrepolitiske parti skiplar den politiske balansen i land etter land i Europa, ser ein på Bjørnar Moxnes som det største trugsmålet.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
5666
20180706
5666
20180706

I det gamle Sovjet blei det produsert ei rekkje systemkritiske vitsar. Her er ein av dei: Leonid Bresjnev fekk vitjing av den gamle mor si då han var etablert som generalsekretær i partiet. Han synte henne stolt rundt i dei slottsaktige romma han budde i, og ikkje minst var han kry av den store samlinga si av veteranbilar. Mora var storleg imponert, men mot slutten av omvisinga kom ho med eit engsteleg spørsmål: «Kva om dei raude kjem tilbake?»

No er det ikkje lenger mor Bresjnev som er engsteleg, det er norsk høgreside. Kristin Clemet erklærte i april at det no er på tide å ta partiet Raudt alvorleg. Å ta dei alvorleg tyder for Clemet å jaga dei ut av debatten, ved å karakterisera dei som illiberale. Ho les programmet, og finn ei rekkje formuleringar der som minner om totalitær kommunisme eller i det minste aggressiv anti-kapitalisme. Seinare har Hanne Skartveit fylgt opp i VG langs dei same linjene. Skulle Raudt koma over sperregrensa og få sterk påverknad på AP, vil eit farleg, anti-kapitalistisk parti kunna prega ei eventuell ikkje-borgarleg regjering. Dei raude vil koma tilbake.

Det er ikkje vanskeleg å finna problematiske element i programmet til Raudt. Det er uklart kva slags økonomisk modell dei ser føre seg. Men det er heller ikkje lett å sjå at dei skulle truga det norske liberale demokratiet.

ubalanse

Vi kan gå inn i feltet frå ein annan synsvinkel. Modernitetsteoretikarar som Gunnar Skirbekk og Jürgen Habermas argumenterer for balanse mellom kreftene i eit moderne samfunn. Dersom eit samfunn blir berre stat, endar det som ein byråkratisk straffeanstalt, som DDR. Dersom eit samfunn blir berre marknad, blir det ein røvarkapitalistisk stat, som Russland under Jeltsin. Dersom eit samfunn blir berre kultur – forstått i sosiologisk forstand – kan det bli ein prestestat som Iran. Det gode moderne samfunnet lèt kultur (normer, verdiar, menneskerettar) setja grenser både for staten og for marknaden. Staten må ikkje bli total, det må heller ikkje marknaden.

Dei negative døma viser at når staten blir for dominerande, allierer han seg med enten marknaden eller kulturen. I den gamle kommunismen slo staten saman økonomi og stat i ein mislukka planøkonomi. Og fordi maktkonsentrasjonen vart for sterk, regulerte dei også kulturen med hard hand.

I dag er alliansen ein annan. Det er logikken frå marknaden som slår inn i staten. I undervisningssektor, helsevesen, samferdsel og infrastruktur er det marknadslogikken som skal vernast av staten. Dette er tankegangen i mykje av EU-byråkratiet, og det har til dømes gjeve oss håplause situasjonar som ambulanseflya i nord. Den økonomiske logikken i anbodstvangen er viktigare enn tryggleiken til samfunnsborgarane. I helsevesenet er det eigne folk som arbeider heile dagen med å prissetja kvar diagnose, og dei omtalar omsorgstenester som «produksjon» og pasientar som «ordrereserve». Systemet med å offentleggjere resultat for einskildskular, og ha fritt skuleval, er ein måte å bruka konkurranseelementet på i pedagogikken.

Marknad–stat-allianse

Det er ikkje Bjørnar Moxnes’ sosialistiske ideologi som endrar samfunnet i dag, det er ein kombinasjon av marknadslogikk og stat som har erstatta både den gamle planøkonomien og det gamle sosialdemokratiet, som brukte marknaden, men regulerte han.

Vår tids DDR-ideologi er ikkje ein statsstyrt økonomi utan noka opning for marknadskrefter. Det er ein ideologi som ser på marknadskreftene som den sentrale krafta som staten skal verna om. Det er nesten umogeleg å argumentera mot dette, fordi talsmennene for desse ideane avviser forsking på området. Det er skrive systematiske gjennomgangar av resultata av å skapa såkalla kunstige marknader i offentleg sektor, og dei viser at resultata er dårlege. Den britiske statsvitaren Christopher Hood gav i 2015 ut boka A Government that Worked Better and Cost Less?. Der går han gjennom dei reformene som Thatcher innførte og Blair (og Stoltenberg) fylgde opp, og som nettopp handlar om å bruka modellane frå marknaden i staten, eller sagt på ein annan måte: bruka staten til å verna marknadslogikken. Hans konklusjon er nådelaus og utvitydig. Desse reformene har skapt ein stat som ikkje driv betre, og som kostar langt meir. I Noreg lova Victor Normann at ein skulle spara inn fleire milliardar i offentlege kroner ved å «modernisera» staten, men det er milliardar ingen har sett. Derimot har vi fått eigne «moderniseringsministrar» som skal sørgja for at marknadslogikken ikkje møter motstand, ikkje i form av helsearbeidarar som set omsorg over marknad, ikkje i form av ambulansetenester der tryggleik er viktigare enn anbodskonkurransar.

Den reelle faren

Desse reformene har ført heile det politiske feltet over mot høgre, fordi sosialdemokratane har slutta seg til alliansen mellom marknad og stat. Men fordi det resulterande byråkratiet fører til motstand og maktesløyse hos mange menneske og svekkjer velferdsordningane, skaper dette grobotn for meir populistiske parti. Ein kan gjerne sjå på Raudt som ein del av det. Men det er i så fall ein liten del. Dei aller fleste frustrerte vender seg mot høgre, gjerne langt til høgre. Der finn dei forklaringa på problema sine i innvandring som rota til alt vondt og ein generell skepsis til politikk. Dette er farlege krefter.

Den politiske faren i dag er høgrepopulismen. Og den har ingen respekt for liberale rettar. Det har til og med eit av regjeringspartia vist.

Jan Inge Sørbø

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Den økonomiske

logikken i anbods-

tvangen er viktigare

enn tryggleiken til

samfunnsborgarane.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Sigurd Hverven er filosof og forfattar. Han har doktorgrad i filosofi frå Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet.

Foto: Dreyer

BokMeldingar

Hegel utan støv

Sigurd Hvervens omfattande bok om Hegel er noko av det mest imponerande eg har lese på lang tid.

Foto: Terje Pedersen / NTB

Ordskifte
RichardAubrey White

Tendensiøs statistikk om senfølger

Myndighetene må anerkjenne at senfølger eksisterer og utgjør et samfunnsproblem.

Klima- og miljøminister Andreas Bjelland Eriksen (Ap)

Foto: Javad Parsa / NTB

Ordskifte
AndreasBjelland Eriksen

Bedre forhold for villreinen

Villreinen som lever i fjellområdene i Sør-Norge, sliter. Skal vi lykkes med å snu utviklingen, må vi finne løsninger sammen.

Titusenvis av menneske har samla seg framfor parlamentet i Tbilisi dei siste vekene, i protest mot det dei kallar «den russiske lova».

Foto: Ida Lødemel Tvedt

ReportasjeFeature
Ida Lødemel Tvedt

Krossveg i den georgiske draumen

TBILISI: Demonstrasjonane i Georgia kjem til å eskalere fram mot 17. mai.
Mange meiner at det er no landet tek vegvalet mellom Russland og Vesten.  

Leonie Benesch spelar hovudrolla som læraren Carla Nowak.

Foto: Selmer Media

FilmMeldingar

Ja takk, Çatak

Eit sanningsord: Lærerværelset er høgst sjåverdig.

Brit Aksnes

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis