Kommentar
Autoritetsfall og fridomslengt
At mykje av 68-opprøret forfall til autoritære haldningar, kjem av manglande respekt for intellektuelt og politisk mangfald i rørsla. Demokratiet vart teke for gjeve.
Så er vi her att, desse 68-arane, 50 år etter dette annus mirabilis. Som den vonde hosten. Den mest sjølvsentrerte generasjonen i soga. Desse lurvete 68-arane som har bite seg fast på universiteta, i forlaga, i pressa, i forfattarstanden. No kjem biologien og tek oss. Uha!
Har 68-arane «gjort ein skilnad», som det heiter? Er det noko poeng i å skriva om dei nok ein gong utan anna enn som øvingar i politisk arkeologi?
Sosiologisering
Med «68» må ein fyrst og fremst teikna riss av ein mentalitet, ei tidsånd. Eg vil kalla denne tidsånda for sosiologiseringa av livskjensla. Å sosiologisera tyder å feste blikket på korleis idear, samfunnsstrukturar og institusjonar faktisk verkar, ikkje slik dei vanlegvis vert skjøna eller omtala. 68-arane kledde av, ikkje på, meinte dei sjølve. 68-rørsla stilte spørsmål med eit maktkritisk blikk. Dei ville sjå bak fenomena og ordningane.
68-arane var såleis prinsipielt mistenksame. Politisering av samfunnsområde etter samfunnsområde vart konsekvensen. Dei spurde: Korleis fungerer religionen? Dei såg noko bak heile tida. Dei meinte å kunne tyda verknadene av «kapitalismen» og sjå konspirasjonar. For fenomena var ikkje slik dei gav seg ut for å vera, nei. Sosialdemokratiet vart til dømes fort handlangar for kapitalismen. Dei visste det ikkje sjølve, men 68-arane visste det.
Autoritetsoppløysing
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.