Kommentar

Arme riddarar og falskt nytt

Prøven består i at ein ter seg slik at folk trur på det media skriv, fordi dei skriv om sakleg tunge, viktige saker.

Publisert Sist oppdatert

På nokså kort tid har det kome trugsmål som verka utenkjelege for få år sidan, mot frie ord og frie ytringar. Det nye er først og fremst at trugsmåla kjem i vestlege land. Dels ved at ytringar om kontroversielle saker blir møtte av anonyme eller signerte trugsmål, dels ved at fleire statsleiarar freistar å setja grenser for ytringane. Situasjonen i Tyrkia er grotesk, i Russland har mord på samfunnskritiske røyster lenge vore gjennomført, men også i USA er situasjonen farleg. Det røyner på også i sentraleuropeiske land.

Sjølvkritikk

I denne situasjonen blir vi mint om kor viktige frie media og frie ytringar faktisk er. Naturleg nok går journalistane på barrikadane og minner oss om at rolla dei har som kritisk instans og formidlar av viktig informasjon, er sjølve blodomløpet i eit demokratisk samfunn.

Det er all grunn til å slutta seg til dette synspunktet. Utan frie ytringar og fri presse kan mafiøse marknadsaktørar og autoritære politikarar få fritt spel, og urett og maktmisbruk kan løynast bak lukka dører.

Men skal dette forsvaret for fri presse og frie medium bli truverdig, må det også romma ein rimeleg sjølvkritikk frå media si side. Når journalistar og mediefolk i lang tid har vore yrkesgrupper som har hatt liten tillit i folket, er det ikkje berre folket sin feil, og det er ikkje styresmaktene å lasta.

Konspirasjonsteoriar

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement