Kommentar

Arbeid til alle og trygd til dei som treng det

Problemet i arbeidsmarknaden er ikkje storleiken på Nav-ytingane, men eit mangelfullt system som ikkje maktar å ta vare på dei svakaste.

Publisert

«Det går godt i norsk økonomi. Ledigheten er lav.» Slik byrjar Finansdepartementets nettsak om statsbudsjettet 2020, og slik trudde eg det var: Av alle problem eg ikkje trudde vi hadde i Noreg nett no, var arbeidsløyse temmeleg høgt oppe på lista. Tvert om: Stadig høyrer vi NHO, Virke og verksemdene sjølve peike på kor vanskeleg det er å finne kompetent arbeidskraft.

Men dersom det er slik: Kvifor må vi då kutte i stønaden til unge på arbeidsavklaringspengar (AAP), slik regjeringa no legg opp til i framlegget til statsbudsjett? Dersom sysselsettinga er høg og arbeidsmarknaden i Noreg er sugen på fleire arbeidstakarar, bør vi ikkje då ha råd til at dei som faktisk ikkje kan jobbe, får den hjelpa dei treng?

Arbeidsløysa i Noreg er låg nærast same kva anna land vi vel å samanlikne oss med. Om det inneber at sysselsettinga i Noreg er høg nok, eller at den høge prosentdelen nordmenn på ulike trygder skjuler låg sysselsetting, er ei mykje diskutert problemstilling denne teksten ikkje tek mål av seg til å gje svar på.

Men teksten tek inn over seg at sysselsettinga i Noreg for tida er 67,9 prosent. For dei mellom 15 og 24 år er ho på 50,7 prosent – 5,1 prosentpoeng lågare enn i 2007.

Nett desse to siste tala seier nemleg noko om ein arbeidsmarknad som er stadig vanskelegare å kome inn på. Og det er eit problem som ikkje bør få vekse seg særleg stort før vi tek tak i det.

Udugelege tiltak

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement