JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

KommentarSidene 2-3

Alt roleg i Iran – enno ei stund

Valdsapparatet i Iran ser ut til å gå av med sigeren, denne gongen også. Protestane mot regimet er slegne ned, som dei blei i 1999, 2003 og 2009.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
5305
20180112
5305
20180112

Det teiknar seg eit mønster: Med nokre års mellomrom bryt det ut protestar rundt i Iran. Folk går ut på gatene, som no like før og etter nyttår. Etter ei stund dukkar tryggleiksstyrkane opp og slår protestane ned. Eit ukjent tal, for det meste unge menneske, forsvinn inn i dei iranske fengsla. Mange blir torturerte på bestialsk vis. Nokre blir avretta. Dei som regimet tek livet av, blir dømde for ikkje noko mindre enn «opprør mot Allah».

Kvar gong det er protestar, er det alltid nokon som er så sinte at dei set livet på spel for å syna kva dei meiner. Andre deltek i ein demonstrasjon eller to, og lèt det vera med det.

På kort sikt har desse protestane lita von om å lukkast. Leiinga i staten er viljug til å bruka så mykje makt som må til for å slå protestane ned. Dette er blitt tydeleg demonstrert kvar gong det har vore uro dei siste åra. Sett frå den synsvinkelen kan det verke som regimet i Iran er grunnleggjande stabilt.

Mange kjennarar av Iran peikar på éin viktig faktor som garanterer for denne stabiliteten: I Vesten snakkar me ofte om Iran som eit «presteregime», og det var kanskje rett dei fyrste åra etter omveltinga i 1979. I dag er det i mykje større grad snakk om at Iran er eit klassisk militærdiktatur, der det er Revolusjonsgarden som sit med den reelle makta. Denne garden er skreddarsydd til å gjera det han skal: Styrken er rett nok ikkje på meir enn om lag 150.000 mann, men alle medlemmene er topp ideologisk skolerte, dei er veltrena, og dei sit på kompetanse til å styra både dei sivile og dei militære sektorane av samfunnet.

Garden og militsen

Når ein kjem til Iran, kan ein heile tida kjenna makta og innverknaden til revolusjonsgardistane. Dei vaktar dei strategisk viktige farvatna utanfor Iran, dei har hand om den mest avanserte delen av forsvaret og leiar sjølvsagt det iranske rakettprogrammet. Over det iranske statsbudsjettet får ikkje Revolusjonsgarden meir enn om lag sju milliardar dollar, men ei omfattande forretningsverksemd syter for at det verkelege budsjettet til garden er mange gonger større. Når ein skal banka opp demonstrantar i gatene og utføra anna skittent arbeid, gjer ikkje Revolusjonsgarden slikt sjølv. Til det har dei Basidsj-militsen med om lag ein million kvinner og menn.

Om ein ser på historia, er det særs vanskeleg å styrta eit regime så lenge eit valdsapparat av denne typen held seg samla. Felles for dei fleste av dei store omveltingane i verda dei siste 250 åra er at i alle fall delar av valdsapparatet gjekk over til opprørarane. Dette skjedde under den franske revolusjonen i 1789, og det skjedde ikkje minst under februarrevolusjonen i Russland i 1917, då det var armeen som gjorde det klårt for tsaren at han måtte gå av. Det motsette skjedde i Polen under kommunistane: For den som reiste på kryss og tvers av Polen sumaren 1981, var det knapt mogleg å finna eit einaste menneske som støtta kommunistregimet. Etter at general Wojciech Jaruzelski proklamerte militær unnatakstilstand 13. desember det året og lét hæren ta over landet, senka kyrkjegardsfreden seg over heile Polen.

Demografien

Dette tyder ikkje at regimet i Iran kjem til å sitja trygt for all framtid. Ei av dei verkeleg store drivkreftene i historia er demografien. Ser ein på Iran, oppdagar ein fort at dei 80 millionane som lever i landet i dag, er om lag dobbelt så mange som dei som levde der i 1979, då det islamske regimet tok over. For kvar iranar som går av med pensjon, står tre klare til å ta jobben han eller ho har hatt.

Demografi heng sjølvsagt saman med økonomi, og der står det ikkje betre til. Den iranske middelklassa er godt utdanna. Datafolk, ingeniørar, økonomar og legar frå Iran er blant dei beste i verda. Ofte opplever middelklassa at dørene er stengde av det korrupte herskarsjiktet som styrer økonomien og hindrar konkurranse frå dei som dei ikkje liker. Reservane av olje, sjølve grunnplanken i den iranske økonomien, blir med tida mindre verde etter kvart som fornybar energi blir meir lønsam. På toppen av det heile spelar Iran stormakt i Midtausten og støttar ulike regime og militære grupper med milliardar av dollar rett ut av statskassa.

På lang sikt går alt dette ikkje i hop. Nedgangen i levestandard for dei breie laga i folket vil halda fram, og på ein eller annan måte må regimet finna ein veg ut av uføret. Då kan det lett oppstå splittingar i toppleiinga, slik me såg det i Sovjetunionen på slutten av 1980-talet. Blir toppleiinga i staten splitta, vil situasjonen med eitt vera ein heilt annan.

Nye kort

Ei slik utvikling treng ikkje å liggja så langt fram i tid. Om ikkje lenge skal nye kort delast ut i makteliten. Diktatoren sjølv, den 78 år gamle Ali Khamenei, blei operert for prostatakreft i 2014. Han lever ikkje evig. I 2021, om tre år, er det nytt presidentval, og då kan Hassan Rouhani ikkje stilla. Med andre ord skal nye menn inn i båe toppstillingane. Før det kjem det truleg ein bitter maktkamp. Då kan det skje noko i Iran.

Halvor Tjønn er journalist, forfattar og fast skribent i Dag og Tid

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Den iranske middelklassa er godt utdanna. Datafolk, ingeniørar, økonomar og legar frå Iran er blant dei beste i verda.

Emneknaggar

Fleire artiklar

I framgrunnen står skulpturen «Le Combattant» (1961) av Sonja Ferlov Mancoba, bronse.

KunstMeldingar

Tungvektar med oppsikts­vekkande manglar

Kunstsilo trona mot blå himmel i Kristiansand på opningsdagen, laurdag 11. mai 2024. Vegen frå idé til ferdig museum har vore lang og prega av konfliktar. Det står att å sjå kva Kunstsilo kan bety for fastbuande og tilreisande. Tangen-samlinga er kanskje verdas største samling av nordisk kunst frå 1900-talet, men er ho representativ for perioden, og er det så nøye?

Mona Louise Dysvik Mørk

Teikning: May Linn Clement

Ordskifte
Halvor Tjønn

Å forveksla aggressor med forsvarar

«Etter at Putin kom til makta hausten 1999, har Russland ført ei heil rad med krigar.»

Den nyfødde kalven.

Den nyfødde kalven.

Foto: Hilde Lussand Selheim

Samfunn
Svein Gjerdåker

Ei ny Ameline er fødd

Vårsøg – også kalla Tripso sidan ho var så skvetten som ung, spissa øyro for ingenting og trippa med beina inn og ut av fjøset – fekk ein ny kalv natt til 13. mai.

Emma (Fanny L. Bornedal) arbeider som nattevakt ved rettsmedisinsk institutt, der foreldra i si tid vart utsette for drapsforsøk.

Foto: Another World Entertainment

FilmMeldingar
Brit Aksnes

Skrekkeleg skuffande

Likte du Nattevakten, kjem du ikkje til å elska Nattevakten: Demoner går i arv, dersom det var det du håpte på.

Brystkreft er den vanlegaste kreftforma blant norske kvinner. Biletet er frå Rosa sløyfe-aksjonen mot brystkreft, arrangert av Den norske Kreftforeningen.

Foto: Stian Lysberg Solum / NTB

HelseSamfunn

Kven bør få tilbod om mammografi?

Norske kvinner får eit heilt anna råd enn svenske
og amerikanske.

Christiane Jordheim Larsen

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis