🎧 «Frykten er din venn»
Mange av oss er redde no om dagen, nokre berre litt urolege, andre er meir plaga. Men frykt og uro kjenner vi alle på. Den kjende hypokondrilegen Ingvar Wilhelmsen blir sitert på at den som ikkje har helseangst no, treng terapi.
Lytt til artikkelen:
Trykket er stort, og det møter oss i både tal og oppdateringar, og ikkje minst i dei dramatiske handlingane som politikarane set i verk – både nasjonalt og internasjonalt.
Det går ein nødvendig diskusjon om styresmaktene har valt rett strategi. Den skal eg ikkje blanda meg opp i. Det er så mykje vi ikkje veit enno, og berre det vidare forløpet kan gje svar på kva som var den beste strategien. I tillegg er det fare for at redsla blandar seg i diskusjonen. Men otten er i seg sjølv eit viktig tema.
Arnold Eidslott skriv ein stad at vi skal hugse på at «frykten er din venn». Sjølv om frykt er ubehageleg å leva med, har ho ein grunnleggjande viktig funksjon: Frykta åtvarar oss mot fare. Det er klokt å vera redd for sjøen når vindstyrken når orkan; difor held ein seg på land under slike forhold. Som teologen Kim Larsen skreiv i VG nyleg, er det også eit element av kjærleik i otten; for vi er redde for må missa noko vi er glad i, redde for at menneske vi elskar, skal bli sjuke eller døy. Stundom blir fryktlause menneske framheva som heltar og ideal, men mangel på frykt kan også vera mangel på innleving og medkjensle, og det er ikkje gode eigenskapar.
Farlege sider
I den situasjonen vi har no, er det likevel grunn til å vera merksame på dei farlege sidene av frykt og redsle. Når det farlege får så stor plass i det offentlege, har det biverknader. Ein av dei er at engstelege menneske får forsterka problema sine, og slit med å handtera situasjonen. Folk som sit åleine og ser på nyhendesendingar dagen lang, kan missa kontrollen med si eiga frykt. Det er viktig å ha fleire offentlege stemmer enn dei som snakkar om helsefaren. Eg vil ikkje kritisera helsestyresmaktene for at dei er synlege, det må dei vera. Men sjølv om dei er nøkterne og saklege, og sjølv om dei oppfordrar oss til å ta situasjonen med fatning, så verkar sjølve det timelange nærværet av informasjon kvar dagen sterkt inn på stemninga.
Kulturtiltak
Det er kanskje vanskeleg å gjera noko med. Men éin ting kan styresmaktene gjera. Dei arbeider no med korleis dei skal hjelpa næringar og verksemder som har vanskar med økonomien. Éi sårbar gruppe som har tapt mykje i det siste, er musikarar utan faste inntekter, fordi alle konsertar blir avlyste. Dei kunne ein hyra inn til å formidla god musikk på dei sendeflatene som måtte vera ledige, og det er lett å få det til utan særleg mykje fysisk kontakt. Musikarane kan ikkje løysa problemet med smitte og sjukdom, men dei kan hjelpa folk til å hugsa at det framleis finst andre og viktige ting i tilværet, sjølv om situasjonen ser skremmande ut.
På meir individuelt plan må folk finna ein rimeleg balanse mellom å halda seg orientert om det som er viktig, og halda fast i det som framleis er i orden og verkar. Sola står opp, snøen smeltar frå taket og fuglane syng. Eksistensielt er det viktig å fylla tanke og sinn med det heilt kvardagslege i slike tider.
Måtehald og mot
Men det viktigaste på samfunnsnivå er det dei klassiske filosofane kalla måtehald, som er ein av dei fire kardinaldygdene. Det handlar om å ha kontroll med kreftene i seg sjølv og ikkje bli overvelda av ei kjensle eller erfaring, slik at ein lèt seg styra heilt av det. Når ei kollektiv frykt blir sterk nok, kan ho bli farleg. Vi veit at folk kan la seg hissa opp til å gjera ting i flokk som dei aldri ville gjort individuelt. Evna til å stå imot slik press har med ei anna kardinaldygd å gjera, nemleg mot. Ein må stå for det ein står for, sjølv om presset er stort.
Med det meiner eg ikkje at ein skal la vera å fylgja råd og pålegg frå offisielt hald, tvert om er det vår fremste plikt no. Men vi skal stå i mot panikkstyrte handlingar. Situasjonen med ein sjukdom vi ikkje greier å kontrollera, minner oss om at vi er svake skapningar, som ikkje har kontroll over alt. Det kan skapa aggresjon og føra til at ein diktar opp samanhengar som ikkje finst. Ein leitar etter syndebukkar. Noko av det verste som kan skje no, er at ein leitar etter grupper som kan få skulda for sjukdommen. Slike fenomen var kjende i pesttider, då ein ofte forfylgde og fordreiv minoritetar og hadde teoriar om at andre folkegrupper hadde skapt pesten. Slike kollektive stemningsbylgjer er farlege.
Utfordringa er å ta situasjonen alvorleg utan å bli irrasjonell av frykt. Balansepunktet ligg i å tenkja på andre. Erfaringa av eiga frykt kan gjera ein blind for andre, medan det å vera open for for andre sin situasjon, dempar frykta. Heiter det ikkje at kjærleiken driv frykta ut?
Jan Inge Sørbø er professor ved Høgskulen i Volda og fast skribent i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Ei sårbar gruppe som har tapt mykje i det siste, er musikarar utan faste inntekter, fordi alle konsertar blir avlyste.
Fleire artiklar
Michael Keaton er attende i den ikoniske rolla som Beetlejuice.
Foto: Warner Bros. Discovery
Beetlejuice Beetlejuice: Nesten dødsfestleg
Sjølv om det er eit gledeleg gjensyn, saknar eg snerten.
Hjortelusflugene er spesialiserte parasittar som føder levande ungar og lever heile det vaksne livet nede i pelsen til elg, hjort og rådyr.
Foto via Wikimedia Commons
Svermingstid for hjortelusfluga
Göran Fristorp døydde 3. september. Han vart 76 år gammal.
Foto: Sara Johannessen Meek / NTB
Göran Fristorp (1948–2024)
Det kjem an på storleiken, men det er ein fordel å sleppe å trene inni bilen.
Bene Riobó / Wikimedia commons
I form med bilen
Alternativ for Tyskland-politikaren Björn Höcke i retten i Halle i 2024. Han er bøtelagd to gonger for å nytta nazislagordet «Alles für Deutschland».
Foto: Jens Schlueter / AP / NTB
Kor ekstrem er Björn Höcke?
Universitetsfolk kan bruke eit heilt yrkesliv på å diskutere kva ekstremisme er. I Tyskland er det Verfassungsschutz som avgjer det.