Kommentar
Vi må snakke om CRISPR
Skal vi gjere irreversible endringar i naturen, må vi som eit minimum kunne forvente at alle veit at det skjer. Dei politiske partia kan byrje med å få seg ein CRISPR-politikk.
Ved å sette inn Cas9-enzym som gjer malariamyggen steril, kan ein utrydde den plagsame arten.
Illustrasjonsfoto: NTB scanpix
Kjenner du CRISPR? CRISPR er litt som Gud: Han kan gjere alt. Som dei fleste fenomen med nesten endelaus makt, kan han vere ganske kul, og gjere mykje lurt, eller han kan øydeleggje omtrent alt. CRISPR kan bestemme kven som får leve og døy, utrydde og skape nye artar. Ein annan ting han har til felles med Gud, er at det er vanskeleg å diskutere han utan å blande inn mange kjensler og fordommar og argument som eigentleg ikkje har noko der å gjere.
Den største skilnaden på CRISPR og Gud er at ingen kan vere usamd i at CRISPR eksisterer, og at han på ganske kort tid kjem til å påverke både mitt og ditt liv kvar einaste dag. Der ligg utfordringa: Teknologien har potensial til å gjere så store endringar at det er moralsk uforsvarleg å bruke han utan at vi alle er klar over kva vi gjer.
Presis saksa
CRISPR er genredigeringsteknologi – ei slags gensaks som gjer det mogleg å gjere nøyaktige endringar i DNA hos menneske, dyr og planter. CRISPR vart oppdaga i immunforsvaret til bakteriar: Bakteriar har gensakser som kan klippe ut skadeleg virus-DNA, lagre det til seinare og – om bakterien skulle verte angripen igjen – sende ut eit spesialforsvar som utslettar viruset. Forskarar har lært seg å kontrollere og programmere desse saksene, som vert opererte av enzyma Cas-9. Med tid og stunder vil dei, om dei får lov, kunne utrydde kreftceller, gjere frukt resistent mot skadedyr og vere eit alternativ til antibiotika.
For dei siste åra har forskinga gått fort. Vi har fått gensaksene til å formeire seg inn i komande generasjonar: Eit ynske om å bruke gendrivarar på malariamygg har fått ei viss merksemd den siste tida. Gendrivarar aukar sjansen for at genetiske endringar vert verande i komande generasjonar, sjølv om ikkje begge foreldra er berarar av det endra genet. Ved å sette inn Cas9-enzym som gjer malariamyggen steril, kan ein utrydde den plagsame arten. Men er det lurt? At myggen er plagsam for oss, vil ikkje seie at han ikkje kan vere nyttig for andre?
Onkel GMO
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.