Kommentar
Tung tysk tale
Innvandringskritiske Alternative für Deutschland er Tyskla nds tredje største parti etter valet. Korleis partisystemet møter nykomlingane, er avgjerande for heile Europa.
Leiar i det innvandringskritiske partiet AfD, Frauke Pentry, forlét ein pressekonferanse i Berlin 25. september.
Foto: Fabrizio Bensch / Reuters / NTB scanpix
Med Alternative für Deutschland (AfD) som tredje største parti med 12,6 prosent av røystene, kan ein seia at Tyskland er blitt eit «normalt» land med eit uttrykk for denne typen synspunkt som partiet står for, som andre land for lengst har. Der Nationaldemokratische Partei Deutschlands (NPD) – det gamle tyske høgreekstreme partiet frå 1960-talet – aldri fekk med seg meir enn 4–5 prosent av veljarskaren og knapt kom seg inn i nokre delstatsforsamlingar, har AfD no 94 representantar i Forbundsdagen.
DEI ULIKE VEGANE
Det store spørsmålet er korleis det tyske politiske systemet vil takla dette partiet. Får vi ei svensk løysing med ingen kontakt og utfrysing, slik som med Sverigedemokraterna (SD)? Eller ei dansk tilnærming med Dansk Folkeparti som ein sterk maktfaktor med stor påverknadskraft, særleg på innvandringspolitikken, dels utanfrå og dels innanfrå. Eit parti som forma ordskiftet kring innvandringspolitikken og skapte ei til dels hatsk stemning.
I Frankrike har Marine Le Pen freista å «avdemonisera» partiet, ei reingjering av Nasjonal Front, mellom anna med eksklusjonen av faren Jean-Marie på grunn av utsegnene hans med bagatellisering av jødeutryddingane.
Vil AfD gå same vegen med å driva ut dei som vil setja ein sluttstrek på den kjenslevare debatten om nazifortida – som partileiar Alexander Gauland la opp til då han sa at 95 prosent av Wehrmacht-soldatane gjorde eit ærleg soldatarbeid under krigen? (Han bør lesa meir om massakrane på austfronten der vanlege soldatar var særs aktivt med).
At partistiftar Frauke Petry gjekk frå den fyrste pressekonferansen i protest mot dei ytterleggåande krinsane i partiet, tyder på at AfD må velja: Å eliminera den gammal-nazistiske arven frå NPD og bli eit «sømeleg» konservativt parti, som Petry vil, eller gå gjennom endå ein runde med fortidsomarbeiding, som dei er dømde til å tapa på og som vil føra til konflikt på konflikt i leiinga, noko vi alt har sett.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.