Kommentar

Teknologi som demokratisk problem

Den teknologiske utviklinga har aldri vore så stor som no. Å regulere ho vert ei formidabel utfordring.

Publisert

Om 2017 har bydd på nokre overraskingar, er det òg noko som har gått nett som vanleg: Vi har fått teknologiske nyvinningar vi ikkje trudde var moglege for berre kort tid sidan. Ein robot med personnummer som vil ha born, den kunstige intelligensen AlphaZero som vart sjakkonge på fire timar – eller kva med stadfesting av ein ny type materie?

Excitonium er – enkelt sagt – produktet av kvasipartiklane som oppstår når eit negativt lada elektron krinsar rundt eit positivt lada hol i eit atom. Enno er dette mest spanande for fysikarar, men excitonium vert foreslått å vere både supervæske, altså ein substans som flyt friksjonslaust, eller ein isolator som ikkje flyt i det heile. Den som lever, får nok sjå.

For det er vanskeleg å ikkje late seg fascinere. Vi er ikkje langt unna at Petter Smart, Skallemann, Q og alle saman berre kan gå og leggje seg: Røyndommen er verkeleg på veg til å overgå fantasien.

Så lenge oppfinningane held seg i laboratoria, er det heller ingen grunn til å ikkje late seg underhalde av skaparkrafta. Men i motsetning til oppfinningane i Donald, Bamse og James Bond, skal dei verkelege oppfinningane finne plassen sin i den verkelege verda. Då vert det heile med ein gong meir komplisert.

Falske fjes

Om ikkje lenge vil eg kunne filme meg sjølv med webkameraet mitt – medan det som kjem ut på internett i tilnærma same augneblink, er andletet til Erna Solberg og røysta hennar. Ved hjelp av programvare som etterliknar røyst, mimikk og andletstrekk, kan det eg sit på jenterommet og meiner om Kinas handtering av menneskerettar, kunne hamne på internett som Noregs offisielle syn på saka. Om årets nyord ikkje er nytt, er vi truleg berre så vidt komne ut av startgropa for kva falske nyhende kan komme til å innebere i framtida.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement