Kommentar

Ta oss på alvor, ikkje på rumpa

Kvinner i byggebransjen er mangelvare. Vi kan ynske oss fleire, men bør byrje med å ta vare på dei vi har.

I byggperioden til Det nye nasjonalmuseet har kvinnelege lærlingar måtta leve med at doveggar og heisar har vorte nedskribla med sjikane.
I byggperioden til Det nye nasjonalmuseet har kvinnelege lærlingar måtta leve med at doveggar og heisar har vorte nedskribla med sjikane.
Publisert

For ein liten månad sidan byrja fleire jenter enn nokon gong tidlegare på vidaregåande utdanningar som munnar ut i mannsdominerte yrke. Aldri før har så mange jenter og kvinner gått på byggfag, elektrofag og industri- og prosessfag.

Likevel er dei ein forsvinnande liten del av elevtalet. Det er også i kvardagen dei vil måtte leve med ute i arbeidslivet: På norske byggeplassar er berre 8 prosent av arbeidstakarane kvinner, og berre 2 prosent har fagbrev. Dei få som er der, og ikkje minst dei nye som byrjar no, bør vi ta særs godt vare på – og vi har ein jobb å gjere for å få det til.

Gløymde metoo

Framtida treng fagarbeidarar. Om vi held fram som vi gjer no, med til dømes å rekruttere dei frå berre halvparten av folket, kan vi kome til å mangle 100.000 fagarbeidarar i 2035.

Men det er ikkje berre fordi dei er sårt naudsynte, vi skal ta godt vare på dei: «Alle» er samde i at fleire kvinner i byggebransjen er ein god ting. Mangfald er bra for arbeidsmiljøet, og kvinner bør ha same rett som menn til å velje yrke etter interesse og ikkje etter kjønn. I alle fall er det tilsynelatande slik. Røynda er ei anna.

Metoo nådde aldri skikkeleg fram i byggebransjen. Mellom anna difor kjenner vi ikkje omfanget av seksuell trakassering på norske byggeplassar. Til Bygg.no fortalde lærlingen «Ida» i sommar om seksuell trakassering på fleire byggeplassar der ho har jobba som lærling. Trakasseringa vart handtert ved å omplassere henne. Vi veit at det nye Nasjonalmuseet har vore ein byggeplass der alt frå doveggar til finerplater og heisar har vore nedskribla med sjikane.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement