Kommentar

Sommarmare rittet

Turist-Noreg er i ferd med å verte eit masseprodusert standardprodukt.

KJOSFOSSEN: Ein tur med Flåmsbana er ein del av rundreisa «Noreg i eit nøtteskal».
KJOSFOSSEN: Ein tur med Flåmsbana er ein del av rundreisa «Noreg i eit nøtteskal».
Publisert

Det er måndag føremiddag, og køen inn til dametoalettet på turistinformasjonen i Flåm er om lag 35 meter lang. «Next please, hello-o?!» ropar nokon frå bakeriet vegg i vegg. Køen er rotete, og dei asiatiske turistane for høflege for franskmannen som ikkje har sekundar å vente på nytt pling i kassen. Det plingar i tillegg i tog, båtar legg til, båtar legg frå, og overalt vert folk sorterte, bak eit køsorteringsband – éin kø for individuelle reisande, éi for grupper og éi for Norway in a Nutshell Tours, inn i ei vogn, om bord i ein båt, inn på eit museum.

Her kan du leige kajakk, sykkel eller overbygd elektrisk moped, køyre tog langs vegen eller på skinner, ta ein tur med RIB-båt, ferje eller buss. Eg tel 27 bussar parkerte langs elva, det er plass til over 1000 passasjerar til saman. Og ikkje minst kan du handle, eller shoppe, som det heiter i turistrapportane til Innovasjon Norge; du kan shoppe softshelljakker og drammeglas og pulsvarmarar av svensk reveskinn. «Kven hadde trudd det fanst norske sokkar», seier ein tysk turist, «og underbukser!»

Oversiktskartet over turistbygda Flåm har 61 punkt. Det er drygt seks innbyggjarar per attraksjon, parkeringsplass eller butikk. Når det er smått vanskeleg å sjå for seg at bygda har 400 innbyggjarar, er det ikkje fordi berre ein liten promille av alle turistane passerer gjennom, men kor skal ein gjere av seg? Kor kan ein trekke pusten? Kor kan ein gå mellom butikkhyllene og planlegge kva ein skal ha til middag etter ein lang dag i slåtten?

Kva fjord som helst

Svaret er sjølvsagt at folk i Flåm ikkje bur i turist-Flåm ut mot fjorden, men innover og oppover dalen. Dei er nok på eit nivå takksame for at turistane hjelper dei med å halde butikken open gjennom ein stille vinter. Og når eg no tek for meg Flåm, er det temmeleg tilfeldig, fordi det er her eg er. Eg kunne vore mange andre stadar: «Is that what we’re doing?» spør ei amerikansk dame og peikar på skiltet for turen med RIB-båt på fjorden. «No. Or we’re doing it, but not here. We’re doing that in Geiranger», svarar mannen.

Alle turistar vil sjå dei norske fjordane. Ifylgje Innovasjon Norge er det like viktig for utanlandske turistar å «ha det moro» – berre så vidt slått av å «oppleve naturen». Men det synast som få av dei, i det minste få av dei som endar i Flåm, bryr seg særleg om kva fjord dei ser. Kvifor skulle dei det? Når tilbodet er det same uansett kva for ei side av Strynefjellet dei er på, når turistlandet uansett er troll i plast og reinsdyrskinn og bergensk fiskesuppe («local fish»)?

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement