Kommentar
Sit ikkje stille og ver grei
Lat oss i staden leike oss fram til ein meir barnevennleg skule.
Ungar byrjar på skulen det året dei fyller seks år. Då får dei ein pult dei skal sitte ved og ei skrivebok dei skal skrive i. Der skal dei, i grove trekk, sitte og skrive og lese og lære i minst tolv år. Er det ein lur måte å lære ungar å lære på?
Vi veit at ungar er meir aktive enn vaksne. Born tek seg raskare inn att når dei vert slitne, dei held ut lenger før dei får sure musklar, og kanskje brukar dei – i større grad enn vaksne – kroppen som ein del av kommunikasjonen, meiner forskarar. Dei er impulsive i rørslene sine. Men viktigast av alt: Dei brukar kroppen for å lære. Ikkje berre hovudet, altså, men heile kroppen, fordi han heng saman.
Difor treng vi meir aktivitet og praksis inn i skulen. Det er vel eigentleg alle samde om. Nett no sit byråkratane og fagpersonane i Kunnskapsdepartementet og Utdanningsdirektoratet og lagar nye læreplanar for det meste av faga i norsk skule. Kring dei står dusinvis av interessegrupper som vil ha hjartesakene sine inn i undervisningstida. Kva skal Torbjørn Røe Isaksen rå dei til?
Gange ta ballen
Han kan byrje med å lære av det ungane på Vassenden skule i Sogn og Fjordane har fått ut av forskingsprosjektet ASK – Active Smarter Kids, gjennomført av dåverande Høgskulen i Sogn og Fjordane. Ein halvtime kvar dag har ungane leika kjernefaga norsk, engelsk og matematikk. Dei har mellom anna spela «gange ta ballen», der ein kastar og tek imot både ball og ei oppgåve frå gangetabellen. Dei har laga grunnflater med kjegler og måleband, stava engelske gloser medan dei hoppar hoppetau og sprunge verbstafett med bøying av engelske verb.
I tillegg har elevane hatt fem minutt med fysiske avbrekk i klasserommet, og fysiske heimelekser. Prosjektet har vore testa på 30 skular i Sogn og Fjordane gjennom eit skuleår. Resultat syner at særleg den svakaste tredjedelen av elevane hadde utbytte av fysisk aktivitet – særleg i matematikk.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.