Kommentar

På tide med ein bakveg til yrkesfag

Det er naivt å tru at vi kan rekruttere 90.000 fag arbeidarar blant landets sekstenåringar.

Publisert

Mykje skal skje i norsk skule for tida. Måndag presenterte kunnskapsminister Jan Tore Sanner (H) det departementet sjølv kallar «den største endringen i yrkesfagutdanningen siden Kunnskapsløftet i 2006». Tysdag la Utdanningsdirektoratet fram sine framlegg til endringar i læreplanane for så vel grunnskulen som vidaregåande.

Gjennomgangstonen? Bra. Meir praksis. «Næringslivets tilbakemelding er at elever ikke får nok kunnskap i faget før de blir lærlinger», seier kunnskapsminister Sanner og vil byrje spesialiseringa på yrkesfag tidlegare. Hjå Utdanningsdirektoratet vil utgreiarane gjere både naturfag som mat og helse, kunst og handverk og musikk meir praktiske og mindre teoretiske.

Det er liten tvil om at tiltaka er på sin plass. «Den teoretiske overvekta er større i skulen i dag enn han var i den gamle latinskulen», som Egil Børre Johnsen sa her i avisa for nokre veker sidan. Men vil tiltaka monne?

God, men for kort tanke

Endringa i yrkesfagutdanninga kan kort oppsummerast som å dele opp nokre fagkombinasjonar, kvitte seg med nokre lærefag – og altså byrje spesialiseringa tidlegare.

Tanken er god: Om elevane som vil verte båtbyggarar, ikkje «generaliserer vekk» eit år på same designfag som frisørar tar, kan dei kjappare byrje å bygge båt, til dømes. Men det gjer lite med det faktum at elevar i stadig større grad byrjar på båtbyggarlinja utan nokon gong å ha tatt i ei øks. Kor mykje ein kan lære på eitt eller to år, heng 100 prosent saman med kva føresetnadar elevane tek med seg inn i skuledagane.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement