Kommentar
Norsk jordbruk kjem ikkje alltid fyrst
Når Noreg ikkje bør inngå ein frihandelsavtale med Mercosur, er det ikkje fyrst og fremst av omsyn til norske bønder.
Sidan i fjor har norske styresmakter, via EFTA, tinga om ein frihandelsavtale med Brasil, Argentina, Uruguay og Paraguay – òg kjende som Mercosur-landa.
Tingingane har fått for lite merksemd. Utover eit par oppslag i Klassekampen er landbrukspressa den einaste som har funne plass til saka. Det er sjølvsagt vanskeleg å skrive om noko vi veit lite om – tingingane er jo løynde – men det er likevel lett å gjette kva marknadstilgang Mercour-landa fyrst og fremst vil krevje: Dei vil selje landbruksvarer.
Difor er det ikkje rart at aktørane i norsk landbruk er blant dei få som prøver å snakke høgt om temaet. Mercosur-landa produserer så mykje mat at dei kan dekkje Noregs forbruk av storfekjøt 29 gonger – og det til ein brøkdel av prisen norske bønder tek. Då vert sjølvsagt norsk bondestand uroa.
Kor djup kritikk?
Som eit ledd i denne uroa publiserte paraplyorganisasjonen Norsk Landbrukssamvirke nyleg ei sak med tittelen «Fire grunner til å være skeptisk til en handelsavtale med Mercosur». Argumenta er kjende: Sidan norsk jordbruk er meir klimavenleg og nyttar mindre medisinar i dyrehaldet, bør vi ikkje auke importen av mat frå utlandet. Vi mister kontroll over kva vi et, og bønder står i fare for å miste marknaden.
Greitt nok, vi kan vere samde. Men er dette verkeleg hovudargumenta for å vere kritisk til ein frihandelsavtale med Mercosur? Og kor djupt stikk eigentleg kritikken av det søramerikanske jordbruket?
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.