Kommentar

Nord-Noreg i vårt uklare bilete

Nord-Noreg er langt vekke. Å tvinge på nordlendingane ei regionreform sender dei endå lenger av garde.

Publisert

Idet ein kryssar grensa mellom Trøndelag og Nordland, vert husa mindre. Der den tradisjonelle trønderlåna har to heile etasjar og kan vere lang med store vindauge, har nordlandslåna berre ein og ein halv etasje med små gluggar under gesimsen. Der trønderlåna var storfolkshus, var nordlandslåna i større grad utforma som eit praktisk, vêrsikkert krypinn for kvarmannsen, eit klamre seg fast- og grave seg ned-hus.

Den siste halvanna veka har eg segla frå Trøndelag til Lofoten i ein drygt 40 fot stor, open trebåt. Då rekk ein å sjå seg om. Det er noko med skiljet mellom kva vi, turistane, dei som ikkje høyrer til her, vil ha, og kva som på andre måtar kan skape verdiar i landsdelen. Vi forelskar oss i Nusfjord, eit av Noregs best bevarte fiskevær, med rorbuer og trebrygger trykte inn mellom havet og dei bratte fjella.

Men tranfabrikken der er museum. Ikkje eit einaste tonn lofottorsk vart levert i Nusfjord i år. Dei få fastbuande helsar ikkje når vi går gjennom tunet – det skulle tatt seg ut om dei gjorde det med fleire titals tusen turistar årleg. Og torsken, han vert levert på Reine og i Stamsund, i enorme anlegg som ikkje innbyr til hyggeleg iseting, «sjølvi»-taking eller postkortskriving. Vi seglar fort forbi.

Den lange skulevegen

Gjer politikarar og byråkratar det same? Veit dei kva dei gjer når dei no påstår at Troms og Finnmark kan vere det same som Vest- og Aust-Agder eller Sør- og Nord-Trøndelag? I ein fylkeskommune er ein som er ferdig på ungdomsskulen, garantert plass på vidaregåande i sitt eige fylke. Om denne regelen held fram inn i regionreforma, kan ein 16-åring frå Kirkenes få tilbod om skuleplass 917 kilometer heimanfrå. Det er avstanden til Harstad – dersom ein tek i bruk nabolanda Sverige og Finland. Skal skulebussen halde seg innanfor eigne grenser, vert turen 1066 kilometer kvar veg – om ein låner nokre kilometer i naboregionen Nordland.

Lang reiseveg og skule langt vekke påverkar ikkje berre prestasjonar og val under skulegangen, men har òg eitt og anna å seie for kor ein gjer av seg etter russetida. Tenår skapar band. Di slappare band, di lenger vekk flyg ein – og di tyngre er det å vende heim att.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement