Kommentar
Nei til ja-politikk en
Norske politikarar er kunstig positive. Det bygger luftslott og øydelegg sjansar til å styre utviklinga.
2018 er eit velsigna, politisk kvileår. Ikkje eit einaste val, ikkje ein einaste valkamp. I staden er det tid for å ta dei lange diskusjonane, bruke dei tunge, meiningsfulle orda, stille dei vanskelege spørsmåla og gje svar. Eller?
Det synest ikkje som om politikarane våre nyttar høvet. I staden vert det snakka – og skrive – i titlar. Og nokre titlar er lysande av positivitet, framtidstru og framsnakking.
For skal vi tru styrande norske politikarar, er det verste ein kan gjere å snakke negativt om samfunnet ein er sett til å forvalte. «Den største trusselen mot levende distrikt er Senterpartiets nedrakking på alt som skjer i Distrikts-Norge», skriv samferdsleminister Ketil Solvik-Olsen i Dagbladet 23. januar, før han går i gang med å ramse opp alt som går bra: «Fra næring etter næring hører vi om positiv utvikling.» Solvik-Olsen fekk raskt stønad frå regjeringskamerat Jon Georg Dale på Facebook: «Vi treng optimisme i distrikta, ikkje Vedum sitt tungsinn.»
Rosemåling?
Til avisa Firda før jul skreiv stortingsrepresentant frå Sogn og Fjordane Frida Melvær (H) eit innlegg med tittelen «Fantastiske Sogn og Fjordane». Nett som Solberg-Olsen nytta ho spalteplass til å ramse opp i enkeltsetningar alle næringane som er i vekst i fylket: «Skipsdesign, fiskeri og havbruk, IT, reiseliv-, teknolog-, energi- og landbruk. Alle er dei komne langt i å utvikle seg i eit framtidsperspektiv», før ho rundar av med at ho sjølvsagt ikkje berre vil rosemåle: «Vi skal sjølvsagt også sjå og ta tak i utfordringar. Men lat oss bruke 2018 til å byggje eit enda sterkare omdøme for fjordfylket. Eg lovar å bidra i så måte.»
Kva sit veljarar att med etter slike avisinnlegg? Har vi lært noko? Kva tyder det at fiskeri og havbruk utviklar seg i framtidsperspektiv? Dei siste vekene har oppdrettslaks rømt frå fire anlegg i Hordaland og Sogn og Fjordane. Er det ein del av perspektivet? Eller er det eg som «rakkar ned på distrikta» og «bygger ned omdømmet» til fylket mitt når eg peikar på at det kanskje kan vere eitt, blant mange, teikn på at uviklinga i havbruksnæringa har gått bitte litt for langt?
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.