Ned i gjørmaNår skitkastinga vert stoverein òg for dei som går i smoking, går politikken over i rein revirkamp.
Når skitkastinga vert stoverein òg for dei som går i smoking, går politikken over i rein revirkamp.
I ein offentleg Facebook-post den 3. september 2017 skreiv styreleiar i Norsk PEN, William Nygaard, at «blant våre rikspolitikere er det nok Sylvi Listhaug som ligger tettest på en autoritær og rasististisk (sic!) fascisme i norsk politikk i dag». Nygaard innleia posten med å seie at han «bryter et tabu om fascisme og advarer for egen regning», altså mot Listhaug som tett på fascisme og rasisme.
Det er sterke ord. Det finst mest ikkje meir fordømmande omgrep enn fascisme og rasisme. Det einaste som overgår dei, er nazisme. Men rasistisk fascisme er knapt å skilje frå nazisme, Hitler og folkemordet på jødane. For å finne ei liknande skulding mot ein norsk statsråd må ein vel attende til Georg Johannesen som på 1950-tallet kalla utanriksminister Halvard Lange for «den vellykte Vidkun Quisling».
Nygaards retorikk er særleg sterk fordi han sjølv burde vere klår over at det ikkje er dekking for han etter vanlege definisjonar av fascisme og rasisme. Hos Listhaug finn ein ikkje tilslutning til det antidemokratiske fascistiske førarprinsippet, og heller ikkje til ideane i den klassiske rasismen om at visse folkegrupper er biologisk overlegne.
Om å bera skit med hanskar
I oppfølgingsintervju i Dagsavisen og Verdens Gang måndag 4. september hevda Nygaard at han ikkje hadde karakterisert Listhaug som fascist. Det meiner eg er å snike seg unna. Reint formelt har Nygaard berre sagt at Listhaug står nærare fascismen og rasismen enn nokon annan politikar i landet. Men så dum kan han ikkje vere at han ikkje veit korleis ei slik utsegn vert oppfatta ute i det folkedjupet han elles er så oppteke av at ein ikkje må spele på. I praksis knyter han Listhaug til fascisme og rasisme. Når han relativiserer dette med talemåtar som «tettest på», og etterpå seier at han ikkje har kalla henne noko stygt, vert det som å bere skiten med hanskar, og etterpå seie at ein ikkje har rørt han av di hanskane var imellom.
I intervjua forklarer han omgrepa fascisme og rasisme med at Listhaugs «retorikk» stimulerer undertonar av fascisme og rasisme i befolkninga. Det vil seie at Listhaug snakkar om innvandringsspørsmål på ein slik måte at sjølve den språklege stilen set folkegrupper opp mot kvarandre, fører til dårleg handsaming av minoritetar og framvokster av fascisme. Men hovudgrunngjevinga hans for kvifor han meiner at ho lyt knytast til rasisme og fascisme er «at Listhaug ved sin grunnholdning betrakter flyktninger og innvandrere som en risiko i stedet for som en ressurs i vårt samfunn på flere nivåer».
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.