Kommentar

Mindre sterk vil ikkje seie svak

Førestillinga om kvinner som mindre robuste enn menn er overmoden for skraphaugen.

Kvinner får framleis ikkje konkurrere i skiflyging. Det norske kvinnelaget i hopp tok bronse i VM i stor bakke i Oberstdorf i år. Frå venstre: Silje Opseth, Anna Odine Strøm, Maren Lundby og Thea Minyan Bjørseth.
Kvinner får framleis ikkje konkurrere i skiflyging. Det norske kvinnelaget i hopp tok bronse i VM i stor bakke i Oberstdorf i år. Frå venstre: Silje Opseth, Anna Odine Strøm, Maren Lundby og Thea Minyan Bjørseth.
Publisert Sist oppdatert

No, når det nærmar seg 8. mars, vel eg å byrje denne kommentaren med å slå fast éin av særs få kjønnsskilnader vi ikkje får gjort noko med: Om vi ser stort og generelt på det, er menn sterkare enn kvinner. Det er ikkje noko kjekt. At muskelmassen hos ein vaksen mann utgjer kring 40 prosent av kroppsvekta, medan ei kvinne slit med å kome særleg over 32 prosent, står rett og slett fram, for meg, som skikkeleg urettferdig. Særleg i kombinasjon med den hersens feittprosenten som skal vere så mykje høgare i min kropp. Greitt nok at amming krev sine kaloriar, men kva skal ei moderne kvinne på toppen av næringskjeda elles med alt dette feittet?

Den biologiske verda er urettvis, men sosiale menneske treng ikkje legge seg ned og gråte for den del. Snarare tvert om: Sidan vi ikkje får gjort noko med denne beviseleg urettvise styrkeskilnaden, vert det ekstra viktig å ikkje gjere han viktigare enn høgst naudsynt.

Vi kan til dømes byrje med å kvitte oss med førestillinga om at fordi kvinner er mindre sterke enn menn, er vi svakare – i tydinga mindre robuste.

Slår eg inn opne dører no, seier du? Diverre ikkje. Vi skal sjå på nokre døme.

Ustolt idrettshistorie

Fyrst til idretten, og her drar vi verkeleg med oss ei brokete historie. Sjølvaste nasjonalsporten, langrenn, var til dømes høgst motvillig til å sleppe kvinner til – Noreg var einaste nasjon som stemde mot kvinnelangrenn på programmet til OL i Oslo i 1952. Ikkje berre var det ukvinneleg med damer som pusta og pesa og sleva etter målstreken, kvinner måtte ikkje anstrenge seg slik, det var ikkje godt for dei, og framleis er tremila lengste distanse i kvinnelangrenn. Kvinner får ikkje gå noka femmil.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement