Kommentar

Lat stortinget gråte over mjølketapet

Norsk mjølkeproduksjon skal kuttast med 100 millionar liter. Bønder og byråkratar kan ikkje aleine få ansvaret for korleis det skal gå til.

Publisert

KOMMENTAR

Mykje kan synast rart i norsk landbrukspolitikk. Nett no, til dømes, samstundes som det stadig står i så å seie alle partiprogram at sjølvforsyningsgrada i Noreg må opp, sit bondeorganisasjonane og Landbruks- og matdepartementet og tingar om korleis dei skal redusere kumjølkproduksjonen med 100 millionar liter dei neste par åra.

Nett det er likevel ikkje så rart som det fyrst kan høyrast ut. Tvert om er det mest av alt eit døme på kor langt kvardagen somme tider er frå festtalane: Årsaka til mjølkekuttet er at Tine må slutte å produsere subsidiert Jarlsberg-ost for eksport.

Dei fleste er samde i at subsidierte landbruksprodukt ikkje har noko på verdsmarknaden å gjere. Altså må mjølkemengda som har gått med til Jarlsberg-eksporten, omprioriterast: Og når det alt i dag vert produsert meir mjølk enn vi klarar å nytte i Noreg, lyt ein redusere produksjonen.

Det som derimot er litt rart, er at situasjonen ikkje får større merksemd. Sjølv i Nationen og Bondebladet er det bøndene sjølve som finn det naudsynt å diskutere situasjonen og korleis ein best kan løyse han.

Hei, alle stortingspolitikarar som gjennom våren og i valkampen har snakka fint om norsk mat av norske ressursar, halde talar og vore i debattar om eit meir klima- og dyrevenleg norsk jordbruk! Var det ekte engasjement bak dei fine orda? I så fall er det på tide å finne det fram no, for dette er kvardagen, dette er den viktigaste utfordringa norsk landbruk no står overfor: Korleis skal norske mjølkebønder klare å kutte 10 prosent av produksjonen utan å stå ribba igjen?

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement