Kommentar
Lat oss jorde klimateknologien
Sjølv ikkje klimavenleg teknologi slepp unna å vere del av eit krinslaup om han vil vere ein del av løysinga.
Spør du meg, kan Noregs vestlegaste by droppe fyrverkeriet under nyttårsfeiringa i år. Ikkje av omsyn til smittevernet, for ein gongs skuld, men fordi det ikkje vert noko spesielt ved blinkande, eksploderande lys på himmelen. Ikkje i år, og ikkje komande år heller, kan det sjå ut til.
Nattehimmelen nord for Florø har nemleg fått selskap av 47 nye vindturbinar. Og når det vert mørkt, byrjar dei å blinke. I kvitt og raudt lyser dei opp fjelltoppen ein augneblink – før dei vert vekke. Lyser opp – og vert vekke. På – og av. Heilt til morgonlyset kjem og tek over. Tru meg: Det ser heilt sprøtt ut. Mykje sprøare enn eg kunne sett føre meg.
Ikkje at eg burde ha sett det føre meg. Kor mange av oss var klar over at 10 prosent av straumproduksjonen vår skulle kome frå vindturbinar om få år? Korleis enda Noreg som ein vindkraftnasjon?
Frampeik
Det var i alle fall ikkje av omsyn til naturen, om aldri så mange miljøorganisasjonar har støtta utviklinga av teknologi og høg utbyggingstakt. Nei, vi pøste på med grøne sertifikat og gunstige støtteordningar for å verte om ikkje fyrst – Tyskland var store på vind lenge før oss – så i det minste tidleg ute i dette nye energikappløpet.
Korleis det kjem til å gå, kan vi få eit lite frampeik på om vi ser på til dømes Tyskland, verdas største vindkraftnasjon: Ikkje på tjue år har det vorte sett opp så få vindturbinar i Tyskland som i 2019. Kvifor? Fordi folk ikkje vil ha dei. Over 600 protestgrupper gjer det dei kan for å hindre stadig meir konkurstruga vindkraftselskap i å sette opp 130 meter høge turbinar i nærleiken av der folk bur.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.