Kommentar

Kva for eit samfunn er vi om vi ikkje kan flagge for kjærleik?

Publisert Sist oppdatert

«Historia er ikkje noko du ser attende på og seier at ho var uunngåeleg. Ho hender fordi menneske tar avgjerder som nokre gongar er særs impulsive og i augeblikket, men desse augeblikka er kumulative realitetar», har den amerikanske homoaktivisten og sjølverklærte dragdronninga Marsha P. Johnson sagt ein gong (mi omsetting).

Er alle regnbogeflagga som den komande månaden vil vaie frå alle dei kommunale, fylkeskommunale og statlege flaggstengene kringom i Noreg, eit døme på dette?

Eg finn iallfall inga overordna, nasjonal utgreiing om kva slags flagg og faner som kan heisast i ei offentleg eigd flaggstong. Heller inga grunngjeving for kvifor eller korleis det vart slik at nett regnbogeflagget no skal henge oppe på alle vidaregåande skular i heile juni i Vestfold fylke, medan verken dei eller dei fleste andre offentlege institusjonar med flaggstong flaggar på kvinnedagen 8. mars, FN-dagen 24. oktober (verken med FN-flagget eller nasjonalflagga), verdsdagen for Downs syndrom 21. mars, for sjølvmordsførebygging 10. september eller for psykisk helse 21. oktober.

Lovendring utan ord

Ja, det vart lettare for lokale styresmakter å heise alle slags flagg og faner etter at Solberg-regjeringa i 2021 gjorde om på lov om flagging på kommunenes offentlige bygninger: I praksis gjorde ikkje endringa anna enn å tillate bruk av anna enn norsk, samisk, kommune- og fylkesflagg på ein offentleg bygning, også dersom det ikkje var i tilknyting til eit arrangement i den same bygningen.

Men det var meir enn tydeleg at det var den nye, veksande bruken av regnbogeflagget – også kalla prideflagget – som låg bakom: Alt i 2020 sa dåverande kommunal- og moderniseringsminister Nikolai Astrup (H) til VG at bakgrunnen for lovendringa var alle spørsmål han hadde fått frå kommunar kring reglar for bruk av flagg ved arrangement som pride: «Det er på høy tid at vi moderniserer lovverket.»

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement